NRK Meny
Normal

Natt til 1. mai

Det er 1.mai. Kvar er det blitt av dei sinte unge?

1. mai 1978

Natt til 1. mai 1978 gjekk politiet til aksjon med hestar og hundar for å rydde Slottsparken for ungdom. Her har kampane spreidd seg til Universitetsplassen. No er det stille, skriv Finn Tokvam.

Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix

Finn Tokvam er fast musikkspaltist i Ytring på radio og nett.

Det er stille. Nokre russ er forståeleg nok sure fordi dei ikkje kan drikke offentleg i russetida. Dei – som vi – burde også få lov å feire at 12–13 års skulegang er ferdig ved å oppføre seg som mellomleiarar på julebord i nokre veker.

Men nei.

Elles er det stille. Politiet sit ikkje og sveittar med hundrevis av betjentar som skal ut og banke ungdommen i natt.

Han angra på at han deltok i ei sending som hadde som mål å passivisere ungdommen.

I 1978 rydda politiet Slottsparken for hasjrøyk. Det blei starten på slåstkampar og bråk. 200–300 hundre ungdommar med flasker og brustein mot purken.

Og åra etter var det på an igjen. Knuste vindauge, flaskekasting og velta politibilar. Det er litt vanskeleg å setje fingeren på den eine saka som engasjerte ungdommen, anna enn at ting var for jævlig, sjølvsagt. Spesielt var det for jævlig keisamt.

I 1981 tok nasjonen grep. Då kom NRK Fjernsynet på bana. Dei skulle snakke til ungdommen, og språket ungdommen forstod var rock. Bråket og demonstrasjonane skulle stoppast med rockeshow på tv natt til første mai.

NRK skjenka nasjonen rockeshow med blant andre Åge Aleksandersen og Sambandet, Veslefrikk og De Press.

Kred er viktig men vanskeleg, spesielt viss du er pønkar.

Programdirektøren i NRK var nøgd og påstod at sendinga førte til mindre uro enn tidlegare. Hestar og 800 politifolk kan også ha hatt litt å seie, men nattrocken heldt fram i 1982 og 1983.

Åge Aleksandersen ville ikkje vere med meir. Han angra på at han deltok i ei sending som hadde som mål å passivisere ungdommen og halde dei vekke frå gatene.

Blitzarar sette fyr på eit fjernsynsapparat i protest mot NRK sine «maktlogrande rockekonsertar». Og nokon var skuffa over artistane som stilte opp.

Det gjekk på kreden laus. Kred er viktig men vanskeleg, spesielt viss du er pønkar. Berre spør Johnny Rotten.

«You´re rotten», sa folk til han på 1970-talet då dei kommenterte dei rotnande tennene hans og den sviktande tannhygienen. Det gav Lydon ideen til artistnamnet hans, Johnny Rotten. Det blei suksess med Sex Pistols. Åra gjekk og i 2008 fiksa Johnny Rotten tennene sine for 22 000 dollar. Det blei sikkert lettare å ete grønsaker, men det gjekk på kreden laus. Folk kritiserte han for å vere forfengeleg, så det er tøft å vere punkar.

Politiet sit ikkje og sveittar med hundrevis av betjentar som skal ut og banke ungdommen i natt.

Og det fekk artistane her til lands merke også. Folk syntest De Press ”selde” seg til NRK, Staten og dei, ved å stille opp.

Endå verre var det vel at Veslefrikk rocka på tv nattetid. Det bandet hadde jo ein låt om kampane i Slottsparken i 1978, og då var det patetisk at dei tre år seinare stilte opp for NRK i eit program som skulle hindre liknande bråk.

Viss du planlegg å demonstrere i natt skal du vite at du klokka 02:40 går glipp av reprisen på Adresse Kiev, der dei presenterer nokre av låtane og artistane frå årets internasjonale Grand Prix finale. Og det vil du vel ikkje gå glipp av?

God 1. mai.

Finn Tokvam er journalist og programleiar i NRK og fast musikkspaltist i Ytring. Kvar veke kobler våre spaltistar musikk med politikk og aktualitetar i Ytring på P2 søndag kl. 11.