Hopp til innhold
Kommentar

Noregs jubelår

Det skal sterk rygg til å bere gode tider. Som når grunnlovsjubileet i verdas rikaste land startar med storeslem i Tour de Ski.

Trippelt norsk i Tour de Ski

Jubileumsåret for Grunnloven startet med norsk storeslem i Tour de Ski.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Skifolket og Solskjær fyller spaltene, mens NRK sender «Jakten på Norge» og «Best i verden». Snart er det OL på TV2, og enno er vi berre halvvegs i januar.

I Noreg skal mykje handle om Noreg i år. Kanskje tid for å spørje: Kven trur vi at vi er – og, kven trur omverda at vi er?

Noregsbildet 2014, versjon 1:

Fredsnasjonen som vaksinerer verdas barn, forsyner sine naboar med rein energi og byr utlendingane naturopplevingar dei ikkje får heime. FNs fremste forsvarar, eksportør av demokrati, menneskerettar og Nobels fredspris. Ein solidarisk, generøs nasjon, stormakt innan bistand og verdas beste land å bu i.

Noregsbildet 2014, versjon 2:

Rådyrt og nyrikt. Lettare nasjonalistisk og stadig meir opptatt av lodotten i eigen navle. Oljefyrt verdsmeister i idrettar få har høyrt om, med eige omreisande smørelaboratorium. Fortel gjerne andre kor skapet skal stå. For nordmenn veit best.

Karikaturar, javisst, men begge desse noregsbilda har noko for seg. Kanskje er det slik at sjølvbildet vårt ligg nær den første versjonen, mens omdømet – altså det omverda synes – er på veg i retning den andre? I den grad omverda har noko noregsbilde.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Manglande omdøme

For Noregs omdøme er ein skjør storleik, forskinga på feltet er sparsam og dels nedslåande:

«...a country rarely mentioned in the news, as it seems so quiet that nothing ever happens there», heitte det i ei undersøking Utanriksdepartementet initierte for nokre år tilbake.

I Norge skal mykje handle om Norge i år. Kanskje tid for å spørje: Kven trur vi at vi er – og, kven trur omverda at vi er?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Analyseselskapet Synovate blei bedt om å undersøke Noregs omdøme i tjue utvalde land. Forutan naboar i Norden og Europa, var det land som Canada, USA, Brasil, Russland, India og Kina.

Og kva viste undersøkinga? Jau, nettopp at folk flest – i alle fall ikkje-europearane – knapt hadde noko bilde av Noreg i det heile.

Litt meir oppløftande var resultata blant profesjonelle aktørar. Journalistar, politikarar, artistar og andre meinte Noreg var rikt, fredeleg og ansvarleg. Men også isolasjonistisk og introvert, og meir avsidesliggjande enn andre skandinaviske land.

Noregsbilde i endring?

På tida då undersøkinga blei gjort budde eg i Berlin, ein by der mange vitterleg hadde – og har – eit noregsbilde. Og det var positivt, nærast panegyrisk. Noreg var reint, vakkert og ubesudla – om enn litt dyrt.

Og kva viste undersøkinga? Jau, nettopp at folk flest – i alle fall ikkje-europearane – knapt hadde noko bilde av Norge i det heile.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Sidan den gongen har eurokrisa synleggjort Noregs rikdom. I alle fall i Europa, ifølgje mine eigne uvitskapelege observasjonar. Den jevne tyskar meiner han plukkar opp rekninga for sydeuropearar som har levd over evne, og spørsmålet som dukkar opp er; kva gjer rike Noreg?

«Pæeng på bok»

Mykje har skjedd på få år. I 1994 arrangerte vi OL på Lillehammer. Det var blitt typisk norsk å vere god. Vi sa Nei til EU for andre gong, og skulle dessutan få «pæeng på bok».

Tjue år seinare står det «fleire statsbudsjett» på oljefondet – vi klarte oss rimeleg bra utanfor EU.

Fondet vårt har vakse seg til eit av dei aller største. Vi eig aksjar over heile verda og har kjøpt opp delar av London sentrum. Slikt kan påverke både sjølvbilde og omdøme.

Oss sjøl nok?

Noreg i 2014 er mellom dei tretti største økonomiane i verda, trass vårt beskjedne folketal. Og ja – vi er rimeleg gode på ski. Det går oss godt i gamlelandet, formodentleg har vi rygg til å bere det.

Misforstå meg rett. Eg gler meg til norske gull i OL. Og det er både folkeopplysande, rett og rimeleg at mykje handlar om Noree – i Noreg – i jubileumsåret for Grunnlova.

Gjerne også meir debatt om norske verdiar. Som denne frå oppveksten på Vestlandet: alt med måte.