NRK Meny
Kronikk

Når festen er slutt og isen har smelta

Foreldra kan ikkje forlata forbruksfesten utan å rydde opp etter seg. Men det er me som er fødde inn i oljerikdommen og generasjonane etter som må finna løysinga på klimakrisa.

Isbreen Jokulsarlon i nasjonalparken Vatnajokull på Island smelter

Isbreen Jokulsarlon på Island smeltar, som dei fleste andre isbrear. 'For kvar dag som går, tappar me jorda for naturressursar samtidig som me går mot minst fire graders global oppvarming,' skriv kronikkforfattaren.

Foto: Colourbox.com

Dagens unge generasjon går under mange namn: Dessertgenerasjonen, glasurgenerasjonen, generasjon meg. Me er fødd inn i eit samfunn der me kan nyta goda av det harde arbeidet til generasjonane før oss – kanskje tar me dei til og med for gitt. Me som er unge i dag får ofte høyra at me er ein bortskjemt generasjon utan engasjement for anna enn vår eiga sjølvrealisering. Me er for ukritiske og føyelege, og manglar ein felles visjon, vert det sagt.

Men me som har vakse opp i oljerikdommen, må no finna ei løysing på klimakrisa. Det er me, og generasjonane etter oss, som må endra levevanar, kutta ned på overforbruket. Det treng ikkje å bety at Noreg sin «gullalder» går mot slutten. På vegen mot eit berekraftig samfunn trengst omfattande endringar – men får me eit dårlegare samfunn av den grunn?

Tappar jorda

Sjølve eksistensgrunnlaget vårt er pressa utan ei djuptgripande samfunnsendring. For kvar dag som går, tappar me jorda for naturressursar samtidig som me går mot minst fire graders global oppvarming. Utan ei omlegging av kursen går me mot ei framtid prega av eit stadig meir ustabilt klima, med ekstremvêr, havstiging, mangel på mat og reint vatn og millionar av menneske på flukt.

Kvifor engasjerer ikkje desse utfordringane fleire ungdommar?

Det er me, og generasjonane etter oss, som må endra levevanar, kutta ned på overforbruket.

Synnøve Kvamme

Blind tru på teknologi

Eg trur det er fleire grunnar til det manglande miljøengasjementet i min generasjon. For det første er me teknologioptimistar; fødd inn i ei tid med revolusjonerande teknologiutvikling. Dette har gitt mange av oss ei blind tru på at teknologien kan redda oss frå ei kvar utfordring. Me har følgt telefonen på ferda frå den frigjorde seg frå leidningen, frå antennemobil til Nokia med Snake, til dagens smarte touch-mobilar som er reinaste science fiction samanlikna med mobilen for ti år sidan.

Me har sett TV-en gradvis slanka vekk heile bakenden. Me har vore vitne til at datamaskiner har utvikla seg frå stasjonære, kvite kassar med kornete grafikk til lekre, berbare PC-ar og nettbrett.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Alle har eit ansvar

Eg trur kombinasjonen av skråsikker teknologioptimisme og miljøutfordringane sin komplekse og diffuse karakter er hovudårsakene til manglande engasjement blant dagens unge. Det er likevel ikkje slik at det berre er vår generasjon si oppgåve å løysa miljøproblema. Dei som rettar ein kritisk peikefinger mot oss unge for mangel på miljøengasjement, bør begynna med å ta ein kikk på seg sjølve.

Poenget er at foreldregenerasjonen ikkje berre kan forlata festen og etterlata oppryddinga til oss.

Synnøve Kvamme

Foreldregenerasjonen må bera sin del av ansvaret for at dei ikkje tok grep medan me framleis hadde god tid. No er tida i ferd med å renna ut, og omstillinga til det berekraftige samfunnet vert meir krevjande desto lenger me ventar. Skal me klara det i tide og unngå dei mest alvorlege klimaendringane, må alle bidra. Å plassera skuld er ikkje fruktbart og vil ikkje løysa miljøproblema – men poenget er at foreldregenerasjonen ikkje berre kan forlata festen og overlata oppryddinga til oss. Me har alle eit ansvar, ikkje berre me som er unge.

LES OGSÅ: DNB mener Norges gullalder er over

Tilbake til sunn fornuft

Det er ikkje tvil om at teknologisk innovasjon vil vera viktig i omstillinga til eit grønt samfunn, men me kjem likevel ikkje utanom ei haldningsendring. Dagens bruk-og-kast-samfunn kan aldri bli berekraftig, spesielt ikkje i ei verd med over sju milliardar menneske. Uansett teknologiske nyvinningar må forbruket vårt ned. Det treng ikkje bety redusert levestandard – tvert imot. Eg er sikker på at me vil få lykkelegare liv når me sluttar å kjøpa alle tinga me ikkje treng.

På mange måtar handlar det berekraftige samfunnet om å gå tilbake til sunn fornuft.

Synnøve Kvamme

På mange måtar handlar det berekraftige samfunnet om å gå tilbake til sunn fornuft. Det krev i grunn ikkje så store «offer» av oss som enkeltpersonar. Å leva miljøvenleg handlar nemleg ikkje om å flytta ut i skogen og leva av bær og sopp. Det handlar ikkje om å slutta å dusja eller om å bli vegetarianar. Det handlar ganske enkelt om måtehald. Det er ikkje forbruket vårt som er problemet, men overforbruket.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Materialistisk gullalder

Det handlar om å slutta å kasta ein fjerdedel av maten vår, og å eta litt mindre kjøt. Ikkje slutta å eta kjøt, men til dømes ha éin eller fleire kjøtfrie dagar i veka. Det handlar om å skru av lyset når du går ut av eit rom. Det handlar om å reparera ting i staden for alltid å kasta og kjøpa nytt. Det handlar om å ikkje fylla opp skuffer, skap, loft og garasjar med ting og tidstjuvar du ikkje har bruk for. Å ta toget eller bussen i staden for bilen om du kan. Eigentleg handlar det om ting som var sjølvsagte for ikkje så mange år tilbake.

Eg trur me må sjå på omstillinga til det berekraftige samfunnet som ein moglegheit til eit betre, sunnare og meir rettferdig samfunn. Kanskje den materialistiske gullalderen nærmar seg slutten – men det betyr ikkje at livskvaliteten vår vil gå ned. Eg trur ei framtid med færre ting og eit meir bevisst forhold til forbruk er ei god framtid – både for miljøet og folk i alle aldrar.