Hopp til innhold
Kronikk

Livsgrunnlaget raknar

Klimakrisa er utropt til vår tids største utfordring, men tapet av naturmangfald er minst like farleg.

Hvit fjellrevvalp i naturen

Fjellreven er blant dei kritisk trua dyreartane. Det er 50 prosent sjanse for at dei vil døy ut i løpet av tre generasjonar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Naturen sørgjer for at du kan puste inn rein luft, drikke reint vatn og ete deg mett kvar dag. Mangfaldet av artar og økosystem i naturen utgjer grunnmuren for menneska sin eksistens. Begynner grunnmuren først å slå sprekkar, er det ikkje lenge før heile byggverket rasar. Med mindre ein set i verk store og omfattande tiltak.

Dette er ikkje barnemat. Klimakrisa er utropt til vår tids største utfordring, men tapet av naturmangfald er like viktig som å stoppe klimaendringane.

To store kriser i vår tid

Nettopp korleis vi skal klare å stoppe tapet av natur innan 2020, er tema på FN-toppmøtet for biologisk mangfald i Sør-Korea no, der verdas naturpolitikarar er samla.

Bygging av vegar, kraftleidningar og hytter splittar opp naturen og skaper problem for mange dyr som er avhengige av store samanhengande leveområde.

Under toppmøtet for biologisk mangfald i 2010 blei 192 av verdas nasjonar einige om ein ny global handlingsplan for å stanse det dramatiske tapet av artar. Opphavleg var tidsfristen 2010. No har vi gitt oss sjølve ny frist til 2020. Vi er snart halvvegs dit, men den store rapporten som blei lansert på opninga av møtet i dag, Global Biodiversity Outlook 4, viser at vi står framfor ein lang oppoverbakke.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Av dei 20 delmåla i handlingsplanen som skal hjelpe oss å stoppe tap av natur, er berre eitt mål i rute. Fire andre ligg vi an til å oppfylle delvis. Resten av dei såkalla Aicha-måla krev betydelege ekstratiltak, skal det vere håp om å nå dei.

Dårlegare til å bevare natur enn før

Blant dei måla vi er aller lengst unna å nå globalt, og der vi faktisk er på veg i heilt feil retning, er måla om å unngå oppsplitting av natur og vern av allereie trua artar. Dette stemmer dessverre godt overeins med norske tilhøve. Arealendring står for om lag 90 prosent av påverknaden på trua natur i Noreg i dag. Bygging av vegar, kraftleidningar og hytter splittar opp naturen og skaper problem for mange dyr som er avhengige av store samanhengande leveområde.

I Noreg har vi 2398 trua artar. 276 av desse er kritisk trua, det vil seie at det er 50 prosent sjanse for at dei vil døy ut i løpet av tre generasjonar. Blant dei kritisk trua artane finn vi fjellreven, åkerriksa, slåttehumla og hortulanen. Likevel ser vi at arbeidet med å beskytte dei har stoppa fullstendig opp.

Har myndigheitene gitt opp? Er det berre desse åtte artane som er verdt å redde?

Såkalla «prioriterte artar» og «utvalde naturtypar» skal etter naturmangfaldlova bidra til ei betre og meir aktiv forvaltning av våre mest sjeldne og sårbare artar og naturtypar. Men hittil er berre åtte artar valt ut som prioriterte artar, i tillegg til fem naturtypar. Dette skjedde i 2011, og vi har no i over tre år venta på oppfølginga. Har myndigheitene gitt opp? Er det berre desse åtte artane som er verdt å redde? Kva med dei andre?

Subsidierer naturøydeleggingar

Også når det gjeld målet om å redusera skadelege subsidiar ligg vi dårleg an, både internasjonalt og i Noreg. Støtte til bygging av skogsbilvegar og skogsdrift i vanskeleg terreng gjer at vi med stor presisjon høgg i dei mest sårbare skogane der artsrikdommen er stor. Det gjer at vi heller ikkje er i rute til å nå eit anna viktig Aichi-mål, nemleg å stanse tapet av artsrik skog. Dei siste 20 åra har vegar i jord- og skogbruk også vore den viktigaste grunnen til tap av villmarksprega natur i Noreg.

Om to dagar blir statsbudsjettet lagt fram. Der forventar ei samla miljørørsle at det blir lansert ein storstilt redningsaksjon for norsk og internasjonal natur.

Skadeleg subsidiering hindrar oss også i å nå målet om eit berekraftig fiskeri som ikkje skadar trua artar og sårbare økosystem. Dei lave miljøavgiftene som i praksis premierer tråling av havbotnen kan på sikt true sårbare økosystem som tareskogar og korallrev. Dette er økosystem som igjen er viktige leve- og oppvekstområde for mange fiskeartar. Fjernar ein desse og fleire andre skadelege subsidiar, slår ein to fluger i ein smekk. Samtidig som ein hindrar direkte skade på naturen, blir det frigjort pengar som er øyremerka forvaltning, vern og forsking.

LES OGSÅ: «Barnslege naturvernere?»

Redningsaksjonen

Rapporten som vart lansert i dag viser at vi treng meir kunnskap om naturen og om alle verdiane den gir oss. Men aller mest viser den at vi må gjere noko, og det fort! På mange områder veit vi meir enn nok til å sette i gang.

Om to dagar blir statsbudsjettet lagt fram. Der forventar ei samla miljørørsle at det blir lansert ein storstilt redningsaksjon for norsk og internasjonal natur. Viss ikkje risikerer vi at sprekkane i grunnmuren som samfunnet og økonomien vår er bygd på blir større og fleire. Men handlar vi no, er det enno ikkje for seint.

Heldigvis er grunnmuren vår av ein solid og tilpassingsdyktig type. Får vi tetta sprekkane og behandlar den fint, kan den stå til evig tid. Det vil ikkje minst vi menneske nyte godt av.