Hopp til innhold

Kva er det med Belgia?

Tre av gjerningsmennene bak Paris-terroren var belgiske statsborgarar, samtidig har Belgia fleire syriafararar enn noko anna europeisk land i høve folketalet.

Politiaksjon i Brussel.

«I høve folketalet har Belgia fleire syriafararar – i stor grad knytt til dei ekstreme islamistgruppene IS og Jabhat al-Nusra – enn noko anna europeisk land. Kva i all verda er det med Belgia?,» spør kronikkforfattaren. Bildet vis ein politiaksjon 16. november i bydelen Molenbeek i Brussel.

Foto: BENOIT DOPPAGNE / Afp

Kronikkvignett Ytring

Nok ein gong leier spor frå eit jihadistisk terroråtak til bydelen Molenbeek i Brussel. Journalistar har flokka til bydelen, frå både innanlandske og utanlandske media. Ein av dei, Jan Stevens, journalist i den nederlandskspråklege storavisa De Morgon set i ein artikkel fingeren på eit paradoks: «Gemeenteplein (eit sentralt torg) er full av TV-bilar. Ved mangel på intervjuobjekt intervjuar journalistane kvarandre».

Søkjelys på Belgia

Søkjelyset vert ikkje berre sett på denne eine bydelen, men på heile Belgia. I høve folketalet har Belgia fleire syriafararar – i stor grad knytt til dei ekstreme islamistgruppene IS og Jabhat al-Nusra – enn noko anna europeisk land. Kva i all verda er det med Belgia?

I høve folketalet har Belgia fleire syriafararar enn noko anna europeisk land.

Øyvind Strømmen

I jakta på forklaringar på at unge menneske frå europeiske land ender med å slutta seg til ekstrem islamisme vert mange forklaringar sett fram. Det dømet Belgia først og fremst illustrerer er kor naudsynt det er å sjå på fleire samstundes.

Trøblete bakgrunn

Aller fyrst: Trass i at det feilaktig har vorte hevda å vera ei myte, kjem mange av dei europeiske syriafararane frå lågare sosiale lag, dei har lita utdanning, har hatt få moglegheiter på arbeidsmarknaden og har gjerne vakse opp i område prega av sosiale problem. Mange av dei som har dratt til Syria for å gå inn i IS, Jabhat al-Nusra eller andre militante islamistgrupper si teneste har også ei fortid som småkriminelle. Det same gjeld fleire gjerningsmenn bak jihadistisk terror på europeisk jord.

Mehdi Nemmouche, som stod bak eit dødeleg åtak retta mot det jødiske museet i Brussel i 2014, kan tena som eit døme. Han har ein trøblete familiebakgrunn, vaks opp i eit relativt nitrist nabolag, var involvert i ymse kriminalitet, vart truleg radikalisert i fengsel og gjennomførte sitt terroråtak etter å ha vendt attende frå Syria.

Mange av dei europeiske syriafararane frå lågare sosiale lag, dei har lita utdanning og har gjerne vakse opp i område prega av sosiale problem.

Øyvind Strømmen

Molenbeek passar også inn i dette mønsteret. Nyleg skildra den franske storavisa Le Figaro bydelen som ein «elendes ghetto». Det er å ta hardt i, det er ikkje langt mellom dramatiske skildringar i utanlandsk presse sine skildringar av bydelen.

Men Molenbeek, som har ein stor innvandrarbefolkning, har fleire strøk med ghettopreg, arbeidsløysa er høg, utdanningsnivået lågt, dei sosiale problema mange. Her veks mange born opp som det som på nederlandsk vert kalla «kansarmen», sjansefattige. Den ekstreme islamismen finn betre såjord slike stader.

Les også: Belgia vil rydde opp i «Jihad-bydelen»

Utanforskap og identitetskriser

Løftar ein blikket vil ein oppdaga at ei forklaring med utgangspunkt i sosialt elende er for enkel. Ein del belgiske syriafararar har ein heilt annan bakgrunn. Ein del av dei har middelklassebakgrunn, ein er son av ein professor i kjemi ved universitetet i Leuven. Slett ikkje alle har innvandrarbakgrunn.

Ein stor del av dei belgiske syriafararane ein kjenner identiteten til kjem frå Brussel, men slett ikkje berre frå Molenbeek. Mange kjem frå Antwerpen, men ikkje berre frå bydelen Borgerhout, som har ein del av dei same utfordringane. Men det har også dratt folk frå småstader som Galmaarden og Bever. Ofte må ein heilt ned på individnivå for å skjøna særleg mykje av kva som har skjedd.

Ofte ser ei grunnleggjande identitetskrise ut for å ha spela ei sentral rolle i radikaliseringsprosessar.

Øyvind Strømmen

Utanforskap speler ofte ei rolle, men det utanforskapet er ikkje alltid slik mange tenkjer rundt det: sosioøkonomiske forklaringar åleine er ikkje nok. Ofte ser ei grunnleggjande identitetskrise ut for å ha spela ei sentral rolle i radikaliseringsprosessar. Det handlar om rotlause, søkjande unge menneske som har funne svara i dogmatiske, svart-kvite fortolkingar av islam, kombinert med politiske idear av same svart-kvite sort. Om utanforskapet ikkje fantest der frå før, blir det eit uunngåeleg og høgst naturleg resultat av radikaliseringa.

Belgisk kaos

Også andre forklaringar har vorte foreslått på kvifor Belgia har eit så høgt tal syriafararar og eit såpass stort ekstremislamistisk miljø som dei har. Nokre har meint at Belgia si eiga identitetskrise speler ei rolle, at splittinga mellom franskspråklege og nederlandskspråklege har sveikka arbeidet mot radikalisering og mot ekstremisme. Og det er unekteleg sant at føderalstaten er prega av eit visst administrativt kaos. Då kan det vera lettare å passera under radaren.

Det er unekteleg sant at føderalstaten er prega av eit visst administrativt kaos.

Øyvind Strømmen

Nokre peiker på at Belgia har hatt problem med ekstreme islamistmiljø over ein heil del tid, og også med andre former for politisk ekstremisme.

Enkeltpersonar som faktor

I søkinga etter samfunnsmessige forklaringar kan noko også gå tapt. Mange av dei belgiske syriafararane har på ein eller annan måte hatt tilhøyrsle til ei gruppe kalla Sharia4Belgium, ei gruppe med klåre fellestrekk til Profetens Ummah.

FØLG DEBATTEN: NRKDebatt på Facebook og @NRKYtring på Twitter.

Fouad Belkacem

Islamisten Fouad Belkacem var basert i Molenbeek. I februar vart han dømd til 12 år fengsel for å ha rekruttert personar til å kjempe i Syria.

Foto: NICOLAS MAETERLINCK / Afp

Belgiske myndigheiter har vorte kritiserte for å reagera seint på framveksten av denne ekstreme islamistgruppa. Men ein kjem heller ikkje unna at enkeltpersonar kan spela ei rolle: Sharia4Belgium – som no både er nedlagt og rettsleg definert som ein terrororganisasjon – var relativt godt organisert, og den no fengsla leiarfiguren Fouad Belkacem var meir av ein karismatisk leiar enn ein del tilsvarande figurar i andre land. Fleire fortvila foreldre til syriafararar har meint at Belkacem har vore ein effektiv hjernevaskar.

Og her ligg kanskje ein nøkkel: Strøk med dårlege sosioøkonomiske kår finn ein i mange land, utanforskap er ei utfordring fleire stader, identitetskriser er ikkje uvanleg, ideologiske forklaringar kjem ein ikkje utanom. Men i blant kan enkeltpersonar bety mykje.

Øyvind Strømmen er nyheitsredaktør i Hate Speech International, og har i fleire år arbeidd med ulike former for politisk ekstremisme. Strømmen er religionsvitar, og har tidlegare budd i Belgia.