Noreg har det mest einsidige kraftsystemet i Europa, der 89 prosent er basert på vasskraft. Tre firedelar av dette er kraftproduksjon basert på magasinert vatn som kan regulerast etter behov.
Dette systemet er helt avhengig av Vårherre sitt regn, som vi ikkje kan kjøpe på nokon marknad.
Den magasinerte vasskrafta er den mest verdfulle i Europa sidan den er klimavennleg, kan regulerast og har låg produksjonskostnad.
Denne krafta oppnår høgast verdi i marknaden fordi den kan hjelpe til med å dekkje etterspørselen når det er for lite vindkraft, og fordi den reduserer behovet for kontinuerleg produksjon av kolkraft eller kjernekraft for å balansere etterspørselen.
Vindkraft og solkraft varierer mykje og kan ikkje regulerast etter behovet for kraft. Samstundes har EU og Noreg svært ambisiøse klimamål og har lagt opp til omfattande elektrifisering av samfunnet.
Utilstrekkeleg utbygging av fornybar kraft og spesielt kraftproduksjon og energilagring som fungerer når det er lite vind, betyr at det blir mangel på stabil og fornybar kraft i Europa i mange år framover.
Med den sterke kraftkoplinga Noreg har til kontinentet og Storbritannia betyr dette høge og svært variable kraftprisar også her i landet.
Gassprisen har hatt ein sterk vekst alt frå i fjor, før invasjonen av Ukraina, men situasjonen har blitt kraftig forverra av at Putin har brukt gasskutt som våpen mot Vest-Europa.
Men det er for lite realisme i energipolitikken i EU og dårleg risikohandtering som har gjort Europa så sårbar.
Liberaliseringa av kraftmarknaden med energilova frå 1991 har stort sett fungert godt, i ein situasjon med kraftoverskot og utveksling med Sverige.
Men dette systemet har blitt overlasta fordi ein seinare har opna for omfattande krafthandel med den store marknaden i EU og på internasjonale kraftbørsar.
Konsekvensen er enorme inntekter til kraftprodusentane på bakgrunn av den store verdien norsk magasinert kraft har i EU. Og energikaoset i EU har smitta over på Noreg.
Det norske kraftsystemet er sårbart og så ulikt landa i EU at vi ikkje har dei same interessene som desse landa. Men vi kan utfylle kvarandre.
Norsk magasinert vasskraft er eit så lite ‘batteri’ i europeisk målestokk at den berre kan ha ei mindre rolle for å stabilisere kraftsystemet i EU.
Med ei sterk kopling til kraftmarknaden i EU er det ein reell risiko for stor tapping av kraftmagasina våre, også fleirårs magasina som skal fordele vatn mellom tørrår og normalår.
Då blir det ein risiko for alvorlege forsyningsproblem og samfunnsproblem som må takast nok på alvor.
EU-land som har stort innslag av gass i energisystemet sitt, kan kjøpe og lagre gass til vinteren, sjølv om det for tida er svært dyrt, men vi kan ikkje kjøpe regn.
Det norske kraftsystemet og dermed norske interesser skil seg såpass frå EU sitt system og interesser at vi ikkje bør kople vårt system for sterkt til EU.
Dette betyr strammare rammer for krafthandel med EU. Dette er ein jobb for norske politikarar. Avtaler som har visst seg å vere svært uheldig for ein av partane på grunn av endra forhold må gjerast om.
Sjølvsagt er det fornuftig å samarbeide med EU på energiområdet, men samstundes må dette vere basert på premissar som sikrar nasjonale interesser og beredskap.
Vi må vere forsiktig med å risikere vesentlege nasjonale interesser for å støtte land som har gjort mange feil i energipolitikken sin og gjort seg sårbare for Putin si utpressing.