Hopp til innhold
Kronikk

Listhaug slaktar jordbruket

Regjeringa sitt framlegg til jordbruksavtale er så dramatisk at det rett og slett ikkje kan få lov å verte røyndom.

Jordbruk

Bøndene er i harnisk over tilbodet frå Staten. Med rette, meiner kronikkforfattaren. Her blokkerer aksjonerande bønder eggpakkeriet til Cardinal Foods i Ski torsdag morgon.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det er litt av ei tid. Ute er det grønt og nytt og varmt og lyst. Inne er det kaos. I det minste inne i meg. Det er som om nokon har sletta historia mi og tatt frå meg framtida samstundes. Eg er skremd. Vekkskremd frå eit landbruk som vert styrt eitt hundre og åtti grader i feil retning. Vettskremd for kva konsekvensar det vil få for sjølvforsyning, klima, dyr, bygder og tradisjonar.

Å lese Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane minte meg litt om å lese regjeringserklæringa for eit drygt halvår sidan. Eg hadde frykta det verste. Det var det verste eg fekk. Men å sjå det, svart på kvitt på papir, var verre enn eg kunne førestilt meg.

For eit halvår sidan var det orda som var konkrete, no har ord igjen blitt konkretisert vidare i tal. Tal som ser ut til å kunne bli røyndom for levande firbeinte, tobeinte, jordbrukarar og matkjøparar. Eg nektar framleis å tru det er mogleg å øydelegge så mykje på så kort tid.

Les alt om jordbrukskonflikten her!

Draumen om heiltidsbonden

Kvifor er norsk jordbruk så viktig for meg? Ikkje er eg oppvaksen på gard, ikkje er eg aktiv bonde. Eg har likevel lært og prøvd nok til å vite at det finst rette og gale måtar å drive jordbruk på. Den politikken som vert ført for tida, er om lag så feil som det er mogleg for ein politikk å bli.

Den politikken som vert ført for tida, er omlag så feil som det er mogleg for ein politikk å bli.

Siri Helle

Listhaug lyfter fram heiltidsbonden. Å få betalt for å vere bonde heile døgeret er sjølvsagt ein draum. For mange står likevel valet mellom å vere deltidsbonde på si eiga jord – med dei naturlege avgrensingar den har av fjordar, fjell, skogar, dalfører og bustadfelt – og å jage mot storbonden. Han som bygger ut fjøset heime, omfamnar nabogardane, får jord stadig lenger vekk, set meir og meir i traktoren langs vegane som ser stadig meir ut som grøne tunnelar på denne tida av året, sidan det ikkje er nokon som har moglegheit til å beite utmarka lenger.

Kanskje kan han leve av garden aleine. Kanskje ikkje. Kanskje går delar av kona si lærarlønn inn i drifta, kanskje brøytar han for naboen om vinteren, kanskje leiger han ut jaktrettane sine. Kanskje er det viktigaste til sjuande og sist at det arbeidet han gjer vert verdsett – av kollegaer, naboar, forbrukarar, byråkratar og ministrar.

Stor er ikkje betre

Vi skaper ikkje nødvendigvis heiltidsbønder ved å auke storleiken på gardane. Vi kan sjå på USA – landet kor berre dei største produsentane får tilskot frå staten. Ein maisgard i Iowa produserer nok mat til å fø 129 menneske. Likevel er ikkje innteninga god nok til at familien på fire kan leve av garden. Bønder i Iowa er USAs mest effektive arbeidarar. Likevel importerer delstaten 80 prosent av maten.

Er det eit slikt landbruk Noreg vil ha? Det er dit vi er på veg.

Siri Helle

Er det eit slikt landbruk Noreg vil ha? Det er dit vi er på veg. Listhaug er rask å legge vekt på at ho ikkje tvingar nokon til å bli større. Listhaug sitt forslag om å fjerne taket for kor mange kyr kvar bonde kan få støtte til, tvingar heller ingen til å få fleire kyr. Men det legg forholda ganske godt til rette. At dei nye mjølkekvotane er avgrensa av kapasiteten på standardiserte mjølkerobotar, seier ganske mykje om kor lite regjeringa har skjønt av norsk jordbruk: det er ikkje avgrensa av tekniske løysingar. Det er avgrensa av naturen sjølv.

Den beste matjorda i Noreg er allereie i bruk. Den nest beste òg. Effektiviteten i jordbruket aukar med seks prosent årleg – dobbelt så mykje som industrien. Det seier seg sjølv at denne intensiveringa ikkje kan halde fram i det uendelege – i alle fall ikkje om vi held fast på at norsk jordbruk skal basert på norske ressursar. Auka matproduksjon får vi ved å bruke alle dei små flekkane, bakkane, heiane og fjellskrentane – ved å satse på dei små, må vi få alle med.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ei bøn til opposisjonen

Den einaste berekraftige måten vi kan få fleire heiltidsbønder i Noreg på er ved å auke matvareprisane. Det er to vegar å gje ein sauebonde meir pengar på konto: å gje han fleire dyr i fjøsen, eller betale han betre for dei dyra han allereie har. Norsk jordbruk vert berekraftig og betalingsverdig ved å satse på kvalitet, ikkje kvantitet.

Vi har råd å betale meir for maten.

Siri Helle

Listhaug er glad i å blande prosentberekningar med konkrete tal. Ho omtalar til dømes konsekvent inntektsauka ho gjev bøndene som prosent, sidan dei i utgangspunktet tener mindre enn gjennomsnittet. Så fortel ho kor dyr maten vår er i kroner, sidan vi har verdas høgaste lønnsnivå i Noreg. Snur vi denne blandinga på hovudet finn derimot vi at bonden tener kring halvparten av det ein industriarbeidar gjer, medan gjennomsnittsforbrukaren brukar 11,7 prosent av inntekta si på mat. Det er blant dei lågaste satsane i Europa. Ja, vi har råd å betale meir for maten.

Endringane Listhaug legg opp til er rett og slett så dramatiske at dei ikkje kan få lov til å bli røyndom. Heldigvis har det berekraftige, levande jordbruket framleis eit håp: ein opinion med fleirtal i Stortinget. Dette er ei djup og inderleg bøn til Arbeiderpartiet, SV, Sp og ikkje minst Venstre og KrF: Ikkje respekter avtaleinstituttet. Det er ikkje noko poeng i å bevare eit avtaleverk som ikkje har nokre brukarar. Jordbruket må vere viktigare enn jordbruksavtalen. Stem ned Listhaug sitt framlegg til blondeslakteri.