Hopp til innhold
Kronikk

Riksmål gjev ikkje mangfald

I Språkåret 2013 bør vi synleggjere mangfaldet som Riksmålsforbundet alltid har kjempa mot. Det er naturleg at språka som blir fortrengde av bokmålet får ein stor plass, skriv forfattar Kristina Leganger Iversen.

Nynorsk demonstrasjonstog

'Målrørsla har vore med på å prege heile den norske kulturen. Det er naturleg at språk som lett blir fortrengde av bokmålet får stor plass i Språkåret 2013', skriv Kristina Leganger Iversen. Her demonstrerer målrørsla.

Foto: MMS:

Riksmålsforbundet er furtne fordi dei meiner Språkåret 2013 er blitt eit «nynorskår». Det er lagt for lite vekt på bokmål, seier leiaren i Riksmålsforbundet til Kulturnytt, og hevdar vidare at dei ikkje er blitt inviterte med i den store feiringa. Eg arbeider korkje i Språkåret 2013 eller Riksmålsforbundet, og veit sjølvsagt ikkje noko om telefonar som har, eller ikkje har, ringt, eller brev som er, eller ikkje er, sendte. Kanskje har Språkåret 2013 stengt Riksmålsforbundet ute, og kanskje burde nynorskfolk av eiga røynsle vite betre.

Men kvifor vil eigentleg Riksmålsforbundet vere med å feire? Har dei så mykje til overs for språkleg mangfald?

LES: Språkåret 2013 åpnes i Kristiansand

Bokmål har ein naturleg plass

Språkåret 2013 er ei feiring av det norske språkmangfaldet. Utgangspunktet er at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Mangfaldet blir feira som eit positivt trekk ved den norske kulturen, og språkleg ulikskap som ei kjelde til kulturell rikdom. I Språkåret 2013 skal vi feire alle språk som pregar det norske: Begge målformene (bokmål og nynorsk), dei samiske urspråka, dei nasjonale minoritetsspråka (som kvensk, romani og romanes), dei nye innvandrarspråka, det norske teiknspråket, og alle dei norske dialektane.

Bokmålet er eit majoritetsspråk, og skal vi syne mangfaldet må vi få fram alle dei andre, mindre språka som pregar kulturen og kvardagen vår.

Kristina Leganger Iversen, forfattar

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

I programmet til Språkåret har både bokmål og riksmål tilskipingar, sjølv om fokus ligg meir på nynorsk, dialekt, og minoritetsspråka. At bokmål har ein plass i feiringa, er sjølvsagt: Å feire tospråkssituasjonen er eit av hovudpunkta under feiringa. Men skulle bokmålet åleine dominere Språkåret 2013, ville det stri mot måla for feiringa. Bokmålet er eit majoritetsspråk, og skal vi syne mangfaldet må vi få fram alle dei andre, mindre språka som pregar kulturen og kvardagen vår. Språk som lett blir fortrengde av bokmålet i dei fleste fora. Det er småleg av Riksmålsforbundet å ikkje unne desse språka fokuset dei får, i Språkåret 2013.

Målrørsla og underdogen

Sjølv gler eg meg til å feire mangfaldet. Noko av det eg liker best med landet vårt, er det rike dialektmangfaldet, og den doble språk- og litteraturtradisjonen vi har hatt dei siste 150 åra.

Denne rike og rause språksituasjonen har på ikkje noko vis kome av seg sjølv. Han er mellom anna eit resultat av ein lang tospråkssituasjon, der underdogen, nynorsken, og forkjemparane for han, målrørsla (med ungdomslaga og bondereisinga som sidekicks), har vore med å prege heile den norske kulturen.

LES: Folket verdset nynorsken sin far

Betre på riksmål?

Eit godt døme finn vi i kampen for dialekt. Ikkje berre har vi eit stort munnlegg dialektmangfald, men vi har òg ein tradisjon for å nytte dialekt og dialektpreg i litteraturen. I dag gjev fleire av våre leiande forfattarar ut bøker der dialekt pregar skriftspråket. Øyvind Rimbereid er kanskje den mest kjente blant poetane som nyttar dialekt, både i «Solaris Korrigert» og «Jimmen», men òg mange av våre mest lovande unge poetar gjer dette: Aina Villander nyttar grenlandsdialekten i «Langsang», Morten Langeland nyttår sørlandsdialekten i «ÆÆÅ», og Erlend Nødtvedt nyttar bergensk i «Bergens beskrivelse».

Når målrørsla i alle år har kjempa for mangfald i tale og skrift, kjem dette heile den norske kulturen til gode.

Kristina Leganger Iversen, forfattar

Verd å merke seg er det at desse tre unge forfattarane i utgangspunktet er bokmålsbrukarar. Eg lurar på om Riksmålsforbundet trur bøkene deira ville vore betre, om dei var skrivne på riksmål? Sjølv er eg viss på at språkmangfaldet gjer kulturen vår rikare. Når målrørsla i alle år har kjempa for mangfald i tale og skrift, kjem dette heile den norske kulturen til gode.

LES: Det norske teatret 100 år

Motsetningar

Mangfald og bokmål treng ikkje å stå i noko motsetnadsforhold. Men mangfald og riksmål er nett motsetningar. Riksmålsforbundet har dei siste 50 åra hatt stor suksess med å arbeide for ei konservativ, trong bokmålsnormering, og dei har langt på veg fått fjerna dei fleste formene som har rot i talemålstradisjonar frå stor-Austlandet utanfor Oslo-vest: Bort med a-endingar og mindre fine former.

Mangfald og riksmål er nett motsetningar.

Kristina Leganger Iversen, forfattar

Det er synd. Ikkje minst fordi det konservative riksmålet har påverka talemålet, særskilt i austlandsområdet, til å bli riksmålsnært. Det trugar dialektmangfaldet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Blir møtt med hets

I dag skriv fleirtalet bokmål, og språket som ein gong var dansk er blitt norsk. Sånn er verda, språk og fenomen flyttar seg over landegrenser og endrar karakter. Heldigvis er språket vårt ein del av kulturen, og kultur er noko vi skapar saman. Vi har sjansen til å skape ein språkkultur som er raus, open, og med rom for skilnader. Skal vi gjere det, må vi kjempe for retten til å velje fritt og annleis. Vi må kjempe for dei som vil bruke samisk, kvensk, romani, romanes, nynorsk, og for eit bokmål som er ope for ord og bøyingar frå andre plassar enn Oslo vest. For alle oss som vil ha mangfald, er Riksmålsforbundet dårlege allierte.

Dei som vel å uttrykke seg annleis, blir framleis møtt med hets.

Kristina Leganger Iversen, forfattar

Å vere open for at folk skriv og pratar ulikt, er å vere open for at folk er ulike. I Noreg har vi kome langt i denne kampen, sjølv om mykje står igjen, ikkje minst for brukarar av dei samiske språka. Dei som vel å uttrykke seg annleis, blir framleis møtt med hets. Kampen om mangfaldet er ikkje vunne.