Kronikk

Månen over Stavang i Sunnfjord

Vanligvis skjedde alt utandørs i ferien. Sommaren 1969 var annleis.

FILE PHOTO: Buzz Aldrin poses for a photograph beside the deployed United States flag on the moon

I eitt mirakuløst døgn i 1969 gikk Neil Armstrong og Buzz Aldrin rundt på månens overflate og såg ned på ein blå klode så fylt av framtidsoptimisme at folk glømte seg sjølv, skriv Frode Grytten.

Foto: Nasa / Reuters

Då Neil Armstrong sette foten på månen, var eg i Stavang i Sunnfjord, åtte år gammal. Kvar sommar reiste vi for å besøke besteforeldra mine. Vi fiska og bada, vi sparka fotball og las blader, vi spelte kort og hjelpte til i slåtten.

Juli 1969 stod hesjene tomme. Alle sat inne for å følge Apollo 11.

Turen frå Odda til Stavang var vår måneferd. Det var ein lang, farefull ekspedisjon på smale, svingete vestlandsvegar. Ti, ni, åtte ... Vi skyt ut frå Odda om morgonen i grå Volvo PV. Løft opp! Første utfordring: ferja i Kinsarvik. Kø. Venting.

Frode Grytten

Frode Grytten poserar med far sin og familiens Volvo PV.

Foto: privat

Voss: Etterfylling av is og fiskeutstyr. Vikafjellet: Bror min og eg får maur i romdraktene. Vangsnes: Rannveig, vi har eit problem! Heile vegen deler mor mi ut syrlige drops for å halde motet oppe blant besetninga. Vi sit i baksetet og kikkar ut på universet. Ahhh! Har vi ikkje komme lenger?

Siste dramatiske etappe skjer i Eikefjorden. Slutt på offentlig veg. Onkel Malvin kjem for å hente oss med sin landingsmodul, ein motorbåt som tar oss heilt fram til ferieplaneten. Vi legg varsamt til kai i bestefars våg. Så kan vi setje foten ned på bøen. Eit lite steg for ein odding, eit kjempesprang for mennesket.

Eg var åtte år den dagen verda heldt pusten.

Sommaren ’69 var annleis. Vanligvis skjedde alt utandørs i ferien. Fiske torsk. Plukke bær. Mate sau. Klappe hest. Trampe høy. Gå tur. Spele ball. No sat dei vaksne inne. Dei snakka nesten ikkje saman lenger. Romma i huset var fylt med eit alvor.

Vi samla oss framfor tv-en, stira på Apollo 11 borte i Florida. Det var som om raketten eksploderte, røyken var kvit og tjukk og rislande, fylte skjermen som ein rasande foss. Så tok Apollo til å stige, fyrt opp av ein rasande stikkflamme.

Ingen sa noko i stova. Dette var for spennande. Sidan glodde vi på direktesendingane og nyheitssendingane, lytta til Jan P. Jansen og Erik Tandberg. Såg landingsfartøyet Eagle nærme seg overflata, ei diger bille av metall med fire bein. Såg Neil Armstrong ta dei aller første stega.

Ingen sa noko i stova. Dette var for spennande.

Bestefar min, Anders, var ein mann av få ord. No sa han ingenting, studerte nøye kvar rørsle og kvar prøve astronautane samla inn, 384.000 kilometer unna den vesle plassen der bestefar hadde levd sitt liv.

Anders Grytten er 73 år gammal denne sommaren. Han har stått om bord i fiskebåtar i alle år, med skipperlua nede i auga og tatoveringar på armane, i ei evig jakt på sild, havets sølv. No ser han mennesket gå med langsame steg over Stillhetens hav. At han skal få oppleve noko slikt i si levetid.

Over heile kloden sit folk slik vi sit oppe i Stavang. Seks hundre millionar menneske i det flakkande lyset frå fjernsynsapparat og storskjermar, hypnotisk stirande på uklare svart-kvitt-bilde av to menn som utforskar månen. I stover stirer dei, i hotellobbyar stirer dei. I parkar. På kafear. På pubar. På flyplassar. Gjennom vindauga hos den lokale tv-forhandlaren. I opphaldsrom på sjukehus, i det ovale rom i Washington DC.

Det var som om raketten eksploderte, røyken var kvit og tjukk og rislande, fylte skjermen som ein rasande foss.

Då Richard Nixon rett før midnatt den 20. juli 1969 ringte og snakka med Neil Armstrong, proklamerte presidenten at for ein magisk augneblink i menneskets historie var vi alle samla, stolt over at ferda hadde lykkast og saman i håpet om at astronautane skulle returnere trygt til jorda.

Romdraktene gjorde at Armstrong og Aldrin kunne ha vore kven som helst, vi skimta verken kropp eller ansikt der inne, det kunne ha vore vi som hadde flydd ut i rommet og no fullbyrda eldgamle visjonar.

Frode Grytten og søskenbarn

Frode Grytten (t.v.) saman med broren Arne og søskenbarna Jarle og Atle Grytten på garden i Stavang sommaren 1965.

Foto: Privat

Bestemor Inga var urolig. Kven skulle slå bøen? Kven skulle få graset opp på hesjene? Kven skulle mette sauane om vi blei sitjande pal framfor tv-en? Men etter åtte dagar returnerte Apollo-besetninga og landa i Stillehavet med 21,55 kilo prøvar frå månens overflate (altså litt meir enn kva Norwegian i dag godtar i bagasjevekt).

I nokre julidagar kunne vi drømme. Om alt mennesket fikk til om vi stod saman og jobba saman.

Neil Armstrong er borte no. Bestefar Anders er borte no. Nixon forsvann i ein flaum av løgner og krigsgalskap. Amerikanarane sendte fleire menn til månen. Men det blei tydelig at dette var ei øving for kvite menn med enorme budsjett. Månen blei igjen noko vi beundra på avstand, ein billig rekvisitt for poetar og songarar.

Meiningsmålingar har vist at nesten 20 prosent av amerikanarane i dag trur at månelandinga kan ha vore ein bløff, at det heile spelte seg ut i NASA sitt tv-studio i Florida. Samstundes trur dei fullt og heilt på ein president som i løpet av sine første år i det kvite hus har servert over 10.000 utsegn som er direkte villeiande eller reine løgner.

FILE PHOTO: Earth rises above the moon's horizon during the Apollo 11 lunar mission

Jorda stig over månens horisont i juli 1969. 384.000 kilometer unna kan ein skimte Stavang i Sunnfjord.

Foto: Nasa / Reuters

I nokre julidagar kunne vi drømme. Om alt mennesket fikk til om vi stod saman og jobba saman. Mennesket kunne utrette bragder, ikkje bare krige og gå laus på kvarandre. Det var arbeidsinnsatsen til 400.000 amerikanarar som låg bak, måneferda kravde eit bakkemannskap på nær ein halv million.

Astronautane var kanskje dei utvalte, the right stuff, men ein heil nasjon stod bak historias mest kostbare og risikable dugnad.

I eitt mirakuløst døgn i 1969 gikk Neil Armstrong og Buzz Aldrin rundt på månens overflate og såg ned på ein blå klode så fylt av framtidsoptimisme at folk glømte både seg sjølv og bøar med bølgande gras som venta på å bli slått.