NRK Meny
Kommentar

Øygard ankar. Vågå ventar.

Det heng noko ved suksessbygda Vågå etter Øygard-saken. Av den grunn treng ikkje bygdefolket tvære det ut lenger, skriv NRKs Inger Johanne Solli.

Ordførerstolen i Vågå

Rune Øygard sa i dag frå seg ordførerstolen i Vågå. Men Vågå klarer ikkje heilt gje slepp på Øygard.

Foto: Hanne Stine Kind / NRK

Det umoglege har skjedd, ordførar i Vågå, Rune Øygard er dømd til fengsel i fire år for seksuelle overgrep mot ei jente, både før og etter at ho fylte 14 år. Han skal også betale jenta 150.000 kroner i erstatning. Dommen er knusande, og Øygard anka på staden. Samtidig trekkjer han seg som ordførar.

Same dag som dommen fell, kan det verke som mange i heimbygda støtter han i anken: Tre av dei fire som NRK spurte på gata i Vågå i dag, seier dei ikkje har tillit til dommen. Og i eit intervju med vår reporter i Vågå i dag, seier presten at hans tankar først og framst går til Rune som han kjenner godt. Han nemner ikkje jenta. Kan slike enkeltpersonar si noko om bygda og om mannen som nå er dømd?

ALT OM ØYGARD-SAKEN: NRKs samleside

Mista truverdighet

Vi var budd på alt. På frifinning. Eller at han måtte betale erstatning. Eller at han vart dømd for eitt av tiltalepunkta, neppe begge to. Men i det dommar Torunn Kvisberg tok ordet i Sør-Gudbrandsdal tingrett i dag gjekk det fort opp for oss at jenta var trudd på sine ord.

Same dag som dommen fell, kan det verke som mange i heimbygda støtter han i anken: Tre av dei fire som NRK spurte på gata i Vågå i dag, seier dei ikkje har tillit til dommen.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør for NRK

Ho som gjennom mange veker i retten måtte høyre ei lang rekke med vitne karakterisere henne, familien hennar, venene hennar delvis nedsetjande. Retten finn ingen sprik i forklaringa hennar. Og det at ho forklarte seg så konsistent i god tid før skypeloggen vart lagt fram, gav henne enda meir truverd.

Men eks-ordføraren har mista si. Han fekk i ikkje hjelp av alle karaktervitna forsvaret hadde innkalla dei siste vekene av rettssaka. Knapt nokon av dei er nemnde i dommen, fråsegnene deira om jenta og familien har ikkje vorte rekna som relevant og har ikkje kunne ikkje vege opp for skypeloggen som vart lagt fram fredag den 2. oktober. Fram til da verka det som om halve Ottadalen framleis var sikker på han var heilt uskuldig i alt han vart tiltalt for til da.

FØLG DEBATTEN: NRK på Facebook

Det finst nok av døme på at nedsnakkinga held fram etter slike saker.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør i NRK

Når dommen i tingretten nå er avsagt krev det av norddølane at dei stoppar opp og tenkjer grundig over kva liv jenta og hennar familie skal leve etter at Øygard er dømd. Det finst nok av døme på at nedsnakkinga held fram etter slike saker. Først når norddølane greier å vise omsorg for henne og faktisk vise at dei trur på henne, kan dei skryte av at omdømet til Vågå og nabokommunane Lom og Skjåk ikkje er øydelagd.

Snakka ikkje sant

Heile saka er ei stor tragedie for partane og deira familie. Men nå har Vågås store mann falt.

Han som dei siste 12 åra har hatt mellom 70 og 50 prosent oppslutning ved kommuneval, han som har skaffa bygda prosjektmidlar og omtale i alle riksmedia. Han som har vore framheva i statsministerens nyttårstaler og vore ein slags noregsmeister i alliansebygging.

Under rettssaka vart det meir utydeleg for oss, men vi som har høyrd opplesinga av dommen forstår nå kva dommaren meiner når ho les at «forklaringa frå tiltalte verkar kunstig og oppkonstruert».

Han har oppført seg som ein furten og sjalu elskar, og mellom anna sett ut nedsetjande rykte om kjærasten til jenta.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør i NRK

Retten legg altså vekt på at han seier han hadde omsorg for jenta, medan han oppførte seg som han hadde eit seksuelt forhold til henne. Ein stor mann med ein mangel på innleving i ein ungdoms liv. Han har oppført seg som ein furten og sjalu elskar, og mellom anna sett ut nedsetjande rykte om kjærasten til jenta. Retten peikar på at det er skjerpande at han gav uttrykk for at han ville gje jenta omsorg medan han utnytta henne seksuelt. Og det er skjerpande at han har vore ein mektig mann.

Framtida

Spekulasjonar om Øygard si framtid, i Vågåpolitikken, Arbeidarpartiet og i Vågåbygda er ikkje så interessante i dag. Han er ikkje felt på tekniske eller taktiske bevis. Han er felt fordi Tingretten ikkje trur på eitt ord han har sagt i retten. Dei meiner at overgrep har skjedd, trass i at han har sverga uskuld. Han har fleire gonger overnatta i dobbeltseng med jenta, sendt og fått eit sjukt antal tekstmeldingar (om vi skal bruke språket som jenta sin generasjon brukar) og ein skypelogg med griseprat.

At han aldri innrømma at han hadde vore dum, gått litt for langt, eller latt seg rive med av kjenslene sine, talar heller ikkje til hans fordel. Han har satsa alt på å reinvaske seg sjølv og snakke henne ned. Nå, etter at dommen har falt, ser det ikkje pent ut. Sjølv om Øygard nå trekkjer seg som ordførar vil mange i Vågå nå peike mot anken. For fram til den kjem opp i lagmannsretten på Hamar i april er ikkje dommen rettskraftig.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Eit nytt politisk liv?

Kva skjer i Vågå nå? For det første blir ho som nå fungerer som ordførar sitjande, og Ap beheld makta. Men det spørst kor sterke dei blir i Vågå framover. Politisk redaktør i GD, Halvard Grotli, har karakterisert Vågå Ap som den verkelege Bygdalista i Vågå. Ei samansett gruppe folk med litt laus politisk tilknyting til Ap, gjennom mange år berre knytt saman av den sterke leiaren Øygard. Grotli har spådd sterk tilbakegang for Vågå Ap ved neste kommuneval, uansett utfall av saken.

Øygard får bruke evnene han har i ein annan jobb. Men det er ikkje rett at han skal tilbake til lokalpolitikken.

Skade for bygda

Bygdefolk har klaga over at Vågå har fått eit stempel på seg etter rettssaka.

Mange av dei som i årevis har sola seg i glansen av Øygard, misliker no å vere i skuggen av han.

Inger Johanne Solli, distriktsredaktør i NRK

Mange av dei som i årevis har sola seg i glansen av Øygard, misliker no å vere i skuggen av han. I dag er mange sinte på media, dei snur bokstaveleg talt ryggen til kamera. Og det er jo heller ikkje rett at heile bygda får lide under ein manns feilsteg. Men kvifor står folk på gata nå fram og seier at dei ikkje stoler på dommen? Og kvifor går presten ut og støtter Øygard?

Sant eller usant, det kleber noko ved suksessbygda etter dette. Av den grunn treng ikkje bygdefolket tvære det ut lengre. Øygard sjølv og forsvarar Mette Yvonne Larssen tok til vettet og gjorde det einaste riktige i dag når han trekkjer seg som ordførar.

Bygdefolket kan snu omsorga sin til ho som har vorte trudd og hennar familie. Først slik kan kommunen få ro og bygge seg opp att. Slik kan dei også hjelpe til å gje den fornærma jenta oppreising. Det er ho som fortener det nå.