Hopp til innhold

Får kristne smake sin eigen medisin?

Fleire unge synest det er vanskeleg å stå fram som kristne. I Ytring TV møtest ein ateist, ein kristen og ein forskar til debatt.

Debatt om unge kristne og åpenhet.

– Mange kristne opplever at dei er ein minoritet, mens kritikarane føler at dei sparkar oppover når dei kritiserer kristendommen, seier religionssosiolog Lars Laird Iversen.

Han deltek i ei fersk episode av debattprogrammet Ytring TV, som mellom anna tar utgangspunkt i kronikken «Flaut å være kristen» av Ida Marie Haugen Gilbert.

– Er ein religiøs blir ein automatisk forklaring skuldig, skriv ho og fortel at ho snur Bibelen med ryggen inn mot veggen når ho får gjestar på besøk.

– Det blir litt som å vere muslim på landsbygda. Ein blir fort ‘ein av desse Mullah Krekar-ane’.

LES OGSÅ: Har politikerne mistet kontakten med norsk kristenkultur?

Kristen på venstresida

Lars Laird Iversen har forska på kvifor ein del unge kristne synest det er vanskeleg å snakke om trua si. Hans forsking viser at elevar med annan religiøs bakgrunn er meir opne om kva dei trur på.

Even Gran, journalist i FriTanke, Human-Etisk Forbunds nettavis, meiner det er ei sunn og god utvikling at det er meir debatt om kristendommen, og gir nyateismen noko av æra for det.

Til det svarar Laird Iversen at mellom anna ateistar slepp lettare unna.

– Dei slappe sekulære bør utfordrast.

Mina Finstad Berg, generalsekretær i Sosialistisk Ungdom, feminist og kristen, får mellom anna spørsmål om venstresida har vore flinke nok til å hegne om kristne i Noreg.

Sjå debatten i videovindauget over og kom med di meining i kommentarfeltet, på Twitter ved å bruke hashtag #ytring og på NRK Ytrings Facebook-side.

SJÅ OGSÅ: «Gud og vitskapen»