Hopp til innhold
Replikk

Opp med hovudet, nynorsklærar!

Skuleelevane bør ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

Aukande mobilitet på arbeidsmarknaden er berre ein av mange grunnar til å lære nynorsk. At at det til tider kan vera utfordrande å undervise i sidemålet, har norsklektor og leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, stor forståing for.

Foto: Noregs Mållag

Lærar Arne Jørgen Løvland ved Vågsbygd vidaregåande skole kom med eit solid hjartesukk her på NRK Ytring i førre veke. Han fortalde om arbeid med å hjelpe elevane til å skrive sidemålsstil gjennom eit langt lærarliv, og at han har prøvd alt – men nå gir han opp: Det nyttar ikkje å lære elevar sidemål, og med sidemål meiner han nynorsk.

Sjølv er eg av nokolunde same generasjon som Løvland, og eg er òg lektor på vidaregåande. I januar for eit år sidan var eg ikkje mållagsleiar og gjekk til mine timar som vanleg norsklærar i Fredrikstad. Eg kjenner igjen den vonløysa som sig inn eit stykke ned i rettebunkane. Skal dei aldri lære?

Som mållagsmedlem ser eg verda i eit nynorsk-positivt lys. Likevel trur eg ikkje det berre er denne godhugen for nynorsken som ligg bak når eg rett og slett ikkje kjenner meg igjen i det botnlause mørket Løvland skildrar.

Inntrykket er at dei aller fleste norsklærarar opplever framgang i resultata.

Ja, eg har høyrt ein og annan kollega klage over at nynorsk er fånyttes å lære bort, men elles er inntrykket at dei aller fleste norsklærarar opplever framgang i resultata når dei berre arbeider systematisk med å få bort feila desse elevane våre gjer.

Den underliggande tankegangen i sidemålsmotstanden er nok at nynorsken er på vikande front, og at det er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er ein betre og betre grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg.

Elevane i Vågsbygd kan ein like gjerne finne igjen som lærar på ein barneskole på Stord, som rådmann i Ål kommune eller som kjøpmann i Sogndal. Der er nynorsk det vanlege språket, og innflyttarar utan nynorskopplæring bør ikkje vere dei som spenner beina vekk under dei kvardagslege språkrettane til elevane i desse områda.

Aukande mobilitet blant nordmenn er ein betre og betre grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg.

Det er hundretusenvis av jobbar unge menneske kan få i dette landet der dei må kunne nynorsk. Ved nyttår opna den nye, fusjonerte Høgskulen på Vestlandet som skal administrerast på nynorsk, og tingretten i Bergen skal også administrerast på nynorsk.

I næringslivet er nynorsk bruksspråket til alt frå store regionale verksemder som Dyrsku’n i Telemark til nasjonale og internasjonale bedrifter som Skogstad sport og Kleven verft. I det nye storfylket «Vestlandet» er det bestemt at administrasjonsspråket skal vere nynorsk.

Eg trur verkeleg at Løvland er genuint glad i nynorsk, og at han har prøvd det meste i sidemålsundervisninga, og all ære til han for det.

Nynorsk er ikkje alltid lett, men å lære det er faktisk rett.

Så er det likevel slik at like lite som skoleverket kan kutte ut matematikk fordi det er vanskeleg å få det inn i unge, svimete hovud, så kan ein kutte ut det eine av dei to offisielle språka i landet utan at det får store praktiske og politiske konsekvensar og at det går ut over den totale kulturarven og dei språklege rettane folk har hatt her i landet i over 100 år.

For skoleungdom over heile landet er nynorsk ikkje alltid lett, men å lære det er faktisk rett.

Elles arbeider vi i Noregs Mållag aktivt for lågare årsramme for norsklærarar. Vi veit nemleg kor tung den rettinga er.