Hopp til innhold
Kronikk

Norskfaget finn du ikkje i læreboka

Tru det eller ei, vi norsklærarar følgjer ikkje alltid boka. Og når norsktimane er heftige er både elevane og eg uovervinnelege.

Finn Graffs Henrik Ibsen-karikatur fra 1974 som ble brukt i Sriv selv-kampanjen i 1975

Debatten om norskfaget i skulen held fram: Læreplanen i norsk opnar for eit fag som kan inspirere til å finne gleda ved litteratur, både ny og gammal, skriv kronikkforfattaren. Der har også klassikarane ein plass. (Biletet er eit utsnitt frå Finn Graffs Ibsen-karikatur frå 1974, som blei brukt i Aschehougs «Skriv selv» konkurranse i 1975.)

Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix

Heilt frå starten av vil eg berre åtvare om at dette er ein tekst full av patos. Ein tekst skrive ut av ein enorm frustrasjon, og eit ukritisk forsvar av norskfaget.

Som norsklærar tek eg mange diskusjonar om korleis vi skal forme eit godt norskfag for elevane, i samtale med kollegaar. Men akkurat i dag, akkurat no, vil eg skrive ei kjærleikserklæring til norskfaget.

Kreativitet og forståing

I dag hadde eg ein magisk norsktime i 8A. Vi har sett i gang med eit nytt tema, der vi jobbar med ikoniske bilete. Bilete av napalm-jenta i Vietnam, bilete av Muhammad Ali som vinn den første tittelkampen sin i tungvekt, bilete av månelandinga, Haakon og Olav ved kongebjørka, den kinesiske studenten framfor alle tanksane på Den himmelske freds plass i 1989. Til saman 12 bilete, og elevane skal velje seg ut eitt.

Dei skal først skrive ein leksikonartikkel om situasjonen på biletet, så skal dei skrive ein kreativ tekst der dei plasserer seg sjølv inn i historia, som om dei var til stades og opplevde han. Som eksempeltekst har vi brukt boka Rosas buss av Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello. Det å lese den boka høgt for elevane, som eg gjorde på onsdag, var og ei magisk oppleving.

Eg elskar norskfaget. Det er det viktigaste faget i norsk skule.

Lese og skrive fakta og fiksjon, og ikkje minst jobbe med kjelder. Potensialet for læringsutbytte er stort, og jammen har ikkje elevane det artig undervegs også.

Lytt til lærarane

NRK debatt har invitert til folkemøte om kva som er gale med norskfaget. Dei som frontar hendinga er Torbjørn Røe Isaksen og Knut Hoem. Kunnskapsminister og litteraturkritikar. Kor mange timar har dei undervist i norsk i løpet av liva sine? Eg veit ikkje, men eg tør tippe det ikkje er så mange.

Kollegaene mine og eg har nok samla mange tusentals norsktimar bak oss. Ikkje alle undervisingstimar er gode, det er klart. Nokon gonger går eg frå klasserommet og tenkjer at dette var jammen ei traurig økt, både for lærar og elevar. Men dei aller fleste timane eg underviser går eg frå med ei glede over alt det fine eg får oppleve som lærar.

Både Isaksen og Hoem er velkomne på besøk i klasserommet mitt når som helst.

Både Isaksen og Hoem er velkomne på besøk i klasserommet mitt når som helst.

Litteraturopplevingar

Norskfaget provoserer, det engasjerer, det er keisamt, det får oss til å le og gråte, det lærer oss noko om livet, og det får det til å gå opp eit og anna lys for oss. Saman med elevane mine lærer eg noko nytt i nesten kvar einaste norsktime.

I løpet av føregåande år underviste eg på 10. trinn, 8. trinn og VG1. Vi har lese Hedda Gabler og Songfuglen, Yahya Hassan og Wergeland, vi har vore på teater, vi har hatt debatt om konflikten mellom Israel og Palestina, diskutert homofili og religion, vi har prøvd oss på å skrive kåseri (med vekslande hell), eg har lese og vurdert tekstar som har fått meg til å sukke oppgitt, le høgt og få klump i halsen.

Tru det eller ei, vi norsklærarar følgjer ikkje alltid boka.

I norskfaget får elevane høve til å oppdage gleda ved å lese skjønnlitteratur, oppdage det fleirtydige i skjønnlitterære tekstar, analysere retorikken som politikarar og reklamebyrå brukar, dei får bryte meiningar i fleirstemmige klasserom og dei får øve seg på å skrive informative, kreative og argumenterande tekstar.

I desse «fake news» – og «alternative facts» – tider ligg det også eit ekstra ansvar på oss norsklærarar for å lære elevane kjeldekritikk.

Eit stort fag treng ein open læreplan

Norskfaget er ein berar av den norske kulturarven. Den er «en levende tradisjon som forandres og skapes på nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevene til å bli aktive bidragsytere i denne prosessen» står det i føremålet med norskfaget. Dersom vi skal ha ein debatt om kva som er gale med norskfaget ut ifrå Knut Hoem si oppleving av norskboka i ungdomsskulen, så meiner eg det er å skyte seg sjølv i foten. For, tru det eller ei, vi norsklærarar følgjer ikkje alltid boka.

Læreplanen i norsk for både ungdomstrinnet og vidaregåande skule opnar for eit fag som kan inspirere til å finne gleda ved litteratur, både ny og gammal. Den opnar for å utforske ei verd av tekstlege uttrykk saman med nysgjerrige elevar, skapande menneske. Eg vil ikkje berre ha passive mottakarar i mitt klasserom. Elevane mine skal vere medskaparar av den norske kulturarven.

Elevane mine skal vere medskaparar av den norske kulturarven.

Eg elskar norskfaget. Det er eit identitetsfag, eit danningsfag og eit ferdigheits- og kunnskapsfag. Det er det viktigaste faget i norsk skule. Og sjølvsagt seier eg det, tenkjer de, eg har jo valt dette yrket heilt frivillig.

Eg tør faktisk å påstå at elevane mine er einige. De kan spørje Nora, Mahnoor, Fauzia, Aslak, Hauk, Linnea, Hasna, Thenaran, Hedda, Zoya. Her kunne eg ha nemnt så mange, men desse ti får stå som representantar for alle dei flotte elevane eg underviser og har undervist i norsk. Ikkje for å skryte, men. Jo, for å skryte: Når norsktimane er heftige er både elevane og eg uovervinnelege.

Norskfaget er ikkje til for å få bekrefte det du allereie trur du veit. Målet med all undervising må vere å skape eit rom for å prøve ut nye tankar, om fortida, samtida og framtida. Dette er noko å ta med seg inn i ordskiftet om det som er bra, og det som kan bli betre med norskfaget.

Er norskfaget fullt av uforståelige ord som ”VØL-skjema” og ”Bison”? Eller er slike lesestrategier nyttige når elevene skal lære seg å avsløre falske nyheter? Og hvilken plass skal den klassiske litteraturen ha i norsktimen? Se litteraturkritiker Knut Hoem i duell med norsklærer Mari B. Vinjar.

DUELL: Er norskfaget fylt med uforståelege ord som ”VØL-skjema” og ”Bison”? Eller er sånne lesestrategiar nyttige når elevane skal lære seg å avdekka falske nyheiter? Og kva slags plass skal den klassiske litteraturen ha i norsktimen? Sjå litteraturkritikar Knut Hoem i duell med norsklærar Mari B. Vinjar.