Noreg er eit rart land

Likar ein ikkje det kongen seier, kan ein kanskje vurdera å ynskja seg eit system der ein vel kven som er statsoverhovud i staden for at den slags går i arv.

Kong Harald holder tale under hageselskapet.

Kong Haralds tale under hageselskapet i Dronningparken der 1500 gjester var invitert har skapt stor merksemd. «Kva er Noreg», spurde kongen. Sidan dette spørsmålet tydelegvis heng litt i lause lufta, tenkte eg å freiste å hjelpa kongen litt på veg, skriv forfattaren.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
Therese Sollien
Journalist i Dag og Tid

Therese Sollien er spaltist i radioprogrammet på radio og nett

Den seinaste veka har det vore mykje bråk i den såkalla skravleklassa her i landet. Kva er det som har gått føre seg denne gongen? Jau, kong Harald stilte spørsmålet «kva er Noreg».

Det er ikkje så rart at kongen undrast på det. Eg lurer på kva slags land Noreg er når eg les om stortingsrepresentantar som spelar Pokémon Go midt i arbeidstida, og eg lurer på det same når eg finn ut at eit normalt norsk hushald har 77.000 kroner til disposisjon etter skatt kvar månad. Kva slags land er dette, lurer eg på då. Eit nokså fint land, sjølvsagt, men eit rart land er det unekteleg.

Det er typisk norsk å vera glad i kongehuset.

Forfattar og kunsthistorikar Tommy Sørbø tykte ikkje det var noko særleg at sjølve kongen ikkje visste kva slags land han var konge i. «De tre siste konganes valspråk har vore: Alt for Norge. Det var kanskje på tide å forandre på det. Eg har følgjande forslag til kronprinsen når han ein dag overtar: Kva er Norge?», gjorde han framlegg om i ein kronikk i Dagbladet.

Ein mogeleg definisjon

Sidan dette spørsmålet om kva Noreg er, tydelegvis heng litt i lause lufta framleis, tenkte eg å freista å hjelpa kongen litt på veg. For å finna ut kva Noreg er, fann eg fram ei bok som er skriven av sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen. Typisk norsk heiter boka og burde såleis vera veleigna til å svara på nett dette spørsmålet om kva Noreg er.

Det er ei ganske lang bok, og sidan me ikkje har all tida i verda her, vel eg å hoppa rett til slutten av boka. Stutt sagt er Hylland Eriksen nokså på line med kongen. Det er ikkje godt å seia kva Noreg er for noko, sånn eigenleg, skal ein tru sosialantropologen. Han er inne på at ein mogeleg definisjon er at det har vorte nokså typisk norsk å meina noko om at det har vorte fleire eller færre banansjokoladar i Twisten i det siste, men utover det, er det nokså ymse.

Det fine med å ha ein president, er at ein kan røysta på ein annan dersom vedkomande byrjar å seia ting ein ikkje likar.

Sidan eg ikkje fann svaret på kva Noreg er i boka til Hylland Eriksen, leita eg litt vidare. Eg sette meg ned ved datamaskina og opna noko som heiter internett. Der fann eg fram til eit oppslagsverk som mange meiner ikkje er påliteleg, men eg valde å lita på det likevel. Typisk norsk naivisme, vil mange kanskje seia, men no som me har konstatert at det er svært få ting som er typisk norske, treng me ikkje hefta oss med dette.

Wikipedia står i alle høve det fylgjande: «Statsrettsleg er Noreg eit konstitusjonelt monarki». Det tyder at kongen er Noregs statsoverhovud, jamvel om det no for tida stort sett er ei symbolsk rolle denne kongen spelar.

Eit anna system

Eg tykkjer det er merkeleg å vera tilhengjar av dette systemet og samstundes verta svært sur når kongen seier eit eller anna som ein ikkje likar. Det er litt som ikkje å røysta ved stortingsvalet, og så klaga på regjeringa etterpå.

Men eg er så glad i kongen, seier folk. Han er ein flott representant for landet, og tenk så fælt det hadde vore dersom me fekk Carl I. Hagen til president. Og jau då, det er dyrt å halda seg med eit kongehus, men det kostar jo pengar å ha ein president òg. Det er typisk norsk å vera glad i kongehuset. Alt dette er heilt fine innvendingar, og eg kan til og med stilla meg bak dette med at kong Harald er ein flott representant for landet. Eg er glad i kongehuset sjølv, eg. Dei er fine folk mest heile gjengen.

Men eg er likevel skeptisk til å ha eit system der makt går i arv. Det fine med å ha ein president, er at ein kan røysta på ein annan dersom vedkomande byrjar å seia ting ein ikkje likar. Me kan ikkje velja ein annan konge når Harald Rex seier noko me er usamde i. Men me kan velja eit anna system. Det tykkjer eg me lyt vurdera, same kor glade me er i kongen vår.

Spaltisten er journalist i Dag og Tid.

Kongen ønsket velkommen til hagefest i Dronningparken ved å minne alle på at Norge ikke bare er fjell og dype fjorder, men fremfor alt mennesker.

KONGEN TALTE: Se et utdrag av kong Haralds tale under hagefesten i Slottsparken 1. august 2016.

Deler av talen kong Harald har gått viralt på nettet, flere millioner mennesker har sett den. Her er hele talen, som han holdt i hageselskapet i Slottsparken med 1500 gjester tilstede.

HELE TALEN: Se hele kong Haralds tale til kongeparets hagefest, som hadde gjester fra hele landet.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook og @NRKYtring på Twitter