Hopp til innhold
Kronikk

Me må redda lyden av Noreg

Det er på tide å gje naturen plass til å vera natur. Til beste for både naturen og menneska.

Vipe

Vipa er eit sikkert vårteikn, men den er no sterkt trua. Viktige våtmarksområde og annan natur må få stå i fred, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Me er no i den tida av året der livet vaknar att. Våren er årstida for nytt liv og pågangsmot i dei fleste samfunnslag. Ta til dømes landbruksnæringa; lamminga er i full gang, våronna bør starta kor tid som helst, korn skal såast og potetene skal i jorda. Me kjenner det på ljoset, lukt, og ikkje minst lyd.

Det tydelegaste teiknet på at vinteren er over, er at trekkfuglane kjem tilbake. Songen deira fyller liva våre att. Denne lyden av vår kjærteiknar heile landet vårt, også område som ikkje er prega av natur. Fuglesong er ein svært viktig del av lyden av byar, parkar, og jordbrukslandskap. Uansett kvar du er: fuglesong er sjølve lyden av Noreg som vaknar etter vinteren.

Naturen sine problem smittar gjerne over på oss menneska.

Naturen si vekkarklokke har vore med menneska frå me fyrst kom til Noreg. Fuglane sine varslar om vår har vore så pålitelege at det ofte var teiknet på kor tid åkeren skulle pløyast eller kornet såast. Andre viktige gjeremål vart også lagt på is til naturen sjølv gav beskjed om at tida var inne.

Det å ikkje lytta til naturen kunne bety forskjellen mellom velstand og hungersnaud. Også i dag er lyden av natur viktig for oss. Helsa vår har godt av å oppleva natur, slik som fuglesong om våren.

Dramatisk nedgang

Men no er naturen si vekkarklokke i ferd med å stilna. 40 prosent av våre nær 300 hekkande fugleartar står i fare for å forsvinna frå Noreg.

Ivar Herfindal, forsker ved NTNU

Noreg har eit særskilt ansvar for natur som kryssar landegrensene, skriv naturforskar Ivar Herfindal.

Foto: privat

Kvart fjerde år utarbeider Artsdatabanken ei ny liste over artar som står i fare for å forsvinna. Stadig fleire fuglar hamnar på denne lista. Denne dramatiske nedgangen i fuglebestandane våre har skjedd i laupet av nokre tiår.

Dei litt eldre lesarane vil nok nikka attkjennande til lyden av vipe og storspove som spelar våren inn, eller tjelden som fløyter i fjæresteinane. Dagens bestandar av desse artane er meir enn halvert sidan år 2000. Mange av oss opplever difor ikkje desse lydane som ein del av våren lenger.

Me har endra landet vårt til eit lappeteppe av små flekkar med meir eller mindre intakt natur.

Trekkfuglane står i ei heilt unik særstilling blant våre truga fuglar. Trekkfuglar overvintrar i område med varme vintrar, gjerne sør for Sahara. Dei er alle heilt avhengig av ein hektisk norsk sumar for å bringa slektene vidare. Men eit slikt dobbeltliv kan vera farleg. Rett nok slepp dei unna ein hard norsk vinter, men ei lang reise og overvintring i sørlegare strok er ikkje å kimsa av.

Noreg har eit særskilt ansvar

Det kan vera lett å legga skulda for trekkfuglane sine problem til sørlegare breiddegrader. Og det stemmer til ein viss grad. Jakt og fangst av «våre» trekkfuglar i Sør- og Mellom-Europa har tidlegare gjort store innhogg i bestanden. Brusfuglen, som har eit av dei mest spektakulære paringsrituala av fuglane våre, møter stadig større utfordringar på trekkrutene sine til Vest-Afrika.

Trekkfuglane står i ei heilt unik særstilling blant våre truga fuglar.

Men sanninga er at me i stor grad må sjå oss sjølve i spegelen for skjøna kvifor fuglane forsvinn. Når trekkfuglane vel å koma til Noreg om sumaren, er det fordi landet vårt har hatt dei beste områda for å bringa slekta vidare. Det er Noreg som er trekkfuglane si fødestove. Det er her neste generasjon vert klekte og fostra opp.

Utan suksess i Noreg hjelper det lite med all verdas overvintringsområde i syden. Me har difor eit særskilt ansvar, også for natur som kryssar landegrensene.

Våtmarksområde forsvinn

Vadefuglar er eit godt døme. Dei aller fleste vadefuglar i Noreg er trekkfuglar. Dei er heilt avhengige av våtmarksområde, slik som strandsoner, elvedelta og myr. Slike område har vorte mangelvare i Noreg dei siste tiåra.

Fuglesong er sjølve lyden av Noreg som vaknar etter vinteren.

Medan resten av Europa brukar store ressursar på å bevara og restaurera våtmark for å få tilbake tapt natur, så går Noreg motsett veg. Nokre av dei største naturinngrepa i vår historie skjer her og no, i viktige våtmarksområde. Store motorvegar vert lagt over eit av dei største elvedelta me har, eller over viktige myrområde langs kysten. Ei raud og «grøn» regjering jobbar iherdig for å oppheva forbodet mot nydyrking av myr, slik at enda meir våtmark kan øydeleggast.

«Kva so?» vil nokon kanskje spørja. Me må gjera prioriteringar, og stundom (eller stort sett alltid, viser det seg) må naturen vika for samfunnet sitt behov for vekst.

Den dramatiske nedgangen i fuglebestandane våre har skjedd i laupet av nokre tiår.

Naturen treng plass

Eit fullgodt svar krev at me løftar blikket litt frå fuglesong. At trekkfuglane forsvinn føyer seg inn i ei rekke av små eller store symptom på ein natur som har store problem. Og naturen sine problem smittar gjerne over på oss menneska. Om naturen må kjempa med menneska om plass, kan begge fort tapa.

Å løysa naturens problem er mogleg. Den er enkel, på papiret: Me gjev naturen plass til å vera natur.

Lyden av vår kjærteiknar heile landet vårt.

Me let viktige våtmarksområde stå i fred, og reparerer skader frå tidlegare synder. Me ser at det hjelper viss natur vert restaurert på ein skikkeleg måte. Naturen kjem tilbake, og med den også den gode lyden av vår.

Det store problemet vårt er me har endra landet vårt til eit lappeteppe av små flekkar med meir eller mindre intakt natur som det kostar å reparera.

Det er på tide å gje naturen plass til å vera natur, til beste for både natur og menneska.

Då kan framtidige generasjonar også vakna til naturen si vekkarklokke.