Meiningsløyse som strategi

Kva skjer med den politiske debatten når vi misforstår kvarandre med vilje?

Sandra Borch

OMDISKUTERT: Leder for Senterungdommen, Sandra Borch, fikk gjennomgå etter et utspill om norsk grensepolitikk denne uken.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
Jens Kihl byline
Valkampmedarbeidar i SV og arbeidsutvalsmedlem i Nei til EU
Kronikkvignett Ytring

Onsdag 27. mars kunne vi lese denne ingressen i Klassekampen: ”Ransoffer: Sandra Borch har fått mobilen frastjålet to ganger på trikken det siste året. Nå er hun lei ”fri flyt av kriminelle i Norge”, og går inn for strengere grensekontroll på Senterpartiets landsmøte.”

Resultat: Twitter går fullstendig bananas. Saka blir framstilt som om Borch vil stenge grensene og at kravet kjem på bakgrunn av to stolne mobilar. På emneknaggane #stengtegrenser og #sandraborch kunne twitteratet boltre seg i vitsar om leiaren i Senterungdommen. Derfrå går det raskt over i rein sjikane, personåtak og relativt grove kommentarar.

Men var det sant?

HØR DISKUSJON OM DENNE KRONIKKEN: Politisk kvarter

Eg tek utspelet ditt, vrengjer det til det ugjenkjennelege og kritiserer det. Hardt.

Jens Kihl, valkampmedarbeidar i SV og arbeidsutvalsmedlem i Nei til EU

Dersom ein les saka i Klassekampen, er det ganske tydeleg at Sandra Borch ikkje har stått på trikken og tenkt ”faen, mobilen er borte. No må vi stenge grensene!”. Ho tek opp ein heilt reell debatt om Schengen-avtalen, og brukte seg sjølv som døme.

Eg veit ikkje om det var journalisten eller desken i Klassekampen som snudde saka på hovudet, men dei må ha visst kva dei gjorde: Tømte saka for meiningsinnhald og la vegen open for drittslenging og hets mot ein som allereie må tole meir enn dei fleste for meiningane sine.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Hellelands metode

8. mars, sjølvaste kvinnedagen i stemmerettsåret, tok Inga Marte Thorkildsen opp ein viktig debatt: ”- Man kan si det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke”, kunne vi lese på framsida av Aftenposten. Statsråden var oppteken av kva som eigentleg skjer med privatøkonomien og pensjonen til kvinner som går heime, ikkje minst utfordringane etter eit samlivsbrot.

Derfrå går det raskt over i rein sjikane, personåtak og relativt grove kommentarar. Men var det sant?

Jens Kihl, valkampmedarbeidar i SV og arbeidsutvalsmedlem i Nei til EU

Høgre-politikeren Linda Hofstad Helleland svarte med følgjande kraftsalve: ”Hun er kvinners verste fiende.” KrF-leiar Knut Arild Hareide valde denne formuleringa i landsstyretalen sin: ”Jeg vil gjerne gi en offentlig beklagelse på vegne av oss politikere: Inga Marte Thorkildsen står for en stigmatisering og en verdiformidling som barneminister som er helt utrolig.”

Men hadde Thorkildsen sagt at kvinner som arbeidde deltid var mindre verdt? Nei, ho hadde sagt at dei fekk lågare inntekt. Det er noko heilt anna, og det må både Hofstad Helleland og Hareide ha oppdaga. Thorkildsen presiserte at ho var oppteken av inntekstnivå og økonomiske utsikter, ikkje å snakke ned kvinner som allereie er i ein sårbar situasjon. Då denne saka blei tema for Debatten på NRK1 torsdagen etter, kan det ikkje ha eksistert tvil for Helleland og Hareide om kva Thorkildsen meinte.

Kva skjer?

Sånn kan vi halde på. Eg tek utspelet ditt, vrengjer det til det ugjenkjennelege og kritiserer det. Hardt. Og gjerne med eit par grove personkarakteristikkar på kjøpet. Korleis kan folk som ikkje er veldig interessert i politikk forstå kva vi driv med når vi for lengst har slutta å diskutere politikk og i staden bruker tida på å kritisere kvarandre for ting vi ikkje meiner?

Det kan ikkje vere særleg lett å orientere seg i det politiske landskapet når den politiske debatten handlar mykje om medvitne misforståingar og lite om det saklege innhaldet i politikken. Det er ikkje lett å finne ut kven som meiner kva om Schengen-avtalen eller kvinners økonomi etter å ha følgt ordskifta i kjølvatnet av utspela frå Borch og Thorkildsen.

Det trengst meir Kardemomme-lov i norsk i politikk.

Jens Kihl, valkampmedarbeidar i SV og arbeidsutvalsmedlem i Nei til EU

Og kor freista blir desse damene til å stå for det dei meiner når dei på førehand veit kva som ventar dei: ei rekkje journalistar og politiske motstandarar som medvite vrengjer på innhaldet, tek enkeltsetningar ut av samanhengen og tek spelaren i staden for ballen. Det trengst meir Kardemomme-lov i norsk i politikk.

Eg har vore politisk aktiv i om lag ti år. Så vidt eg kan forstå har ikkje klimaet blitt så mykje hardare, men ganske mykje dummare. Eg starta med politisk arbeid i Norsk Målungdom, og blei forbløffa over kor tåpeleg nynorsk-debatten i Noreg var. Kan ein fjerne sidemålet frå norskfaget ved å kalle nynorsken ein sjukdom? Det trigga meg til innsats, fordi eg meinte – og meiner – at vi må argumentere ut frå kva som er sant og ikkje ut frå kva som er morosamt. Seinare gjekk eg skuledebattar for SU, og synst det var heilt krise.

Alle i panelet jaga etter latter frå salen og kunne godt lyge om kva dei andre meinte for å hauste applaus.

Eg blei meir og meir motlaus av å gå debattar etter kvart som eg innsåg at eg knappast fekk snakka om kva SU og SV stod for, og i staden brukte tida på hersketeknikkar og billege triks.

Kva elevane kan ha fått ut av dette, er for meg høgst uklart.

Eit løfte

Det er på tide å skjerpe seg. Folk som ytrar seg – og særleg damer – får alt for mykje dritt slengt etter seg når dei opnar nebbet. Eg vil ikkje lenger bidra til at det er sånn. Frå no av lovar eg å tolke meiningsmotstandarar i beste meining, halde meg til saka, aldri late som dei seier noko anna enn kva dei har sagt, og å lese heile utspelet før eg gjer meg artig på deira kostnad. Og eg synst fleire, både journalistar, politikarar, synsarar og medlemer av twitteratet bør avleggje det same løftet. Det verste vi kunne risikere var ein valkamp som plutseleg handla om politikk.

Eg veit at eg kjem til å gløyme meg. Og då forventar eg å bli sett på plass. Sakleg, og utan personkarakteristikkar.

En versjon av denne teksten er også publisert på maddam.no