Hopp til innhold
Kronikk

Rapport frå hengemyra

Faste årlege budsjettkutt betyr ikkje meir effektivt byråkrati. Det betyr dårlegare tenester.

Tomt kontor

Tomme kontor og ubesatte stillingar gjer ikkje byråkratiet meir effektivt. Dei strenge kutta som høvlar ut osteskiver frå løns- og driftsbudsjettet, gjer at verksemda blør kompetanse og gjennomføringskraft for kvart år som går, skriv kronikkforfattarane. (Ill.foto)

Ein utsliten byråkrat sit på kontoret i eit direktorat i Oslo og sveittar over rapportar, kaffikoppar og sakshandsaming. Etter nokre få år som statstilsett er ho allereie ein av dei med lengst ansiennitet i sin seksjon. Oppgåvene vert fleire, medan kollegaene vert færre. Utskiftinga har vore enorm, og ho har brukt tid på å læra opp nye vikarar og nytilsette fleire gongar i året sidan ho starta.

Som ung har ho begynt å få innsikt i strukturane som rår i den statlege forvaltninga, og det er avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma) som gjev mest grunn til uro. Når ho i tillegg les at Stein Lier-Hansen i Norsk Industri vil kutta endå meir og at arbeidsplassen hennar ifølgje han ikkje er produktiv nok, vert ho heilt motlaus.

Kompetansen forsvinn

Dei strenge kutta som høvlar ut osteskiver frå løns- og driftsbudsjettet, gjer at verksemda blør kompetanse og gjennomføringskraft for kvart år som går. Allereie utfordrande budsjettprosessar er lagt under endå større press, slik at ein gong på gong må heilt ned på detaljnivå for å spara inn nokre tusenlappar på avisabonnement eller utsetting av naudsynte tiltak.

Kvaliteten på tenestene me leverer til staten og til det norske folk vert dårlegare for kvart år.

Folk som sluttar vert ikkje erstatta. Dermed rammar nedbemanning heilt tilfeldig i dei seksjonane kor nokon skiftar jobb eller pensjonerer seg.

Om ein definerer effektivisering som at ein betaler ut færre kroner i løn og dermed kostar mindre, fungerer denne reforma strålande. Direktoratet på sparebluss er slik sett det mest effektive ein kan få for skattekronene. Men det er ikkje slik at ein tyner meir ut av kvar krone. Ein får berre det ein betaler for.

Bremsar utviklinga

Det som skjer er at kvaliteten på dei tenestene me leverer til staten og til det norske folk vert dårlegare for kvart år med ABE-kutt. Lista med prosjekt som burde vore gjennomført, men som aldri ser dagens lys, vert lengre. Analysar og kontroll vert nedprioritert, og ein får nøya seg med minimumskravet: få unna sakshandsaminga. Langsiktige forbetrings- og utviklingsoppgåver ryk til fordel for å berre halda hjula i gong.

Det koronakrisa verkeleg har vist oss, er kor viktig det er å ha ein stødig offentleg sektor.

Ifølge logikken til Stein Lier-Hansen må me svekka det offentlege for å styrka det private, og han skriv i Klassekampen 11. juni at effektiviseringa i forvaltningen må vera ein dugnad. Om det han prøver på er å bruka koronakrisa som ei politisk brekkstang for å senka budsjetta til staten endå meir drastisk enn ABE-kutta allereie gjer, er det ei dårlig forkledd utnytting av ei krise for å pressa gjennom sin eigen agenda.

Noko av det koronakrisa verkeleg har vist oss, er kor viktig det er å ha ein stødig offentleg sektor er for å ivareta både samfunnsstrukturar og dei verksemder og enkeltmenneske som vert hardast ramma når noko slikt skjer.

Lier-Hansen meiner at det meste bør gjerast om til private verksemder, fordi dei, ifølgje han, er meir effektive. Myten om at jaget etter profitt på magisk vis gjer alt meir effektivt er rimeleg tynnsliten.

Me har ikkje behov for at fleire av skattekronene våre går i lomma på velferdsprofitørar som løner vaskepersonalet lågast mogleg, eller får ansvar for å stramma inn utgiftene til den teknologiske infrastrukturen i det offentlege.

Dårlegare tenester

Samstundes som at staten er avhengig av ein sterk privat sektor for å kunna fungera, er det like viktig at ein har ein velfungerande offentleg sektor som legg til rette for både økonomisk verdiskaping og verdiar i samfunnet som kanskje er mindre målbare i kroner og øre.

Høgresida i politikken har alltid likt å framstilla byråkratiet som seigt, kostbart og lite effektivt. Me opplever at dei som jobbar i dette byråkratiet, «dei treige» byråkratane, er nytenkande, kvalitetsbevisste og omstillingsdyktige arbeidstakarar, og den rådande politikken presser oss lenger og lenger ned i ei hengemyr.

Den rådande politikken presser oss lenger og lenger ned i ei hengemyr.

Det effektiviserer ikkje ein avdeling å la vera å tilsetja nokon nye. Eller å venta i eit halvt år før ein lyser ut stillinga som skal erstatta ein som pensjonerer seg, slik at vikaren, som har brukt eit år på å opparbeida seg relevant kompetanse, går tom for tolmod og sluttar.

Ein tappar verksemda for kompetanse. Kompetanse som burde vore tatt vare på, men som no forsvinn ut i jobbmarknaden fordi me ikkje har ressursar til å ta vare på dei som tilfører byråkratiet innovasjon og engasjement.

Ingenting vert betre for brukarane til byråkratiet om nye, effektive søknadssystem vert utsett eller får dårlegare grensesnitt, fordi ein ikkje har tid eller pengar til å ferdigutvikla dei digitale løysingane på ein god måte.

Det vert heller ikkje billigare for staten om ein må definera det som tidlegare var ordinære stillingar, som prosjektstillingar, berre fordi desse kan lønnast utanfor ordinært driftsbudsjett. Men dette er dei direkte konsekvensane av ABE-politikken.

Nedbemanning rammar heilt tilfeldig.

Dette gjeld ikkje eitt enkelt direktorat. Dette gjeld alle direktorat og andre statlege etatar. Domstolane har ikkje nok ressursar til å straffeforfølga kriminelle, sakshandsamarar i Nav har ikkje tid til å følga opp vedtak, og byråkratar i direktorat og departement har klagehandsamingstid på fleire år.

Problemet er ikkje at ein ikkje er i stand til å effektivisera fort nok eller smart nok i ei enkelt verksemd. Problemet er at alle verksemder i det norske byråkratiet har vorte sett under eit press som gjer at dei må inngå for mange kompromiss som går ut over kvaliteten på leveransane.

Billegare er ikkje betre

ABE-reforma gjer at når kollegaen på nabokontoret ikkje gidd dette hardkøyret lenger og får seg ny jobb, må dei andre som vert sittande gjera oppgåvene hans òg det neste halvåret. Med andre ord er kompetansetapet sjølvforsterkande. Når ein vert sittande med endå fleire av dei grunnleggjande og kanskje litt rutineprega oppgåvene, som skal gjerast utan meir enn dei heilt naudsynte ressursane, får ein gjerne litt meir lyst til å følga straumen og slutta sjølv.

Oppgåvene vert fleire, medan kollegene vert færre.

Samstundes pustar leiarane letta ut fordi dei kjem eit skritt nærare å klara avdelingsbudsjettet. Om litt fleire sjukemelder seg på grunn av den usunne arbeidsmengda, slik at arbeidsgjevar får litt refusjon frå Nav, og alle berre strammar inn livreima fram til hausten, kan det henda me får råd og tid til å fokusera på å levera på samfunnsoppdraget som verksemda er her for å gjera ein gong til neste år.

Men då kjem jo ABE-kuttet for 2021, så det er nok berre å gløyma.