Hopp til innhold
Kronikk

Nok mumling om asylbarn

No er det nok mumling frå justisministeren. Han må enkelt og greitt la dei lengeverande asylborna bli i Norge utan meir diskusjon. Og hente tilbake dei som eventuelt skulle fått bli.

Anundsen redegjør om asylbarnsaken

Kva er det justisminister Anders Anundsen (Frp) ikkje beklaga på Stortinget i går, spør leiarane i KrFU og Unge Venstre.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

I går avslørte Bergens Tidende at lengeverande asylborn har blitt sendt ut av landet det siste året i like stort tempo som før, trass i politisk semje mellom sentrumspartia og regjeringa om at praksis frå dei raudgrøne skulle endrast. Dei lengeverande borna skulle ikkje bli prioritert. Likevel har Politidirektoratet og Politiets utlendingseining halde fram med å gjere nettopp det.

Det heile kan verke tilforlateleg: Politidirektoratet «gløymde» å fjerne eit ord i tildelingsbrevet til politidistrikt og til Politiets utlendingseining. Det skulle stå «prioritere barn» – ikkje «lengeverande born». Ein glipp. Ein menneskeleg feil. Eit beklageleg uhell justisministeren seier han tar ansvar for.

Det han ikkje beklagar er at lengeverande born, som ikkje skulle prioriterast, er blitt sende ut av landet. Han seier at både born og lengeverande born «har vore her ulovleg og uansett har vedtak mot seg og skal derfor ut av landet». Så enkelt er det ikkje.

Det Anundsen ikkje beklaga

Forskjellen er at eit lengeverande barn som er sendt ut medan vi ventar på nye reglar – som Anundsen sitt departementet har somla med og halt ut i politisk spel – ikkje skulle prioriterast så lenge dei kan få opphald når dei nye reglane trår i kraft. Det er vel og bra at justisministeren måtte gjere greie for situasjonen i Stortinget, og at han kjem med ei beklaging. Det skulle då berre mangle, all den tid han som ansvarleg statsråd ikkje har sikra gjennomføring av Stortinget sin politikk.

At statsråd Anders Anundsen ikkje har fått med seg dette er ikkje mindre enn uforståeleg.

Emil André Erstad og Tord Hustveit

Beklaga han at hans departement i månadsvis har hala ut forhandlingane med KrF og Venstre om ei endeleg avtale for dei lengeverande borna – samstundes som mange har blitt sendt ut?

Det er hans departement som har sørgja for at mange av dei borna som har vakse opp i Norge, lært seg norsk og som har fått seg norske vener no sit redde og utrygge i eit framandt land. Mange av borna kjenner ikkje kulturen eller språket i det landet dei no har hamna i. Det er verd ei tydeleg beklaging – men Anundsen held fram at «det er snakk om menneske som oppheld seg ulovleg i Norge» sjølv etter beklaginga hans i Stortinget.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Gjennomføringskraft

Politikk handlar om meir enn fine ord og politiske vedtak. Mest av alt – og spesielt for ein statsråd – handlar politikken om gjennomføring. Det at ein sikrar gjennomføring av politikken, er det viktigaste viss reell forandring skal skje.

I heile haust har NOAS, advokat Arild Humlen og andre som kjempar for asylborna ropt varsku ved fleire høve. I siste liten har desse ved fleire høve fått sendt inn omgjeringsoppmodingar for lengeverande familiar som har blitt henta av politiet for å så skulle sendast ut av landet.

KrF og Venstre sine sigrar i samarbeidsavtalen har smuldra opp.

Emil André Erstad og Tord Hustveit

Dei som kjempar for asylborna har varsla politikarane på Stortinget – og oss i samarbeidspartia – om at tempoet på utsendingane har auka dramatisk. Mellom januar og august i år vart det sendt ut 46 born. I berre september vart 106 born i følgje med deira familiar sendt ut av Norge.

Media har skrive sak etter sak. Både lokalt og nasjonalt har protestane vore så høglydte at det ha ført til ekko langt inn i korridorane i Justisdepartementet.

At statsråd Anders Anundsen ikkje har fått med seg dette er ikkje mindre enn uforståeleg.

Samarbeidsavtalen smuldrar opp

Ein kan nesten mistenke statsråd Anundsen for å vere meir oppteken av gjennomføring av rein Frp-politikk, enn av å sikre gjennomføring av den politikken han har forplikta seg til gjennom samarbeidsavtalen.

Om det er snakk om ein dag, ei veke eller ein månad fram i tid – Anundsen må fryse alle sakane til lengeverande born.

Emil André Erstad og Tord Hustveit

KrF og Venstre sine sigrar i samarbeidsavtalen har smuldra opp i altfor stort tempo.

Til BT i går sa politidirektør Odd Reidar Humlegård at det ikkje er noko vits i å la asylborn-sakene liggje som følgje av avsløringane. Med andre ord: Han vil la endå fleire born bli sendt ut før endeleg og ny avtale er på plass.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Men no får det vere nok. Dei nye reglane som skal gje lengeverande asylborn rett på opphald i landet ligg på Anundsen sin pult i Justisdepartementet. Og fram til han får sendt det og godkjent det på Stortinget – uansett om det er snakk om ein dag, ei veke eller ein månad fram i tid – må Anundsen fryse alle sakane til lengeverande born – slik at vi sørgjer for at born som har rett til å vere i Norge når avtalen er klar, faktisk er her.

Det er Anundsen sin jobb

Justisminister Anundsen seier vi ikkje veit om det er born som kan ha fått rett til opphald etter det nye regelverket som har blitt prioritert ut av landet ved denne «glippen». Det er hans jobb å finne ut av dette fortast mogleg.

Kvart barn som har blitt sendt ut fordi nokon gløymde å stryke ordet «lengeverande» i eit brev, bør sjølvsagt få kome tilbake til landet dei har vakse opp i og som dei har blitt rive bort frå på grunn av ein feil i eit departement.

Det er det som er ansvaret til Anundsen, og det kan han ikkje beklage seg ut av.