Hopp til innhold
Kronikk

Oljeskamma

Ingenting er verre enn klimakrisa, og den er visst mi skuld. Eg jobbar i oljebransjen.

Sara Elvelund Sandvik

Eg har den verste jobben i oljebransjen. Eg er den som leiter etter MEIR olje, skriv kronikkforfattaren.

CO₂ i atmosfæren
420,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

«Er du petroleumsgeolog? Tenker du ikkje på framtida til planeten? Og til barna dine?»

Aviser skriv om barnefattigdom, svolt, krig, insektdød, plast i sjøen, multiresistente bakteriar, flyktningkriser og Trumps siste krumspring mot Iran.

Men få ting får meir merksemd og spalteplass enn klimakrisa – og den er visst mi skuld. For eg jobbar i oljebransjen. Og ikkje nok med det, men eg har den verste jobben i oljebransjen.

Eg er den som leiter etter MEIR olje.

Dess betre eg gjer jobben min, dess raskare kjem ragnarok.

Nye prospekt, nye brønnar, nye funn, nye felt. Min avdeling skal gjere store oljefunn i Barentshavet. Helst skal dei vere så store at me kan setje i gang nye storstilte, kostbare utbyggingar med plattform, undervannsinstallasjonar, supplybåtar, kanskje røyrleidningar på havbotnen og alle skruar og mutrar som følger med.

Det er det som er målet.

Dette driv me på med samstundes som at det ropast at det siste me eigentleg treng er meir oljeavleia CO₂ i atmosfæren.

Det betyr at dess betre eg gjer jobben min, dess raskare kjem ragnarok, eller global oppvarming til å gjere irreversible skadar på oss og miljøet. For alle er einige om at meir oljebrenning betyr meir CO₂ i lufta, som betyr meir oppvarming, som er skadeleg for oss og derfor uønskt.

Alle kan forstå at hovudmotivasjonen til oljeselskapa og den norske staten for å drive med oljeverksemd er alle milliardane som stadig rullar fint inn i banken.

Nesten alle ungdomsparti meiner at noko av det viktigaste ein kan gjere er å leggje ned jobben min.

Men i møte med mannen i gata, og spesielt den yngre generasjonen, er det mange som har vanskeleg med å forstå min personlege motivasjon for å drive med dette.

Og det er ikkje så rart at dei er skeptiske når nesten alle ungdomsparti meiner at noko av det viktigaste ein kan gjere i Noreg for å bøte på klimaendringane er å gå fram som eit godt eksempel og leggje ned jobben min.

Men er det så enkelt? Vil det hjelpe på klimakrisa at me legg ned oljeverksemda vår? Det hadde jo vert fantastisk i tilfelle. Eg kan fint trivast både som tunnelgeolog, grunnvassgeolog og rassikringsgeolog.

Dei som kjøper olja vår gjer ikkje det fordi dei vil at me skal bli enda rikare. Dei gjer det fordi dei treng denne olja. Me vert stadig fleire og alle skal ha meir. Meir straum, meir varme, meir transport, meir klede og dessverre, meir plastikk.

Eg har den verste jobben i oljebransjen. Eg er den som leiter etter MEIR olje.

Alt krev energi, energi som skal komme i form av kol, olje, gass, vasskraft, atomkraft og alle dei fornybare energikjeldene. Rundt 80 prosent av det totale forbruket i verda er generert av dei tre første, fossile alternativa. Snakk om å satsa alle korta på CO₂-hesten. Det er jo til å grine av.

Eg hugsar at me byrja å snakka om det grøne skiftet for alvor i 2014. Men dei siste fem åra er det berre kolforbruket som har gått bitte litt ned. Dei andre stig framleis.

Dersom me tenker oss at me ikkje skal overskride to grader oppvarming, som ser ut til å vere det beste me kan håpe på, skriv International Energy Association (IEA) at minst 40 prosent av all energien vår må vere fornybar i 2040. Oljeforbruket må ned frå 100 til rundt 70 mill. fat per dag.

Det er faktisk betre å produsere lettare olje frå kostnadseffektive felt i Nordsjøen og Midtausten.

La oss håpe at dette er mogleg å gjennomføre. Og denne oljeandelen som dei meiner at me framleis kjem til å trenge, korleis ligg me an med den? Ingen problem, tenker du. Det er allereie funne 1.6 trillionar fat olje globalt som ikkje er produsert. Det er heilt utruleg mykje. Nok til å halde skuta flytande i 50 år til, altså til 2070, ifølge oljeselskapet BP.

Kan godt stemme det.

Men dei 1.6 trillionane er altså oljefunn som ikkje er bygd ut eller tilgjengelege. Skulle me avslutte alle investeringar til nye utbyggingar i dag, vil me ha altfor lite olje, og det vil bli energikrise i oljeimporterande land allereie på 2020-talet.

Hovudmotivasjonen til oljeselskapa og den norske staten for å drive med oljeverksemd er alle milliardane som stadig rullar fint inn i banken.

Dette er altså det «berekraftige» scenarioet, som me visstnok berre kan håpe på. Me har altså ikkje ein gang nok olje til berekraftscenarioet i eksisterande oljefelt. Det som er enda verre er at veldig mange av desse 1.6 trillionar fata er tung olje frå Venezuela eller må produserast frå oljesand i Canada. Det er ikkje gode miljøtiltak.

Då er det er faktisk betre å produsere lettare olje frå kostnadseffektive felt i Nordsjøen og Midtausten.

Aller helst burde me sjølvsagt finne på noko heilt nytt som kunne erstatte dei fossile alternativa. Dersom ein slik ukjend faktor kan komme inn og raskt endre heile energimiksen på kort sikt, er det berre til å leggje ned.

Men den er jo som sagt framleis ukjend, i alle fall for meg.

Er du petroleumsgeolog? Tenker du ikkje på framtida til planeten? Og til barna dine?

Derfor kan eg gå på jobb og vere petroleumsgeolog. Verda treng energi. Det grøne skiftet kan ikkje komme raskt nok, og eg kan berre håpe at dei miljøvennlege energialternativa vil vekse eksponentielt og nå det naudsynte nivået så raskt det lar seg gjere.

Eg skal vere med og sikra at den delen dei ikkje dekker, kjem den skrikande energimarknaden og den norske velferdsstaten til gode enn så lenge.

I tillegg er det ein veldig spanande jobb.