NRK Meny
Normal

Noreg, verdas verste land

Lat oss spara krigstypane til krigen eventuelt kjem.

Jølster

'Det moderne Noreg er noko av det beste som har vorte funne opp sidan forbrenningsmotoren, penicillin og is-bilen,' skriv kronikkforfattaren. Her nyt ein turgåar utsikta i Jølster.

Foto: Lien, Kyrre, Scanpix / SCANPIX

Therese Sollien er spaltist i Ytring, på radio og nett.

Når ein skriv i avis eller andre stader, er det viktig å halda på interessa til lesaren. For å få det til, kan skribenten til dømes overdriva litt.

Dei seinaste vekene har eg lese i avisa at Geir Ramnefjell, som er politisk redaktør og kommentator i Dagbladet, meiner at justisminister Anders Anundsen burde få kallenamnet «Lille-Erdogan» av di han inviterte generalsekretær i Presseforbundet, Kjersti Løken Stavrum, på ein kaffikopp. Det tykkjer eg er å overdriva litt vel mykje, kanskje. I Tyrkia sit 52 journalistar i fengsel. Erdogan har trekt 1845 menneske for retten sidan 2014 for å ha fornærma han.

Respektlaust

I Noreg skriv journalistar kva dei vil utan å måtta sitja i fengsel for det etterpå. Eg kan til dømes seia at Anders Anundsen er notorisk klønete, og at han verkar svært hårsår jamvel om han ikkje har noko hår eingong. Alt sånt kan eg skriva så mykje eg vil, og ingenting skjer. Det er ingenting Anundsen kan gjera med det. Det er kanskje litt respektlaust mot dei fengsla tyrkiske journalistane å seia at litt sånn som dei har det, har me det i Noreg òg.

Tidlegere i år vart Frp-politikar Silje Hjemdal nekta å kjøpa brus og sjokolade i rådhuskantina i Bergen. Då skreiv ho på Facebook at det hadde vorte «nordkoreanske tilstander» der. Det er kanskje å ta i litt, spør du meg. Ein stad mellom 900.000 og tre millionar menneske har døydd av hungersnaud i Nord-Korea sidan 1990-åra. Eg trur kanskje ikkje politikarane i rådhuset i Bergen kjem til å svelta i hel når dei ikkje får kjøpa brus og sjokolade, sjølv om eg kan vera samd i at den slags overformynderi er noko ordentlig herk. Når det er sagt, tykkjer eg samanlikninga med Nord-Korea fungerer ekstra dårleg, av di eg tippar at dersom det er nokon stad i Nord-Korea dei sel mykje brus og sjokolade, så er det nett i rådhuset.

Eg trur kanskje ikkje politikarane i rådhuset i Bergen kjem til å svelta i hel når dei ikkje får kjøpa brus og sjokolade (...).

Teleporterte til Pyonyang

Det er ikkje berre i Bergen folk hevdar at dei har vorte teleporterte til Pyongyang. Tidlegere i år fekk nokre hytteeigarar i Vinje kommune trugsmål om tvangsmulkt dersom dei ikkje leigde ut hyttene sine. «Folk har kalt dette for et regime som ligger langt vekk fra Norge. Det er blitt nevnt Nord-Korea og Sovjet, uten at dette er mine ord», sa ein av hytteeigarane.

Heller ikkje denne gongen høver samanlikninga seg særleg godt. For det fyrste låg Sovjetunionen ikkje så langt vekk frå Noreg; faktisk hadde me vel ei grense mot nett den unionen. Og for det andre er den eksklusive hyttemarknaden i Nord-Korea regulert heilt annleis enn i Norge, det er eg mest heilt trygg på.

Folk likar å overdriva

Denne veka skreiv forfattar Jan Kjærstad at han tykkjer at «Norge har blitt til et orwellsk mønstersamfunn». Det skriv han av di banken DNB har hjelpt folk med å opna selskap i skatteparadis. Det tykkjer eg også er å ta i noko. Eg er ganske glad i Orwell – særleg er eg glad i den dystopiske boka «Animal Farm», som Kjærstad viser til i kronikken. Ho er skrive som eit bilete på Sovjetunionen, med alt det innebar av brutalt diktatur, terrorregime, personkult og utreinsking. Eg har budd i Kina, og sjølv ikkje det landet liknar noko særleg på bondegarden til Orwell. Kall meg konservativ, men eg tykkjer i alle fall ikkje ein referanse til Orwell høver seg særleg godt for å omtala Noreg.

Den eksklusive hyttemarknaden i Nord-Korea er regulert heilt annleis enn i Norge, det er eg mest heilt trygg på.

Det finst mange døme på at folk likar å overdriva litt. SV-politikaren Mette Pedersen Mikkelsen sa til dømes nyleg at «Sylvi Listhaug går Goebbels en høy gang». Det tykkjer eg er litt vel sterkt. No les eg rett nok ikkje alt som står i avisene, og det hender eg går glipp av Dagsrevyen, men eg trur ikkje Listhaug har erklært den totale krig enno.

Det moderne Noreg

Her er eit framlegg. Lat oss spara krigstypane til krigen eventuelt kjem.

Eg skal likevel tillata meg ei lita overdriving sjølv: Det moderne Noreg er noko av det beste som har vorte funne opp sidan forbrenningsmotoren, penicillin og is-bilen. Me bur i eit land der alle tykkjer det er kjekt å ha ein kvinneleg statsminister, me har svært stor grad av likskap i inntekt, me har mellom dei høgste nivåa i verda av mellommenneskeleg tillit, me har ikkje hungersnaud, me kan venta å leva til me er over 80 år, Goebbels er daud, og ingen journalistar treng å uroa seg for represaliar for å skriva noko kontroversielt. Faktisk er Noreg eit av verdas beste land å bu i. Det er ikkje ei overdriving eingong.

Kronikkforfattaren er journalist i Dag og Tid.