Ny behandling av kreft – også i Noreg?

2013 kan bli startpunktet for ein ny epoke i strålebehandling. Men det føreset både politisk og medisinsk vilje.

Kreftbehandling

Partikkelterapi nyttar ein type stråling som, samanlikna med tradisjonell behandling (vist her), har eit langt større potensial til å gi høg stråledose til kreftcellene og samtidig skåne friskt vev i kroppen, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Kronikkvignett Ytring

I andre land har partikkelterapi blitt eit svært godt supplement til tradisjonell stråleterapi mot kreft. Det blir for tida satsa tungt på partikkelterapi både i Europa, USA og ikkje minst Japan, og våre naboland Danmark og Sverige er i gang med etablering av moderne partikkelterapianlegg. Det er no 15 partikkelterapisenter i drift og 11 under planlegging eller bygging i Europa. I tillegg har USA elleve senter og ni nye er på planleggingsstadiet.

Dessverre er denne behandlinga enno ikkje etablert her i landet. Vil Noreg stå på sidelinja og følgje utviklinga, eller ta aktivt del?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Oppløftande

I dag, meir enn 100 år etter at stråleterapien kom til Noreg, meiner eg at er tida moden for å ta eit nytt steg i utviklinga innan kreftbehandling. I Noreg har mange sett på partikkelterapi som utprøvande eller eksperimentell behandling, men eg meiner at vi har god vitskapeleg dokumentasjon som viser at partikkelterapi allereie i dag er eit svært godt behandlingstilbod ved mange kreftdiagnosar. Likevel ser eg på framtidspotensialet til denne behandlingsforma som enda meir oppløftande.

Eg meiner at vi har god vitskapeleg dokumentasjon som viser at partikkelterapi allereie i dag er eit svært godt behandlingstilbod ved mange kreftdiagnosar.

Kristian Ytre-Hauge, doktorgradsstudent i medisinsk kjernefysikk

Vidare forsking på partikkelterapi vil kunne gje eit enda betre tilbod til framtidige pasientar, og Noreg har eit ansvar for å delta i dette arbeidet. 4. oktober 2012 kunngjorde helseministeren at det regionale helseføretaket Helse Vest skal greie ut partikkelterapi som eit nasjonalt behandlingstilbod. Utgreiinga skal skje i perioden fram til juni 2013 i samråd med dei andre regionale helseføretaka, og dette arbeidet kan bli grunnsteinen i etablering av partikkelterapi i Noreg.

Skåner kroppen

Norske kreftpasientar blir i dag behandla med fotonstråling (også kalla gammastråling eller høg-energetisk røntgenstråling). Partikkelterapi nyttar ein type stråling som, samanlikna med tradisjonell behandling, har eit langt større potensial til å gi høg stråledose til kreftcellene og samtidig skåne friskt vev i kroppen. Målet med stråleterapi er nettopp å gi høg stråledose til kreftcellene slik at desse døyr, og samtidig avsetje minst mogleg dose i resten av kroppen for å unngå biverknader.

Partikkelstråling avset ein stor del av energien sin i kreftsvulsten, medan fotonstråling i høgre grad frigjer energi i det friske vevet rundt svulsten. Dette vil seie at partikkelterapi i mange tilfelle kan auke sjansen for at pasienten blir kurert, eller at biverknader frå strålinga blir vesentleg redusert.

LES OGSÅ: Vil bekjempe kreft med lys

Godt alternativ for unge

Barn og unge med kreft vil vere ei spesielt viktig pasientgruppe for partikkelterapi. Barn med kreft i sentralnervesystemet får strålebehandling til hjerne og ryggmerg, og ved å bruke partikkelstråling framfor fotonstråling kan ein unngå ei rekkje alvorlege biverknader knytt til stråling som treff friske organ i kroppen. Denne pasientgruppa vert i dag behandla med partikkelterapi der dette er tilgjengeleg. Eit fåtal av norske barn med kreft har også blitt sendt til utlandet for behandling med partikkelterapi, men eg meiner at det er liten tvil om at fleire barn og unge norske pasientar kunne hatt nytte av denne behandlinga.

Ved å bruke partikkelstråling framfor fotonstråling kan ein unngå ei rekkje alvorlege biverknader knytt til stråling som treff friske organ i kroppen.

Kristian Ytre-Hauge, doktorgradsstudent i medisinsk kjernefysikk

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Partikkelterapi er eit samleomgrep for strålebehandling med proton og tyngre ion, som til dømes karbonion. Protonet, som er eit hydrogenatom der atomet sitt elektron har blitt teke bort, er den mest nytta partikkelen. I tillegg har behandling med karbonion vist svært lovande resultat og kan ha betre effekt enn proton i mange tilfelle. Ein av fleire fordelar med tunge ion som karbonion er at den biologiske effekten, altså evna til å drepe kreftceller, er langt større enn ved protonstråling.

Langvarig engasjement

Stråling som behandlingsform i Noreg starta i høg grad som følgje av arbeidet til legen og radiologen Severin Andreas Heyerdahl tidleg på 1900-talet. Heyerdahl jobba på Rikshospitalet i Oslo og hadde eit ønske om å ta i bruk stråling frå det radioaktive grunnstoffet radium til kreftbehandling. Lenge møtte Heyerdahl motstand både i det medisinske miljøet og på det politiske plan, men vedvarande arbeid gav til slutt resultat. Gjennom kontakt med stipendiaten Ellen Gleditsch, som arbeidde hjå Marie Curie i Paris, fekk Heyerdahl kjøpt radium til

Historia viser at langvarig engasjement, samarbeid og vilje til å jobbe kontinuerleg kan vere naudsynt for å få innført nye behandlingsformer.

Kristian Ytre-Hauge, doktorgradsstudent i medisinsk kjernefysikk

Rikshospitalet, og i november 1912 fekk den første pasienten strålebehandling i Noreg. Historia viser at langvarig engasjement, samarbeid og vilje til å jobbe kontinuerleg kan vere naudsynt for å få innført nye behandlingsformer.

Mitt inntrykk er at haldninga til partikkelterapi i det medisinske miljøet i Noreg har vore svært avventande, men at stadig fleire ser det som eit naturleg steg i utviklinga å innføre partikkelterapi. Eg håpar at 2013 kan bli startpunktet for ein ny epoke i strålebehandling i Noreg, men, som historia har vist, er det avgjerande at vilje til å jobbe for det ein trur kan hjelpe norske pasientar er til stades både i det politiske og medisinske miljøet.

Kjelder: Store norske leksikon, «Radiologiens inntog i Norge» av Tor Brustad, Kreftregisteret.