NRK Meny
Kronikk

Pass vinklinga, NRK

Er det tilfeldig at Marit Bjørgen blir beden om å passe vekta medan Bjørndalen og Svendsen ikkje blir det? Neppe. Vi må snakke om kjønn. Igjen.

Marit Bjørgen i Olympiske leker i Pyeongchang 2018.

«Fokus på matinntaket og vekta til ei av dei største idrettsstjernene våre er ein potensielt farleg veg å gå når vi veit at eteforstyrring er eit utbreidd problem innan idretten», meiner kronikkforfattaren. Her har Marit Bjørgen teke OL-gull i klassisk 30 km i Pyeongchang tidlegare i vinter.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er tid for avskil med norske skiheltar. Dei aller største – Bjørgen og Bjørndalen – blir hylla i alle kanalar. TV-program blir flytta, spalter rydda. Media overgår kvarandre i fantasifulle vinklingar, frå det interessante til det inkjeseiande, men også til det opprørande og farlege. Ei vinkling skil seg nemleg ut. NRK har leita opp ein professor som er bekymra for at kroppsvekta skal auke no når det blir slutt på hardtreninga. Gjett om det er den mannlege eller kvinnelege skihelten som er i fokus?

(Red.anm: Artikkelen det gjeld har i ettertid blitt redigert noko om, og ser derfor anleis ut no enn den første publiserte artikkelen og vinklinga kronikkforfattaren reagerte på i utgangspunktet.)

At Bjørgen og hennar fantastiske prestasjonar blir redusert til fokus på kropp, vekt og utsjånad synest eg er respektlaust og provoserande.

Nedlatande åtvaring

«Bjørgen kutter 600 timar med trening – må passe vekta» lyser mot meg frå mobilen og adrenalinet rushar ut i kroppen. Så Bjørgen må passe vekta. Jaså, NRK. De meiner at professorale formaningar om skijenter som må passe vekta er eit passande tema for Bjørgen-exiten. Samanhengen mellom kropp og vekt er understreka av eit bilde av ei lettkledd Bjørgen med ein bildetekst som understrekar det openberre: at Marit Bjørgen har ein flott kropp som er i god form.

I saka forklarer professoren at når ein reduserer treningsmengda drastisk, ja då må ein redusere matinntaket tilsvarande drastisk. Jaha. Ikkje eit vondt ord om professoren og hans kunnskapar, men ein slik enkel samanheng mellom energiinntak og forbruk er det eg vil kalle allmennkunnskap. Då kan det verke noko nedlatande at Bjørgen, tidenes vinterolympiar, blir åtvara av professoren.

Lettvint å vinkle på kropp

Eg har vanskar med og sjå nyhendeverdien i denne saka. Ei vennlegsinna tolking er at saka vart lagt ut med kampen om flest mogleg klikk som førande premiss. Altså meir eller mindre medvitslaust og ureflektert klikkåte, rett og slett eit arbeidsuhell. Men effekten av denne typen klikkåte er ikkje nokon bagatell. Det legg nok ein stein til børa i kampen for at kvinner skal bli tekne like seriøst som menn. Det er så lettvint å velje den kroppslege, overflatiske vinkelen når ein vil at ei sak om ei kvinne skal bli lesen. Miksen toppidrettsutøvar, kvinne og kropp gir sikkert mange klikk, men kva slags verdiar vert formidla her?

Å vurdere kvinnelege idrettsutøvarar etter utsjånad er ein så inngrodd uvane at ein kan bli matt av mindre.

At Marit Bjørgen og hennar fantastiske prestasjonar blir redusert til fokus på kropp, vekt og utsjånad synest eg er respektlaust og provoserande. Fokus på matinntaket og vekta til ei av dei største idrettsstjernene våre er ein potensielt farleg veg å gå når vi veit at eteforstyrring er eit utbreidd problem innan idretten.

Eit ekko frå fortida

Oppslaget signaliserer at verdien av Marit Bjørgen er sterkt knytt til vekta hennar. Det er neppe av omsyn til helsa hennar at journalisten fokuserer på at ho må «passe vekta». Det nokså innlysande kvifor ikkje Ole Einar Bjørndalen eller Emil Hegle Svendsen blir utsett for slikt utsjånadspress. Kjedeleg, men sant, vi må snakke om kjønn, igjen.

Å vurdere kvinnelege idrettsutøvarar etter utsjånad er ein så inngrodd uvane at ein kan bli matt av mindre. Det er ikkje så lenge sidan kvinner ikkje skulle drive med idrett fordi dei vart sveitte og udelikate og det sømte seg ikkje for slike skjøre skapningar å bli andpustne. Skjemmande musklar kunne dei også få. Eit ekko av desse utdaterte haldningane finn vi i måten kvinner har blitt behandla på i hoppsporten. Dette skjer no. I 2018. Det er også no, akkurat no, at NRK finn det på sin plass å rope ut at Marit Bjørgen må passe vekta si. Eg har eit håp om at ei slik respektlaus vinkling vil støve ned i arkivet i framtida.

Direkte fra Alta. Programleder er Ida Nysæter Rasch.

Følg NRK Debatt på Facebook