Hopp til innhold
Kronikk

Likestilling er omsorg!

I valkamptider klamrar ein seg til halmstrå når ein ynskjer å ta mor ut av arbeidslivet.

Likestilling er omsorg

Dei fleste fedrar er i stand til å ta seg av ungane sine på fullverdig, omsorgsfullt vis, skriv Anne Kalvig.

Foto: Flickr / Rodrigo Amorim (CC BY 2.0)

Laila Fresjarå Foldvik er fembarnsmamma, KrF-ar og gjev i desse dagar ut ei bok om at mor bør vera meir heime med barna, med tittel «Det stille mammaopprøret».

Eg er også fembarnsmor for barn i alderen elleve månader til 16 år, og har i motsetning til Foldvik fått alle mine barn, ikkje berre eitt av dei, i Noreg. Eg har mine fem med fire ulike fedrar, og i to av tilfella blei eg aleinemor frå fødselen. Eg har altså mangslungen erfaring med norsk samfunns tilrettelegging av barneomsorg, familieliv og arbeid.

Likestilling framstilt som egoistisk

Eg ser med gru og politisk raseri på det reaksjonære skytset som igjen, og særleg i valkamptid, blir retta mot mødrer, fedrar og deira prioriteringar. I staden for å sjå mor, far og samfunnet rundt dei som i fellesskap ansvarlege for småbarna sin trivsel og tryggleik, blir mor framstilt som vesentleg betre enn andre til å gje omsorg, helst aleine, i to heile år.

Eg er så dritlei den arrogante underkjenninga av fedrar sin omsorgsevne.

Anne Kalvig

Kampen for mødrer si likestilling i samfunnet, for hennar økonomiske fridom, blir framstilt som egoistisk og materialistisk, og barnehagen blir ein vond parentes i dette verdsbiletet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Far og barn knyta saman

Barnet må knyta seg til hovudomsorgspersonen, mor, og foreldra bør ikkje dela permisjonen, det er berre ein likestillingskamp, ifølgje Foldvik. Eg er så dritlei den arrogante underkjenninga av fedrar sin omsorgsevne, der mor sine puppar og babyen blir framstilt som å vera i ein tilstand av utvendig fosterliv til ungen er eit år! Det stemmer altså ikkje. Dei fleste fedrar er i stand til å ta seg av ungane sine på fullverdig, omsorgsfullt vis, til dømes etter seks månader.

Mor har krav på ammefri, og kan amma før og etter jobb, og barnet har byrja med fast føde. Mor forsvinn ikkje ut av livet til barnet, sjølv om ho byrjar i jobb. Far og barn knyt band som i historisk samanheng er unike.

Meir enn ein barneprodusent

«Eg skulle dermed ideelt sett vera vekke frå arbeidslivet i ti samfulle år.»

Anne Kalvig

Foldvik og hennar kampfellar ser helst at foreldra er heime i to fulle år med barnet. Eg går ut ifrå dei meiner det offentlege skal betala for dette, med mindre dei meiner det er ei optimal ordning for den rike eliten, som alle andre like fullt bør måla seg opp mot? I det ikkje ganske likestilte Noreg er det menn som tener desidert best, så om ikkje staten skal betala for foreldres fråvær frå arbeidslivet i to år, vil det «frivillig» i den enkelte, normale familie, bli den dårlegast betalte som er heime etter det fyrste året, som altså skal vera mor sitt. Og det blir då mor som igjen skal gå heime.

Eg skulle dermed ideelt sett vera vekke frå arbeidslivet i ti samfulle år. Men eg er meir enn barneprodusent, eg er samfunnsdeltakar og vil vera økonomisk fri. Det gjer i alle fall meg til ei betre mor.

LES OGSÅ: Stolthet og fordommar

Barnehagar gjer omsorg

I staden for at me får ein felles kamp om korleis me skal prioritera barnehagen, som gjer ein av dei viktigaste jobbane i landet i dag, som våre barns kollektiv utanom (kjerne)familien, blir eittåringar sitt stresshormon ved barnehagestart argument for å avvisa barnehagestart. Kva viss toåringar som har gått heime med mor også har høge stressverdiar ved oppstart? Skal me hiva på eitt permisjonsår til, då? Ja, barnehagestart kan vera tøft for store og små – og det kan gå temmeleg harmonisk for seg. Mange startar når dei er 10 månader, forresten, me har ikkje eitt års permisjon med full løn, som kjent.

Eg har opplevd vedunderlege og mindre gode barnehagar. Har eg ikkje vore nøgd, har eg klaga, og sidan bytta, om dialog om forbetringar ikkje har nådd fram. Få barn per dedikerte tilsette, er heilt vesentleg. Dei vaksne i barnehagen blir nære og viktige omsorgspersonar for barnet. Eg vil gjerne at mange vaksne skal gje omsorg og læring til mine barn, og eg vil at mine barn skal få delta i kollektiv av barn og vaksne, i tillegg til det som skjer i heimen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Eit meir demokratisk samfunn

«Me skapar ikkje eit slikt samfunn av å bygga ned barnehagar, ta mor ut av arbeidslivet og påstå at svangerskap og amming umogleggjer anna medborgarskap enn heimefrurolla i eitt til to år.»

Anne Kalvig

Norske kvinner får mange barn fordi høva til å kombinera barn og lønsarbeid er så gode, gjeve barnehageutbygging og stadig betre permisjonsordningar som er krav frå kvinnerørsla, og der far endeleg er tiltenkt ei aktiv rolle.

Det er ikkje mitt ønske at verken kvinner eller menn skal arbeida mest mogleg innanfor ein kapitalistisk logikk, tvert i mot. Eg vil ha sekstimars arbeidsdag, som er fullt mogleg å realisera dersom der er politisk vilje til det. Så får familien meir tid i saman, folk får tid til politisk, frivillig og interessebasert arbeid og leik. Me får eit meir demokratisk, berekraftig og mindre materialistisk samfunn.

Me skapar ikkje eit slikt samfunn av å bygga ned barnehagar, ta mor ut av arbeidslivet og påstå at svangerskap og amming umogleggjer anna medborgarskap enn heimefrurolla i eitt til to år. Ja til opprør for eit mindre materialistisk og meir omsorgsorientert samfunn for alle!