NRK Meny
Kronikk

Men Britney var ikkje død

Britney Spears har gjort meir enn dei fleste for å drepa si eiga karriere. Men ikkje nok.

Av alle popkulturelle fenomen som kan få ein 25-åring til å kjenna seg gamal, står Britney Spears ganske høgt oppe på lista. Då ho denne veka kom ut med sitt åttande studioalbum, var det gått nesten 15 år sidan « … Baby One More Time» slo ned som ei skuleuniformert bombe på den amerikanske og globale musikkmarknaden.

Britney og Madonna

Britney og Madonna på MTV Music Awards

Foto: SCOTT GRIES / AFP

Det er ti år sidan Madonna på rituelt vis gav plass til den framleis purunge Britney på poptrona, ved å bokstavleg talt klina til med sin yngre kollega på ein prisutdeling i regi av MTV. Og det er etter kvart gått mange lange år sidan det vart klart for dei fleste at Britney Spears ikkje nødvendigvis er ein person i fullstendig harmoni med seg sjølv.

Seigliva stjerner

Hår er vorte barbert av, ekteskap er gått i oppløysing, rusproblem er blitt adressert. Keisam musikk har blitt produsert på løpande band. Så kvifor bryr skal me eigentleg bry oss om at endå eit kapittel i soga om Britney Spears no er skrive?

For alt snakket om kor raskt utviklinga i popmusikken går, er det påtakeleg kor seigliva dei største stjernene er.

Maria Horvei, musikkskribent

Her er saka: For alt snakket om kor raskt utviklinga i popmusikken går, er det påtakeleg kor seigliva dei største stjernene er. Har du fyrst etablert deg på eit nivå der folk er på førenamn med deg, du har slått nokre salsrekordar opp gjennom åra og har ein hitkatalog stor nok til å fylla eit par timars konserttid, er det vanskeleg å førestilla seg ei stor nok mengde personlege problem og lite gjennomtenkte musikalske vegval som skal til for at du ikkje lenger vert rekna med.

Sjå på Mariah Carey. Sjå på Whitney Houston. Sjå på Michael Jackson. Og sjå på Britney Spears.

«Tilbake i toppform»

For når Britney Spears no er klar med sitt «mest personlege album til no», Britney Jean, har ho eigentleg ikkje noko som helst gåande for seg – bortsett frå sin eigen status som ei av vår tids udiskutabelt viktigaste popikon. Jau då, det førre albumet Femme Fatale inneheldt nokre gode hits, men det var vel få som gav Britney sjølv æra for akkurat det.

Det stadige snakket om ei «Britney Spears tilbake i toppform» har gått i rykk og napp sidan samanbrotet i 2007, og har for det meste vist seg å handla om at PR-apparatet kring artisten har greidd å halda ho i ei passe kort lenke lenge nok til at ho kan visa fram ein nytrent bikinikropp for kameraa.

For dei av oss som ikkje er gamle nok til å hugsa då Madonna slo gjennom, er Britney Spears sjølve inkarnasjonen av ei «popstjerne».

Maria Horvei, musikkskribent

I mellomtida har Britneys tenåringspublikum vorte stadig eldre og den nye generasjonen har blitt mata med meir enn nok andre tabloidvenlege artistar med mikrofonmyggen limt fast til kinna til å halda suget etter dette påståtte comebacket i sjakk.

I oppsummeringa av musikkåret 2013 kjem det til dømes til å vera vanskeleg å koma utanom at ei viss Miley Cyrus har slått Britney Spears ned i stiletthælane, ved å ta i bruk mange av dei same teknikkane Britney sjølv brukte då ho ville bli kvitt sitt sukkerbelegg av eit image. «Sjokkfaktor» og «eit par solide låtar» er altså stikkorda i denne samanheng.

I passasjersetet

Det vert sjølvsagt ikkje så mykje betre av at store delar Britney Jean er direkte ulideleg å høyra på. Dette er ein langdryg kamp for å halda ein slapp finger på ein svakt pulserande tidsand.

Britney Spears har alltid sitte i passasjersetet – til PR-apparatet sitt, til sitt eige image, til den delen av publikum som framleis inst inne vil at ho skal få orden på sakene sine.

Maria Horvei, musikkskribent

David Guetta og Will.I.Am er henta inn for å gje det heile eit passe generisk strøk av «elektronisk danskemusikk», medan den autotuna hovudpersonen sjølv knapt er til å skilja ut frå laga med syntetisk instrumentering.

Dei som ynskjer å erklæra Britney Spears si karriere for ferdig ein gong for alle, har med andre ord nok av bevismateriale å visa til.

Men så var det dette med den trassige stayer-emna, då. For Britney Spears er ikkje berre summen av sine eigne handlingar – ho er ein idé. Og idear er som kjend ikkje så enkle å ta livet av.

Generasjonsdefinerande

Britney Spears

Britney Spears på IHeartRadio Music Festival

Foto: Powers Imagery / Ap

For dei av oss som ikkje er gamle nok til å hugsa då Madonna slo gjennom, er Britney Spears sjølve inkarnasjonen av ei «popstjerne». Ei popstjerne som har omtrent lite påverknad på si eiga karriere som ei utstillingsdokke på H&M, ja visst. Men ei generasjonsdefinerande, framleis kommersielt marknadsførar popstjerne like fullt.

Det mest talande augeblikket på Britney Jean, kjem såleis i låten «Passenger».

– I can’t let go of control, insisterer ho, og seinare: – I’ve never been a passenger, no.

Ein fullstendig absurd påstand, så klart. Britney Spears har alltid sitte i passasjersetet – til PR-apparatet sitt, til sitt eige image, til den delen av publikum som framleis inst inne vil at ho skal få orden på sakene sine. Så får me sjå kor lenge hjula held fram med å rulla.

Eg tippar ei stund til.