NRK Meny
Replikk

Ribberabalderet

Det burde ikkje overraske nokon at ribba vi et i jula, ikkje er norsk. Noreg har sjølv reidd opp ei juleseng av tysk ribbe.

Ribbe

Ei av fem juleribber er importerte, skriv kronikkforfattar Siri Helle.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er eit enormt engasjement for norsk juleribbe for tida. Ei av fem juleribber er importerte, syner Nationen, og på Coop finn vi nærast ikkje norsk ribbe i det heile. Det burde ikkje overraske nokon: Held vi fram med å bygge ned det norske jordbruket ved å ikkje betale det produkta er verde, er det denne kvardagen vi går inn i.

Kvar dag vert det lagt ned sju gardsbruk i Noreg. I 1969 var det 40.000 bruk med slaktegrisar i Noreg. I 2010 var det 2200. Effektivisering har gjort at volumet som vert produsert, er om lag det same no som då, men lønsemda har ikkje gått same vegen. Større bruk krev større investeringar og høgare gjeld. Gjennomsnittsløna til ein gardbrukar har relativt sett ikkje endra seg på 30 år.

Fire av ti bønder er redde dei ikkje har nokon til å ta over garden. Det er ikkje så rart når arbeidstimane er det dobbelte og løna den halve av det odelsborna kan rekne med i andre næringar.

LES OGSÅ: Skuldast ribbemangelen lavkarbo-trend eller grillsesongen?

Skremmande enkelt eller berre skremmande?

Det heile er både skremmande enkelt og berre skremmande. Det enkle er forklaringa: Kvifor er det for lite ribbe i den norske marknaden? Fordi vi kjøper for mykje ribbe i forhold til andre stykningsdelar på grisen (kvar gris har berre to ribber). Kvifor kjøper vi så mykje ribbe? Fordi den er så billeg.

Kvifor kjøper vi så mykje ribbe? Fordi den er så billeg.

Siri Helle, journalist og forfattar

Det skremmande er korleis vi stiller oss til det: Vi lagar pølse av ribbe, fôrar ribbe til hundane våre og et stadig fleire ribbemåltid i løpet av ei førjulstid. Kvifor ikkje, når det er om lag det billegaste kjøtet ein får tak i?

Det er eit temmeleg absurd fenomen i matmarknaden at dei produkta som er mest etterspurde, er dei billegaste. No går Norgesgruppen ut og orsakar billegribba. Det er bra og syner samfunnsansvar – sjølv om det står att å sjå kor lenge ansvaret varer. Alle grisane som vert slakta for å bli til ribbe, har både nakke, lår og kotelettar som på eit tidspunkt må omsetjast. Til kva pris vert dei selde?

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Twitter

Eit barnsleg førjulsmysterium

Kanskje burde norske forbrukarar som handlar ribbe på tilbod, òg vurdere ei orsaking? Når kjem oppropet for dei som ynskjer å forplikte seg til å betale det maten er verdt? Vi byrjar å bli merksame på kva vi mistar av kontroll og tryggleik når vi sluttar å produsere vår eigen mat. Det er på tide å omsette den kunnskapen i handling.

Når kjem oppropet for dei som ynskjer å forplikte seg til å betale det maten er verdt?

Siri Helle, journalist og forfattar

Kva er det dyraste kjøtproduktet i daglegvarebutikken din? Eg skal ikkje seie at det aldri finst ein eller annan indrefilet som kostar meir, men ein skal ikkje sjå vekk frå at ein kilopris på mellom 350 og 400 kroner kjem temmeleg høgt opp på statistikken. Kva for eit produkt eg snakkar om då? Tørka griseøyre. Til hundefôr, det òg. Hundane våre skal nemleg ha det beste. Ungane våre er det derimot ikkje så farleg med.

Noreg har sjølv reidd opp ei juleseng av tysk ribbe. Likevel klagar vi når vi må ligge i den. Det heile er eit barnsleg førjulsmysterium.