Hopp til innhold
Replikk

Pass på deg sjølv, Halse

Du veit det nærmar seg val når SV byrjar å skremme med Frp i staden for å snakke om sin eigen politikk.

Sveinung Rotevatn

Ein har misforstått norsk politikk viss ein påstår at Venstre ligg «lengst til høgre» i ei rekkje saker, skriv Unge Venstres leiar Sveinung Rotevatn i denne replikken.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Dette innlegget er ein replikk til Andreas Halses innlegg «Høyre om for Venstre».

Å seie at ei røyst til Venstre er ei røyst til Frp er ei dristig retorisk linje å legge seg på. I alle fall når SV dei siste åtte åra har bevist at ei røyst til SV er ei røyst til både Ap og Sp – ei røyst til datalagringsdirektivet og inhuman asylpolitikk – for å følgje Andreas Halse sin eigen logikk.

Venstre har mellom anna gjennom byrådssamarbeidet i Oslo vist at ei røyst til Venstre er – kven skulle trudd – ei røyst til Venstre. Det borgarlege byrådet har ikkje innført meldeplikt for tiggarar, det skal byggje nytt Deichmanske bibliotek i Bjørvika, og satsar ambisiøst på kollektivtrafikk og kultur.

Å røyste Venstre ved stortingsvalet til hausten er å røyste for kultursatsing og viktige humane verdiar. Det er ei røyst til varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, kunnskapsrike lærarar og fleire togavgangar.

Kart og terreng

Det er ikkje noko nytt at det er til dels stor politisk avstand mellom Venstre og Frp. Samstundes kan det vere nyttig å nyansere biletet noko. Då Venstre forhandla fram klimaforliket på Stortinget, var til og med Frp villige til å gå lenger enn dei raudgrøne i de fleste spørsmål.

Venstre har mellom anna gjennom byrådssamarbeidet i Oslo vist at ei røyst til Venstre er – kven skulle trudd – ei røyst til Venstre.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Dette førte til at Frp vart utestengte frå vidare samtalar, som ein føresetnad for at dei raudgrøne skulle halde fram forhandlingane. Det er nemleg avgjerande for dei raudgrøne at Frp framstår verst mogleg, for nettopp å kunne nytte argumentasjonen som Halse nyttar i sitt innlegg. Eit Frp som pressar SV i miljøvenleg retning ville ikkje tatt seg så pent ut, for å seie det varsamt. Og når kartet ikkje lenger høver så godt til terrenget, er det tydelegvis best å klamre seg til kartet.

Venstre tok eit klårt standpunkt på landsmøtet i fjor: Vi vil først og fremst samarbeide med Høgre og Krf, og meiner ei slik regjering vil gje dei beste resultata for landet. Men etter åtte år med lite satsing på miljø og framtidige generasjoner, feil retning i skulepolitikken og ein næringspolitikk som ikkje sikrar verdiskaping og arbeidsplassar, er Venstre villige til å samtale med alle opposisjonspartia for å sikre eit skifte.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Høgrebølgja med stor eller liten h?

Vi lever i ei interessant politisk tid. Det nærmar seg stortingsval, og Høgre gjer det historisk godt på målingane. Valet kan ende med ein ny Høgrebølgje – Høgrebølgje med stor H. Det vil nok føre til eit regjeringsskifte. Men utan eit sterkt Venstre, får ein ikkje ei regjering som prioriterer miljøet, asylborna eller elevane. Det er skilnad på ei mørkeblå regjering og ei blågrøn regjering, og det er opp til veljarane kva valør den nye regjeringa får.

Eit Frp som pressar SV i miljøvenleg retning ville ikkje tatt seg så pent ut, for å seie det varsamt.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Ein annan interessant trend i dagens politiske røyndom er at SV sitt eige ungdomsparti også ser ut til å bli trekt med i høgrebølgja – med liten h. Under Halse sin leiarskap har SU bedt moderpartiet nedprioritere skulepolitikken, stoppe «fri flyt av kriminelle over grensene» og snakke meir om tungindustri og kraftsosialisme. Vel er det bra at SU ikkje snakkar så mykje om revolusjon lenger, men den revolusjonen dei no tek til orde for i sitt eige moderparti er i alle fall ikkje særleg framtidsretta.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Svarte statsrådsbilar

Eg er samd med Raymond Johansen: Veljarane har nok gått lei den raudgrøne regjeringa og vil ha skifte. Verdas heldigaste regjeringa har smørt rekordmykje oljepengar tynt utover dei fleste sektorar, men har ikkje makta å prioritere noko som helst. Aller minst framtida.

Når kartet ikkje lenger høver så godt til terrenget, er det tydelegvis best å klamre seg til kartet.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Ein har misforstått norsk politikk viss ein påstår at Venstre ligg «lengst til høgre» i ei rekkje saker. Venstre jobbar for moglegheiter for kvart enkelt menneske, eit grønt skatteskifte og ein velferdspolitikk som set folk først. Venstre står opp for asylborna, verdas fattige, Norges fattige og sårbar natur. Vi kjem aldri til å kompromisse på grunnleggjande spørsmål for å kunne køyre svarte statsrådsbilar. Vonde tunger vil kanskje seie: i motsetnad til SV.