Hopp til innhold
Kronikk

Nei til gravitasjon!

Outsourcing av tryggleik viser seg å vere ein kjempesuksess, melder framtida. Ungane i barnehagen er utstyrt med GPS-sendarar og alle norske fjelltoppar er gjerda inn.

Barnehage

Du trudde barnehagen allereie var hypermoderne, med digitale teiknetavler som denne? I framtida vil alle barn ha GPS-sendarar og tryggleiken er outsourca, skriv komikar Fredrik Steen.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Året er 2048. Dei aller fleste barnehagar har for lengst utstyrt ungane med GPS-sendarar og nanofølarar som kontinuerleg overvakar kroppstemperatur, humør og relativ fart – samt bleieviskositet på dei aller yngste.

Foreldra kan følgje med barnet sitt på ein eigen overvakingsapp på mobiltelefonen, og det er det amerikanske milliardkonsernet Child Safety Corp. som har levert og driftar utstyret. Den nye barnehagelova er nettopp vedteke, og neste år må alle barnehagar gjere avtale med Child Safety Corp., om dei ikkje vil miste den statlege driftsstøtta si. Dei som er med på ordninga melder om null ulukker etter at systemet vart teke i bruk. Det er slutt på utflukter i barnehagane, men på storskjermar rundt omkring i avdelingane er der kontinuerleg visning av dataanimerte sølepyttar, fjell, glatte fjøresteinar og beitande kyr. Det går rykte om at den eldre garden blant barnehagepersonalet minnast at humøret på ungane var mykje betre i gamle dagar, men dette kan ikkje dokumenterast.

LES DEBATTEN OM VG BARNEHAGE:

Frustrasjonsproblem

Oljefeltet utanfor Lofoten er no offisielt tømt, og regjeringa har sett i gong ei utgreiing om korleis ein skal kartlegge tilbakeføringa – av Lofoten. Google har for lengst teke over bilkøyringa, og folk kan berre taste inn destinasjonen på skjermen i bilen, og så går resten av seg sjølv.

Oljefeltet utanfor Lofoten er no offisielt tømt, og regjeringa har sett i gong ei utgreiing om korleis ein skal kartlegge tilbakeføringa – av Lofoten.

Fredrik Steen, komikar

Ein høyrer aldri om bilulukker lenger, men den enorme auken i biltrafikken har sørgja for endelause køar på vegane. Mange klikkar i vinkel av all ventinga, og det er blitt eit stort samfunnsproblem at folk går ut av dei stilleståande bilane for å dengje ut frustrasjonen på medtrafikantane sine. Alle arbeidsgjevarar er no lovpålagde til å tilby dei tilsette kurs i sinnemeistring.

Den nye Knausgård

Påska bringer årets største snakkis, ein 28-åring som var heilt aleine utan nettdekning på den lafta tømmerhytta si i fire grufulle timar. Helten er kjempepen, og sidan han er så stilig kledd, vert han invitert til Skavlan Eftf. Han fortel om dei knalltøffe timane utan noko å finne på. Han var aldri redd, seier han, men keisemda heldt på å ta knekken på han. Til slutt skreiv han ned tankane sine på ein papirlapp: «Nettverket mitt er nede. Eg er nede. For telling. Kven er eg, eigentleg?»

Påska bringer årets største snakkis, ein 28-åring som var heilt aleine utan nettdekning på den lafta tømmerhytta si i fire grufulle timar.

Fredrik Steen, komikar

Litteraturkritikarane er i fyr og flamme, og meiner mannen er den nye Knausgård. TV2 får rettane til å lage eit realitykonsept basert på hendinga, og helten får, som første levande nordmann, biletet sitt på haleroret på eit Norwegian-fly. Han nyt heltestatusen, får vere med i «Skal vi pule?» og alle han møter på gata vil vite korleis han greidde å skrive noko med ein blyant.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Rykkingskommisjon

Grunnskulen har endeleg fått direktørnivå på løningane sine, og det er god rekruttering til standen, sidan lærarar ikkje treng å sjå elevane i andletet lenger. All undervisning går føre seg på smartboards, men vaktmannskap frå School Safety Corp. held god orden i rekkene. Det er årevis sidan vi høyrde om vald og bråk i skulen, men mange elevar slit med ufrivillige rykkingar i andletet. Ein kommisjon nedsett av regjeringa jobbar intenst med å kartlegge rykkingane.

Ei kvinne som brakk ryggen på ein fjelltur i Jotunheimen, er nyleg blitt tilkjent 13,4 milliardar kroner i erstatning, sidan Åtvaringsdirektoratet hadde glømt å setje ut skilt om stor gravitasjonsfare akkurat der ho ramla ned. Arbeidet med å gjerde inn alle norske fjelltoppar nærmar seg no heldigvis slutten, og skigåing skjer nesten berre i innandørshallar. Den mest populære idretten er ski-sms-ing, sidan skiskyting vart forbode i 2039. Totalforbodet mot alkohol og tobakk er ein kjempesuksess, men det vert meldt om aukande interesse for innandørs drivhusdrift.

Den mest populære idretten er ski-sms-ing, sidan skiskyting vart forbode i 2039.

Fredrik Steen, komikar

Sånn er det blitt, vettu

I juni seier president Inga Marte Thorkildsen i eit intervju at det norske næringslivet blomstrar som aldri før. Ved sidan av kartlegging og spørjeundersøkingar, lever vi for det meste av å produsere komponentar, som diverre enkelte nasjonar driv og set saman til våpen.

Det viktigaste er likevel at Norge ikkje har vore med i krig på over 20 år. Frå 2015 til 2018 var det storkrig mellom Nord-Korea og USA, og den norske våpenprodusenten Nammo fekk Nobels fredspris i 2019, sidan dei hadde vore så greie og levert komponentar til begge krigførande partar. Sosialistisk Venstreparti si fleirtalsregjering kom seg forresten til makta i 2045 takka vere slagordet «Ja, sånn er det blitt, vettu!»

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Dei beste kolesterolverdiane i verda

Landbruket melder om rekordavlingar i 2048, og ein trønder som er genetikkforskar får same året Nobelprisen i biologi for å ha utvikla beinlause mjølkekyr som produserer over 20.000 liter mjølk i året. Norge har dei beste kolesterolverdiane i verda, og den gjennomsnittlege levealderen er imponerande: 118 år for kvinner og 112 år for menn. Men det største samfunnsproblemet er irritasjon og dårleg diksjon. For å bøte på dette har no alle borgarar rett på ein personleg coach frå dei vert fødde og fram til fylte 99 år.

Norge har dei beste kolesterolverdiane i verda, og den gjennomsnittlege levealderen er imponerande: 118 år for kvinner og 112 år for menn.

Fredrik Steen, komikar

Ingen har førebels funne ein kur mot den plagsame irritasjonseksemen som meir enn halvparten av nasjonen lid av, men alle er glade for at ungane er tryggare enn nokon gong før. Ein reknar med at den første friksjons- og gravitasjonsfrie barnehagen vil vere i drift innan utgangen av 2050, men sidan så mange slit med dårleg minne er det framleis Child Safety Corp. som skal køyre ungane til og frå barnehagen kvar dag.