Hopp til innhold
Kronikk

Lånehaisommar

Vi må få ei maksrente på forbrukslån.

Andreas Sjalg Unneland

No treng vi at regjeringa ser at dette er ein grådig bransje som ikkje kan få operere med uavgrensa renter, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Du treng ikkje sjå meir enn éin episode av dei 23 sesongane av TV-serien «Luksusfellen» for å forstå at folk kan hamne i forferdelege gjeldssituasjonar på grunn av forbruksgjeld.

Klar til å «hjelpe» står forbrukslånsbransjen som lånehaiar med skyhøge renter og ein botnlaus gjeldsspiral.

Det er lett å moralisere over dei som har tatt opp forbrukslån, men peikefingeren burde snarare rettast mot bransjen som med lita skrift låner ut pengar med skamlause renter.

Rammar dei sårbare

Det har lenge vore lønnsamt å kaste lån etter folk. Særleg sårbare er unge som slit med å få endane til å møtast.

Når straumen vert dyrare, maten vanskelegare å få råd til og leigeprisane skyt i vêret, blir unge menneske hardt ramma.

Som samfunn har vi eit ansvar for å hindre at menneske hamner i eit botnlaust gjeldsfengsel.

Tal frå Kredinor viser at aldersgruppa 18 til 25 er den som har auka gjelda si mest i løpet av fyrste halvår og inn mot sommaren.

Alt tyder på at «lånehaisommaren» kan bli brutal for mange unge.

Lånebransjen tener seg rike mens andre blir låst i ein gjeldsspiral. Dei brukar aggressiv reklame kor dei høge rentene knapt blir nemnt.

I fellesferien har forbruksgjelda auka med 1,9 milliardar kroner slik at i dag er den totale forbruksgjelda i Noreg på 150,3 milliardar kronar. Av dette har 254 000 nordmenn betalingsmerknad som følgje av at dei ikkje har klart å handtere gjelda.

Bankane som verkeleg har satsa på forbrukslån, lån du får på dagen og utan nokon sikkerheit, har verkeleg tent gode pengar dei siste åra.

Det er kanskje ikkje så rart at fortenesta er god når bankar klinkar til med renter opp mot 50 prosent.

Det har lenge vore lønnsamt å kaste lån etter folk.

Når vi veit at inkassosakar og inkassogjeld aukar mest blant unge, er ein uregulert kredittbransje oppskrifta på å gjere unge menneske til gjeldsslavar. Og det for ein bransje som ikkje bidrar nemneverdig positivt i samfunnet.

Vi treng ei maksrente

I 14 europeiske land er det innført maksrente. Altså ei grense for kor høg den effektive renta skal kunne vere.

For eksempel kan ein knytte den til maks 3 prosent over bustadlånsrenta eller styringsrenta.

Dette vil temme ein bransje som mildt sagt profitterer på andre si ulykke i ei krevjande tid for heile samfunnet.

Lånebransjen tener seg rike mens andre blir låst i ein gjeldsspiral.

Det kan vere greitt å minne om at staten si forseinkingsrente er på 9,25 prosent. Dette er renta som skal verkeleg få folk til å betale. Men bankane vil ha opp mot det femdobbelte frå sine kundar.

Lånehaiane må stansast

Når prisane stig og gjelda veks er tida inne for å temme lånehaiane. Derfor foreslo SV på Stortinget ei maksrente på forbrukslån og reklameforbod.

Dette er eit forslag som regjeringa igjen bør vurdere. Som samfunn har vi eit ansvar for å hindre at menneske hamner i eit botnlaust gjeldsfengsel.

No treng vi at regjeringa ser at dette er ein grådig bransje som ikkje kan få operere med uavgrensa renter. Vi treng maksrente på forbrukslån no.

Les meir her: