Hopp til innhold
Kronikk

På botnen av samfunnet

I dag går 120.000 norske elevar på jobb for å støtte utdanninga til ei av verdas mest neglisjerte og diskriminerte grupper. Det burde kvar og ein av dei vere stolte av, meiner Thor Olav Iversen, som skriv masteroppgåve om kastelause i Nepal.

NEPAL An elderly woman clears the bricks as she searches for her belongings at the rubble where her house used to stand in Kathmandu

Dei kastelause står helst nedst i det hinduistiske kastehierarkiet. Her ei kvinne som ryddar unna ruinene av huset sitt i ein slum i Kathmandu.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Dei kastelause eller urøyrlege i Nepal står heilt nedst i det hinduistiske kastehierarikiet. Kastesystemet har tradisjonelt delt folkesetnaden i Nepal inn i grupper der yrke og sosial status går i arv. Inndelinga pregast av ein sterk dualitet mellom det reine og det ureine.

På toppen av hierarkiet finn vi prestekasten, og i den ureinaste enden er dei kastelause. Dei urøyrlege har tradisjonelt vorte tildelt yrke som i hinduistisk tradisjon blir rekna for å vere «skitne». Mange kastelause familiar har derfor i generasjonar arbeida i fattigmannsyrke som husmenn, gatefeiarar eller prostituerte.

Kontakt med kastelause «smittar»

Kastediskriminering vart i Nepal forbydt ved lov allereie i 1962, men er framleis framtredande i dei fleste sfærar av nepalsk samfunnsliv. Kastelause lever kortare enn andre nepalarar og færre av dei kan lese og skrive. Mangel på utdanning gjer at dei ofte ikkje har andre alternativ enn å fortsette i sine tradisjonelle yrke. Desse yrka har særs låg løn, og fangar mange av dei urøyrlege i ein vond sirkel av djup fattigdom.

Mange kastelause familiar har i generasjonar arbeida i fattigmannsyrke som husmenn, gatefeiarar eller prostituerte.

Thor Olav Iversen, masterstudent

Delar av diskrimineringa har sitt opphav i ei oppfatning om at kontakt med kastelause fysisk, eller via mat og drikke, «smittar» andre kastar med ureinske. Som følgje av smittefaren vert kastelause ofte nekta inngang til hus, tempel, restaurantar og kafear.

Det bidreg, saman med fattigdomen, til ei brei ekskludering frå det sosiale, politiske og religiøse livet i Nepal. Kastelause vert til trass for lovverket ofte også diskriminert i skulesystemet, til dømes ved å bli oversett av lærarar eller å få forbod mot å sitje med born frå andre kastar.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kastelause kvinner er verre stilt

Kastelause kvinner er på mange måtar verre stilt enn menn. I tilegg til deira status som urøyrleg, har dei ofte ingen kontroll over eigedom eller hushaldsøkonomien. Mange kastelause kvinner er også offer for overgrep, tvangsprostitusjon og trafficking. For Badi-gruppa med kastelause har prostitusjonen jamvel gått i arv som deira kasteyrke.

Diskrimineringa har opphav i ein oppfatning om at kontakt med kastelause fysisk eller via mat og drikke 'smittar' andre kastar med ureinske.

Thor Olav Iversen, masterstudent

Innan kvar av hovudkastene i kastesystemet eksisterer det ein stor variasjon kulturelle og etniske grupper. Desse gruppene blir ofte sett på som eigne etniske og kulturelle einingar, og giftar seg tradisjonelt internt i gruppene. Det eksisterer mellom anna over 20 offisielt anerkjente kastelause grupper i Nepal. Dei utgjer til saman om lag fire millionar menneske, over ein tiandedel av nepalsk folkesetnad. Nokre av gruppene er endå verre stilt enn andre.

Dobbel diskrimering

Musaharane held til i det nepalske låglandet, som flyt saumlaust i hop med dei nordindiske slettene. Det som skil ut Musaharane er at dei lid av ei dobbel diskriminering. Dei har på grunn av sine historiske og etniske band til Nord-India lenge vore mistenkt av nepalske styresmakter for å vere meir lojale til India enn Nepal. Som følgje av dette har mange av dei vorte nekta nepalsk statsborgarskap, til trass for at dei har levd i Nepal over generasjonar. Følgja er at ingen av dei har hatt lov til å eige jord, og at dei har vorte tvunge inn i landarbeidaryrke, samt småverksemd for ekstremt låge lønningar.

Vanlegvis tek nepalarar namn etter eigen kaste. Ettersom 'Musahar' tyder 'rottespisar', følgjer ikkje dei fleste av Musaharane denne tradisjonen.

Thor Olav Iversen, masterstudent

Vanlegvis tek nepalarar namn etter eigen kaste. Ettersom «Musahar» tyder «rottespisar», følgjer ikkje dei fleste av Musaharane denne tradisjonen. Namnet kjem av ei gamal og falsk oppfatning om at Musaharane lev av jordrotter, noko av det mest ureine ein kan ete i hindutradisjon. Mangelen på jordeigedom fangar Musaharane i ein endå verre situasjon enn mange andre nepalarar. Svært mange av dei lever derfor i ekstrem fattigdom og berre ein tiandedel kan lese og skrive.

Kva kan gjerast for å hjelpe?

Kva kan gjerast for å hjelpe dei urøyrlege i Nepal? I India har ein lenge drive sokalla positiv diskriminering. Dei kastelause har kvoter som i forhold til deira folketal sikrar ein proporsjonal representasjon i parlamentet, høgare utdanning og statsadministrasjonen. Vidare fekk India sin første kastelause president, Kocheril Raman Narayanan, allereie i 1997.

Utdanning hjelper. Det er klare indikasjonar innan fattigdomsforsking på at utdanning er eit av dei mest effektive hjelpemidla for å hjelpe kastelause økonomisk. Utdanning gir kastelause fleire jobbalternativ, og med fleire mogeligheiter kjem ein betra forhandlingsposisjonen, som kan hjelpe dei til å få betre løn og dermed heve seg opp av fattigdom.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Utdanning hjelp

Derfor seier eg: Ungdom, ver stolt av dykk sjølv i dag!

Thor Olav Iversen, masterstudent

Vidare set utdanning kastelause betre i stand til å forstå, fremje og hevde sine eigne rettar. Såleis set det dei også betre i stand til å delta i Nepals politiske liv, slik ein ser i aukande grad i India.

Norske elevars arbeid samlar i dag inn pengar til nettopp utdanningstiltak for kastelause i Nepal. Det kan hjelpe mange ut av fattigdom, og til å få realisert sine menneskerettar.

Derfor seier eg: Ungdom, ver stolt av dykk sjølv i dag! De gjer ein forskjell.