Med kjærleg helsing

Det var ikkje komplisert å skrive brev på vegner av kvinner som menn ville date. Problemet var å måtte lyge og dikte opp historier om eit liv som ikkje var mitt.

Nordmenn er verdensmestre i nettdating. Men vet vi hvem vi dater? Brennpunkt er med Svein Helge og Kenneth som er på jakt etter dame i Ukraina. I Norge sitter en alenemor som kanskje må selge huset sitt fordi hun ble forelsket i feil mann på Match.com. Noen blir svindlet, andre finner den store kjærligheten. Er det myndighetenes ansvar å etterforske dette ?

Nordmenn er verdensmestre i nettdating. Men vet vi hvem vi dater? Brennpunkt-dokumentaren "Love hurts.com" viser både kjærlighet og svindel. Kronikkforfatter Fedorchenko jobbet som brevskriver for et ukrainsk datingbyrå.

Alexandra Fedorchenko byline
Tidlegare brevskrivar i datingbyrå
Kronikkvignett Ytring

Eg var 18 år då eg byrja å jobbe som brevskrivar i eit datingbyrå, som formidla kontakt mellom utanlandske menn og slaviske kvinner. Eg tenkte at dette var ein sjanse til å opparbeide meg betre språkkunnskapar og tene pengar. Kvifor ikkje? Som 18-åring har du eit sterkt ynskje om å vere sjølvstendig, koste kva det koste vil. Når du treng pengar til å leve, må du vurdere all slags arbeid.

Eg har ikkje lang arbeidserfaring. Men eg har likevel gjort meg opp ei meining om kva eg likte og ikkje likte med denne jobben.

Det var inga overrasking at det fanst mange dating-nettsider som skulle kople slaviske jenter med utanlandske menn.

Alexandra Fedorchenko

Mine første dagar på jobb var ganske kaotiske. Eg forstod ikkje heilt korleis selskapet tente pengar. Eg trudde det var ei nettside der par kunne skrive brev og svare kvarandre på e-post. For å vere ærleg, så var det inga overrasking at det fanst mange slike dating-nettsider som skulle kople slaviske jenter saman med utanlandske menn.

Minst 15 brev kvar dag

Sidan eg var ny, gav sjefen meg informasjon om og passordet til eit par kvinner som eg skulle skrive brev for. Desse kvinnene er ekte. Datingbyrået tar profesjonelle foto av dei, men dei kan ikkje engelsk. Det er hovudgrunnen til at dei ikkje kan chatte med mennene sjølve. Eg måtte sende det såkalla «introduksjonsbrevet» til minst 15 menn kvar dag. Deretter var det berre å vente på svar.

Etter ei stund innsåg eg kva jobben eigentleg bestod av. Det var ikkje noko komplisert å skrive breva. Problemet var å måtte lyge og dikte opp historier om eit liv som ikkje var mitt. Eg skreiv ikkje om pengar og sex. Desse temaa var det forbode å snakke om.

LES OGSÅ: Hvem er ofrene for nettdating-svindler?

Dårleg betalt

Uansett, for meg var det berre ein jobb.

Løna mi blei bestemt ut frå kor mange brev som blei opna og kor mange som ville chatte med kvinnene eg representerte. Det var dyrare for mennene å chatte enn å ta imot brev. Eg trudde eg ville bli betalt ei vanleg ukrainsk gjennomsnittsløn, men tok feil. Eg kunne ikkje tru at eg hadde jobba for så lite. Den første lønninga blei også den siste. Eg slutta.

Løna mi blei bestemt ut frå kor mange menn som ville chatte med kvinnene eg representerte.

Alexandra Fedorchenko

Sjølv om det ikkje var draumejobben, er eg ganske sikker på at byrået som eg jobba for førte til tre ekteskap mellom menneske frå ulike land.

Tillitsfulle

Kanskje hadde eg ikkje nok erfaring med å vere i vaksne forhold. All denne kommunikasjonen med framande handla om dating, å skaffe seg familie og barn. På denne tida var eg ikkje klar for å snakke om dette med nokon, spesielt ikkje med menn.

Eg forstår framleis ikkje korleis folk kan vere så tillitsfulle? Mennene kan skrive om det dei vil; sex, pengar, ja, heile livshistoriene sine. Ikkje berre skitne sexdetaljar, men også om dei mest dramatiske tinga dei har opplevd.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter.

Tar feil

Grunnen til at ukrainske kvinner søkjer seg til slike byrå er enkel – eit stort ynskje om å skaffe seg eit betre liv utanfor Ukraina. Dei trur at alt kan endre seg med eit knips, som i Askepott. På den andre sida er menn frå heile Europa interessert i kvinner frå Ukraina og Russland. Dei trur at desse kvinnene ser annleis på livet enn andre europeiske kvinner, at dei ikkje er ute etter pengar, eit stort hus eller ein bil. Men at dei er opptatt av kjærleik og den spirituelle verda.

Sjå etter kjærleiken i nærleiken, ikkje 100 mil unna.

Alexandra Fedorchenko

Begge, både menn og kvinner, tar feil.

Mitt råd er enkelt: Set pris på folk som står deg nærme. Sjå etter kjærleiken i nærleiken, ikkje 100 mil unna. Han er der ein plass, gøymt.

Denne kronikken er oversett frå engelsk til norsk av redaksjonen.