NRK Meny
Normal

Når snakkar Frp for regjeringa?

– Ein risiko at mange oppfattar det som eit sprik mellom kva Frp står for og det dei står for i regjering, seier Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK.

Magnus Takvam om Frp

Videovignett Ytring

I går uttalte Per Sandberg at han ville væpne kurdarar i Irak i kampen mot IS, men var nøye med å presisere at han sa dette på vegner av Frp, ikkje regjeringa.

Akkurat den presiseringa har han, og andre, brukt før. Sandberg har tidlegare uttalt seg skeptisk til eit forslag frå utanriksministeren. Det førte til at Anniken Huitfeldt (Ap) etterlyste svar frå Siv Jensen om regjeringas Midtausten-politikk.

– Jensen kvir seg for debatt både internt i eige parti og i offentlegheita, skreiv Huitfeldt i ein kronikk.

Siv Jensen måtte svare på dette spørsmålet i Partilederdebatten på NRK1.

Når er det regjeringa som snakkar og når er det Frp? Dette spurte vi politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, om. Sjå videoen over.