NRK Meny
Kronikk

Mikrofonstativet

Norske media må vera meir sjølvkritiske i møtet med politisk ekstremisme.

Ubaydullah Hussain under rettssaken

Ubaydullah Hussain fra gruppa Profetens Ummah under rettssaken mot ham der han blei dømt til 120 dagers fengsel for trusler og hatefulle ytringer.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

VG sitt intervju med Ubaydullah Hussain i gruppa Profetens Ummah har vakt sterke reaksjonar, ikkje berre fordi Hussain ytrer støtte til den sjølverklærte islamske «staten» i Syria og Irak, men også fordi mange synest avisa si redaksjonelle vurdering er merkeleg.

Gjennom nesten 43 minutt får Hussain det som må omtalast som relativt fritt spelerom til å snakka om den islamske staten, eller snarare til å freista å skjønnmåla det som ikkje kan skjønnmålast. Blant dei som har reagert sterkt er Linda Alzaghari og Yousef Bartho Assidiq i tenketanken Minotenk. I eit innlegg hjå VG omtaler dei intervjuet som rein gratisreklame for ekstremistar. Dei reagerer særleg på at Hussain ei rekkje gongar i intervjuet hevdar å tala på vegne av norske muslimar, utan at intervjuaren konfronterer han med at dette slett ikkje er sant.

Intervjuet illustrerer openbert eit av paradoksa journalistar står ovanfor når ein skal skriva om ekstreme rørsler. På den eine sida er det interessant å få fram kva representantar for desse rørslene sjølv seier. For å forstå ekstremistiske rørsler, er det også naudsynt å forstå deira indre logikk. På den andre sida gjer media stadig tabber i møtet med ekstremisme, tabber som skaper reklame for ekstremistane.

LES OGSÅ: Ber Ubaydullah Hussain frasi seg statsborgerskapet.

Heime hos nynazistane

I 2012 laga Dagbladet ein slags heime hos-reportasjer med fleire representantar for den aller ytterste høgresida i norsk politikk. Dei møtte blant anna nynazistane Haakon Forwald og Ulvhild Aarthun. Intervjuet var utan kritiske spørsmål. Forwald snakka om korleis rørsla hans, den såkalla Norske Motstandsbevegelsen – ofte kalla Nordfront i norske media, berre vil bruka vald om dei vert fysisk angripe (det er ikkje heilt ulikt Hussain sine skrøner).

Media gjer stadig tabber i møtet med ekstremisme.

Øyvind Strømmen, Hate Speech International

Mannen, ein sjølverklært nasjonalsosialist, fekk slå om seg med påstandar om at Noreg manglar «reelt demokrati» og «ytringsfridom». Han får kalla Hitler ein god leiar. Det vert ikkje stilt kritiske oppfølgingsspørsmål.

Seinare same år publiserte mannebladet Alfa ein lengre artikkel der Erwin Johan Wedel – han er nok meir kjend som tidlegare pornostjerne, under namnet Rocco – vitjar nynazistar i både Bergen og Tyskland. BA omtala artikkelen som eit «nazi-skup». Dei kritiske spørsmåla er få. I staden får ein servert gullkorn som dette, frå journalisten sjølv: «[Forwald] har også med seg sin kvinnelige kollega og samboer, med blonde og vakre trekk. Med Nürnbergs raselover i bakhodet kan man ikke unngå å se for seg at det var slike kvinner som inspirerte dem».

Etter å ha fått kjeft svara redaktøren for Alfa, Mats Schølberg Ulshagen, at han kunne forstå kritikken, og at saka med hell kunne vore både tyngre og breiare, men at dei ikkje hadde fått moglegheita til det. «Me tok tak i eit fenomen og fekk som einaste media lov til å møta dei og snakka med dei, og me tok det me fekk», sa han. Det er ei setning å grina over.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Fleire spørsmål, meir kontekst

Eg skal ikkje retta heilt tilsvarande kritikk mot VG. I intervjuet på VGTV vart faktisk Ubaydullah Hussain møtt med kritiske spørsmål – fleire av dei, parodisk nok, om den norske sexkjøpslova. Men spørsmåla burde vore fleire. Det burde ha vore meir kontekst.

Nynazisten får kalla Hitler ein god leiar. Det vert ikkje stilt kritiske oppfølgingsspørsmål.

Øyvind Strømmen, Hate Speech International

Og ein kan også stilla spørsmål ved om VGTV sitt djuptgåande og lange intervju ikkje er ein sjanger som er meir eigna når det er sjakkprofilar, musikarar eller politikarar som vert intervjua – ikkje ein representant for ein av dei mest ytterleggåande politiske rørslene som er å finna her til lands.

PR for dei ekstreme

I 2012 hadde også damebladet Bra Damer ein artikkel om eit profilert medlem i den svenske varianten av «Motstandsbevegelsen», den Svenska Motståndsrörelsen, ei gruppe som er knytt til ei rekkje grove valdsepisodar. Artikkelen og intervjuet vart raskt omtalt fleire stader enn i dette damebladet, nemleg på ei rekkje høgreekstreme nettstader i Sverige.

Det er vanskeleg å sjå poenget med å lata Hussain opptre som ein slags normal samfunnsdebattant.

Øyvind Strømmen, Hate Speech International

Det dette er eit godt døme på er korleis ekstreme grupperingar lengtar etter PR, og korleis media bidreg til å gje dei PR. Nokre gongar er ikkje det til å unngå, dersom ein i det heile skal setja søkjelys på politisk ekstremisme som samfunnsproblem. Men nokre gongar burde både journalistar og redaktørar tenkja seg betre om.

Etter VGTV sitt intervju har til dømes Dagbladet fulgt opp saka, blant anna ved å høyra med Ubaydullah Hussain kva han meiner om Framstegspartiet. Han kallar dei inkompetente rasistar. Det er mildt sagt vanskeleg å sjå det journalistiske poenget med å lata Hussain opptre som ein slags normal samfunnsdebattant, medan han opent stør ei gruppe som utfører fælslege ugjerningar i Irak og Syria. Om det er ei presseetisk vurdering rundt tilsvarsrett som ligg bak, er det heile eit døme på presseetikk gone bad.

Vil nyttast til rekruttering

VGTV sitt intervju med Hussain har sine gode sider. Ekstremisten Hussain vert i noko mon avkledd. Med meir kontekst – til dømes djupare redaksjonell omtale av ideane han legg føre, gjerne med samanlikning med det ideologiske materialet ISIS/IS sjølv produserer – kunne det ha vore betre.

Om det er ei presseetisk vurdering som ligg bak, er det heile eit døme på presseetikk gone bad.

Øyvind Strømmen, Hate Speech International

Der Hussain slepp unna med å snakka om korleis ein vil ha kontroll over Palestina, kunne det til dømes vore relevant å syna til korleis ISIS omtaler jødar. Intervjuet har også hatt positive etterdønningar, då det syner korleis nordmenn flest står saman i avstandstakinga til ekstremismen – uavhengig av religiøst tilhøyre.

Men sjølv om Hussain vert avkledd, vil intervjuet garantert også tena til PR. Det vil verta nytta til rekruttering – både til gruppa Profetens Ummah og til muslimhat. Det er eit dilemma norske media bør vera meir observante på.