NRK Meny
Normal

Nyttårsrefs av Stoltenberg

Ekspertane fortel kva dei ville tatt med i nyttårstalen dersom dei var statsminister.

Godt ment vignett RIKTIG

I går heldt Jens Stoltenberg den årvisse nyttårstalen. I motsetnad til Kongen, som fekk mykje skryt for sin nyttårstale, får Stoltenberg tyn frå mange hald i dag. Sjølv republikanarane i Dagbladet hyllar Kongens tale - Stoltenbergs tale blir nemnt i ei bisetning.

Statsministeren var i overkant sjølvgod i talen, skriv Aftenposten på leiarplass.

«Talen fremstod et stykke på vei som en reklameplakat foran høstens valg. Underforstått: Det er tryggest å fortsette på samme kurs, med samme mannskap. Nettopp når andre land som står oss nær, sliter, ville det være klokt med et skarpere søkelys på vår egen måte å gjøre ting på».

I leiarkommentaren blir det også påpeika at Stoltenberg let vere å nemne kritikken Regjeringa fekk frå 22. juli-kommisjonen. Han burde ha sagt noko om korleis kritikken blir følgt opp, meiner dei.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

«Alle må yte etter evne og alle skal få etter behov», sa Jens Stoltenberg.

Utydeleg og visjonslaust, meiner retorikkprofessor ved Universitetet i Oslo, Kjell Lars Berge.

«Talen er altfor lite profilert, den er altfor lite tydelig. Den har ingen spesiell snert, den bidrar ikke med noe som vi kan diskutere i ettertid, noe som kan gjøre at det blir litt politisk debatt», uttalte han til Kveldsnytt i går.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

«Om kort tid skal høyrefolka disse Stoltenberg og venstrefolka skal rose talen. #synsk», tvitrar humorist Dagfinn Nordbø.

Noko han fekk rett i. Kort tid etterpå var både høgre- og venstresida ute med kritikk og skryt.

«I #nyttårstalen snakker @jensstoltenberg om hvor flott det er med kvinnelig statsminister. Ups», skriv Kjetil B. Alstadheim ‏, kommentator i Dagens Næringsliv.

Når det er sagt: Statsministerens tale fekk mindre omtale på Twitter enn Kongens formulering om Aragorn og Lord of the Rings.

DØM SJØLV: Sjå heile nyttårstalen