Kronikk

Respekt for religion?

Det eg fryktar mest i åra som kjem er ikkje at muslimar får framståande posisjonar i Norge, men at religion vert feia bort frå det offentlege rom, skriv Emil André Erstad i KrFU.

Bønnetepper i idrettshall

Det er viktig å ikke fjerne religion fra det offentlige rom, mener Emil André Erstad.

Foto: Sylvi Liljegren / NRK

I forbindelse med at Hadia Tajik vart utnemnt til kulturminister, har enkelte sagt at dei fryktar for utviklinga dersom personar med muslimsk tru skal få framståande posisjonar i Norge. Som kristendemokrat er det ei frykt eg ikkje deler.

At vi har rom for menneske som trur, òg særleg i i framståande posisjonar, er eit teikn på at religionsfridomen lever godt i Norge. Eg fryktar derimot at sterke krefter vil jage religiøse menneske ut av den offentlege arenaen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Den aggressive sekulariseringa

Det er den aggressive sekulariseringa som er det største problemet for trus- og religionsfridomen i Norge. Den gir seg utslag i ei misforstått oppfatning om at eit sekulært samfunn ikkje har plass til religion i offentlegheita.

Eg fryktar at sterke krefter vil jage religiøse menneske ut av den offentlege arenaen.

Emil André Erstad, 1. nestleiar i KrFU

Eg meiner derimot at likebehandling av religionar og livssyn bør vere målet for eit moderne, sekulært samfunn – ikkje bortgøyming.

Det er grunnen til at vi må tillate bønnerom i skulen og rituell omskjering av guteborn. Vi må ta religion på alvor i lærarutdanninga og vi må ikkje sende kristne konvertittar tilbake til Afghanistan og Irak med beskjed om «å ligge lågt».

Mindre toleranse

Seinast for nokre få veker sidan kunne ein i Vårt Land lese om ein elev ved Årstad vidaregåande skule i Bergen, som låg i gangen og ba fordi ho ikkje fekk låne eit rom. Skuleleiinga på skulen uttalte at religion er ei privatsak, som «ikkje høyrer heime i skulen». Skulebyråd for Høgre i Bergen, Harald Victor Hove, uttalte til Bergensavisen at han er kritisk til bønnerom i skulen. Han meiner eit auka fokus på religionar kan skape konfliktar – og seier at tru difor bør praktiserast i heimen eller i gudshus.

Kristne elevar som vil be og ha andakt saman i friminutta, har blitt nekta å gjere det fordi skuleleiinga meiner religion ikkje passar inn i det offentlege Norge anno 2012.

Signalet er tydeleg at religionen skal gøymast bort eller leggjast i ei skuff. Vi får berre håpe at begge tilfella i beste fall var ubevisst, ideologisk skivebom frå Høgre-politikarane.

Emil André Erstad, 1. nesteleiar i KrFU

I Oslo vart muslimske elevar ved Ulsrud vidaregåande skule forvist til parkeringsplassen for å be – ei avgjerd som vart gjort med støtte frå skulebyråd for Høgre i Oslo, Torgeir Ødeaard.

Signalet er tydeleg at religionen skal gøymast bort eller leggjast i ei skuff. Vi får berre håpe at begge tilfella i beste fall var ubevisst, ideologisk skivebom frå Høgre-politikarane.

LES HØYREPOLITKERS KRONIKK: Nei til bønnerom i skolen

Treng ikkje ta omsyn?

Nokon som vil gå endå lenger i å innskrenke religionsfridomen for norske borgarar, er både Senterpartiet, Barneombodet og AUF. Dei vil forby jødar å omskjere guteborna sine – som har vore ein sterk jødisk tradisjon gjennom tusenvis av år. Barneombodet og AUF vil rett nok “berre” innføre 15-års aldersgrense på inngrepet – som i praksis betyr eit forbod mot jødane sitt ritual. For dei fleste norske jødar er den rituelle omskjeringa ein så viktig del av deira religion, at eit forbod vil tvinge dei til å flytte ut av landet.

Når ein ser argumentasjonen er det nesten så ein byrjar å lure på om politikarane trur det er så få religiøse i vår tid, at ein ikkje treng å ta omsyn til dei som framleis tilber ein gud.

Å tru det, er derimot ein farleg tanke som trakkar på religionsfridomen.

Av og på-knappen finst ikkje

Eit anna døme på at norske raudgrøne politikarar undervurderer religionen sin betydning for enkeltmenneske er Utlendingsnemda (UNE) sin praksis om å be konvertittar ligge lågt med trua si, når dei vert sendt tilbake til heimlanda sine.

Det er oppsiktsvekkjande og bekymringsverdig at den øvste politiske leiinga i Norge trur folk berre trykke på ein «av og på»-knapp når det gjeld religionen og trua si.

Emil André Erstad, 1. nestleiar i KrFU

Det er dokumentert at norske styresmakter gjennom fleire år har sendt kristne konvertittar tilbake til land som Afghanistan og Irak, der det er dødsstraff for å konvertere til kristendommen. Justisminister Grete Faremo har stadfesta og forsvart praksisen i Stortinget. Det er oppsiktsvekkjande og bekymringsverdig at den øvste politiske leiinga i Norge trur folk berre trykke på ein «av og på»-knapp når det gjeld religionen og trua si.

Trass i at fleire framande kulturar sitt aukande nærvær i det norske samfunnet aktualiserer religion som fenomen, har regjeringa vald å gjere skulefaget RLE til eit valfag på lærarutdanninga. Vi treng lærarar som forstår kvifor nokon ikkje feirar bursdagen sin, kvifor alle ikkje kan få i lekse å teikne ein gris og kvifor ikkje alle konfirmerer seg. Det er tydelegvis ikkje den raudgrøne regjeringa einig i.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Respekt for religion

Så, tilbake til utnemninga av Hadia Tajik til kulturminister tidlegare i haust. Ho er den første muslimen i historia som er vorte utnemnt til statsråd. Som barn pugga ho koranvers, men ho song òg norske salmar på ein av Norsk Luthersk Misjonssamband sine barnehagar i Rogaland.

Som eit heiderleg unntak i dei raudgrøne partia, ser ho ikkje grunn til å gøyme bort ein viktig del av identiteten sin. Ho er eit eksempel til etterfølging.

Å ville skape eit samfunn utan rom for tru er ringakt for menneskeleg natur. Religion, tru og livssyn er ein viktig og essensiell del av menneskenaturen, og vil derfor vere ein viktig del av eit kvart godt samfunn. La oss håpe at det i framtida òg kan gjelde det norske. Eit samfunn utan plass for religion er eit samfunn utan plass for mennesket.