Mykje styr om lita note

Ein kan tvila på at Anders Lange sitt parti fekk pengar frå Sør-Afrika. Det er vanskelegare å tvila på at han var apartheidtilhengjar med gode kontaktar i landet, skriv Øyvind Strømmen.

Anders Lange under valgkampen i 1973

Anders Lange under valkampen i 1973.

Foto: SCANPIX
Kronikkvignett Ytring

I eit lesarinnlegg i Aftenposten i august 1973 stilte Johan C. Løken eit spørsmål han ikkje var åleine om: «Når sprekker det for Anders Lange og hans parti?»:

«Min spådom er at Anders Langes Parti ganske raskt vil gå opp i limingen og at velgerne en erfaring rikere vil vende tilbake til sine «gamle», til tider ufullkomne, men velprøvde partier.»

På sett og vis skulle Løken få heilt rett. Det gjekk slett ikkje lang tid før Anders Langes Parti (ALP) reint faktisk gjekk opp i liminga. Samstundes bomma han kraftig: I 2012 er Framstegspartiet, ALP sin arvtakar, eit av dei største partia her til lands. Regjeringsmakta er innanfor rekkjevidd.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Flyvende tallerkenar frå fjerne kloder

Ein kan meina mykje om Anders Lange – mannen som i sin ungdom lét seg fascinera av fascismen, som mange i Fedrelandslagets Ungdomsfylking, men som tok til vit før det var for seint. Kva ville den politiske bråkmakaren, han som ikkje berre var oppteken av offentlege inngrep og høgt skattenivå, men også av «eksistensen av flyvende tallerkenar frå fjerne kloder», av dyrevern og av bruk av giftstoff i landbruket meint om partiet sitt i dag? Det er vanskeleg å gissa.

Ein ting er det liten tvil om: Lange var ein dei meste fargerike personane norsk politikk nokon gong har sett.

Øyvind Strømmen, forfatter

Men ein ting er det liten tvil om: Lange var ein dei meste fargerike personane norsk politikk nokon gong har sett. Slik sett er det jo positivt at han igjen har dukka opp i norsk offentlegheit, takk vere ei fotnote i ein rapport frå Antirasistisk Senter.

Ei skandale i Sør-Afrika

Lat oss sjå på fotnota i ARS-rapporten (PDF), ein rapport som elles understrekar at det «ikke [synes] riktig å omtale Frp som et høyreradikalt parti». I fotnota heiter det: «Frp skal på et tidlig tidspunkt ha mottatt valgkampstøtte frå apartheidregimet, som så på partiet som en alliert; det var ved hjelp av denne støtten at partiet kom inn på Stortinget».

Det gjorde partiet sin innvandringspolitiske talsmann Morten Ørsal Johansen sint, og har vorte fulgt opp med trugsmål om å ta statsstøtta frå Antirasistisk Senter. For, hevdar Johansen, dette er ein påstand Framstegspartiet har «tilbakevist». Det er mykje styr om ei lita note!

Johansen har likevel eit problem, og det er at Framstegspartiet slett ikkje har «tilbakevist» påstanden på særleg overtydande vis. Og påstanden ARS gjev att er heller ikkje teke ut av lause lufta. Han er fundert på ei rekkje indisium.

Tvilsam pengebruk

Påstanden kjem frå boka «The real information scandal» skriven av sørafrikanaren Eschel Rhoodie i 1983.

Ifølgje The Guardian gjekk eit beløp tilsvarande 180.000 kroner (rundt ein million 2013-kroner) til Anders Lange og partiet hans.

Øyvind Strømmen, forfatter

Rhoodie jobba for informasjonsdepartementet, som vart etterforska for tvilsam pengebruk. Han skildrar korleis betydelege pengebeløp vart nytta til å finansiera støttespelarar i ulike land – noko som utvilsamt var tilfelle. Han hevda at det inkluderte støtte til Anders Langes Parti ved partiet sin fyrste valkamp, og skildrar kor forbausa han og kollegaene vart då partiet enda opp med fire medlemer i nasjonalforsamlinga.

Boka var likevel ikkje fyrste gongen påstanden om sørafrikansk pengestøtte dukka opp. Det hende i The Guardian i mars 1979. Ifølgje avisa gjekk eit beløp tilsvarande 180.000 kroner (rundt ein million 2013-kroner) til Anders Lange og partiet hans. Saka vart plukka opp av Aftenposten, som intervjua Lange sin arvtakar, Carl I. Hagen.

Hagen sa til avisa at han «for sin del ikke ville bli overrasket om det blir avslørt at Lange fikk penger frå Syd-Afrika» (mi utheving), men understreka at Lange nok ikkje ville sett på dette «som bestikkelse», då han var «sympatisk innstillet overfor Syd-Afrika allerede før han var på besøk der». Nokre dagar seinare skreiv likevel Ole-Jacob Hoff, ein av Lange sine venar, at Anders Lange ikkje var ein kar som lét seg bestikka:

«Kjernespørsmålet er hvorvidt Anders Lange mottok noen støtte frå Syd-Afrika som forpliktet ham til gjenydelser, f.eks. i form av politisk støtte i Stortinget. De folk kjenner ikke Anders Lange, som tror at han kjøpslo på denne måten.»

Takknemlege for støtten frå Lange

Hoff utelukka ikkje at pengar kunne ha kome frå apartheidregimet, og heller ikkje at desse kan ha endt opp i valkampen, men meinte det ikkje gav nokon rett til «å si at Anders Lange kjempet for andre ideer enn sine egne, eller for andre lands interesser enn Norge». Han fortel elles om Lange sitt besøk til Sør-Afrika i 1972, året før partistiftinga, eit besøk som skjedde «efter invitasjon av den statlige informasjonstjeneste der»:

«Invitasjonen til denne reisen ble såvidt jeg vet formidlet gjennom gode venner av Anders Lange – syd-afrikanere med slekt i Norge, og nordmenn med slekt i Syd-Afrika. De var ham takknemlege fordi han tok til motmæle mot den ofte einsidige hets Syd-Afrika var gjenstand for i Norge.»

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Synt rundt på tinget

Verdensmagasinet X trykte ein artikkel om Rhoodie sine påstandar i 2008, og Dagens Næringsliv grov djupare i 2006. Då intervjua dei også ei rekkje av dei den gong unge mennene i krinsen rundt Lange, dei såkalla «hundegutane».

Den tidlegare hundeguten Jan Hervig fortalte at han ikkje trudde at partiet hadde fått pengar, men «at Anders ble bevertet av regimet, er sikkert», sa han.

Øyvind Strømmen, forfatter

Ein av dei fire som vart vald inn på tinget for ALP, Erik Gjems-Onstad – seinare kjend for sine band til fleire ytterleggåande nasjonalistiske grupper – kunne fortelja om eit møte med Rhoodie, og at sørafrikanaren vart synt rundt på Stortinget av Lange eit par veker etter valet. Den tidlegare hundeguten Jan Hervig fortalte at han ikkje trudde at partiet hadde fått pengar, men «at Anders ble bevertet av regimet, er sikkert», sa han, og synte til Lange sitt besøk til Sør-Afrika i 1972.

Nær sagt umogleg å konkludera

I boka Anders Langes saga siterer Arild Rygnestad ei anna, men ikkje namngjeven, kjelde «som stod Anders Lange nær». Her vert det snakka om pengestøtte, men då til Lange personleg:

«[Pengestøtta] pågjekk i to-tre år, det vil seie frå byrjinga av 1970 og fram til 1973, då eg forsvann ut av Langes krins. Beløpa redda Lange ut av fleire økonomiske kriser. [ ...] Pengane kom direkte til Anders Lange, og kor mykje partiet fekk, veit ikkje denne kjelda.»

Ein diskusjon om Framstegspartiet si fortid kjem neppe til å vera berre behageleg for Ørsal Johansen og partikollegaane hans.

Øyvind Strømmen, forfattar

Med ei namnlaus kjelde som dette kan ein sjølvsagt gjerne konkludera med at påstanden ikkje er mykje verdt. Det let seg vanskeleg prova at Lange eller partiet hans fekk pengar frå Sør-Afrika, og om Framstegspartiet set seg føre å motbevisa det heile har dei også litt av ei oppgåve føre seg. I arbeidet med mi nye bok om norsk høgreradikalisme si historie, «Den sorte tråden» – der ALP har ei lita birolle – har eg lese mykje av det som er skrive om dette. Det er nær sagt umogleg å konkludera.

Pandora si øskje

Det er likevel noko slåande over at Ørsal Johansen vel å blåsa denne fotnota opp til ein debatt, i det som står fram som eit heller malplassert forsøk på å gå til åtak mot Antirasistisk Senter. Som Frank Rossavik nyss skreiv i Bergens Tidende er det noko han sjølv aldri ville ha funne på om han var Frp-ar. Det er nemleg ikkje alt som like lett kan trekkjast i tvil.

Med sin fotnotereaksjon har Johansen opna ei pandoraøskje. I den øskja ligg ein debatt som kan ha fellestrekk med debattane om ulike parti og personar på norsk venstreside si flørting med heller lugubre regime i andre delar av verda. For dagens politiske debatt har det ikkje all verdas relevans, men ein diskusjon om Framstegspartiet si fortid kjem neppe til å vera berre behageleg for Ørsal Johansen og partikollegaane hans.