Hopp til innhold
Kronikk

Kvifor blir vi så sinte når staten sel?

Vi kjøper oss opp i det vi er glad i, og sel det vi ikkje bryr oss om. Difor syns vi det er litt rart når styresmaktene våre gjer akkurat det motsette.

Skog og norsk flagg

Skogen har eg, sånn heilt personleg, aller størst vanskar for å forstå at staten vil kvitte seg med, skriv Siri Helle.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Kva skjedde denne veka? Kvifor fekk Facebooksida Nei til salg av Norge over 18 000 likes på eit par dagar? Kvifor reagerer vi så sterkt på at regjeringa vil selje eit tog dei alle fleste av oss klarar seg godt utan? Ei fiskefôrverksemd dei færraste hadde høyrt om, ein entreprenør som tidlegare var Statens vegvesen, men som ikkje er det lenger og som vi eigentleg ikkje skjønnar heilt kva held på med, eit eigedomsselskap vi sjeldan eller aldri har noko aktivt forhold til?

Var det heile litt uventa?

For Solberg, Mæland, Jensen og gjengen er det mykje som kan tyde på det. Reaksjonane i etterkant har i det minste oppheldt seg ein stad mellom NM i roing og brannslukking for vidarekomne: Vi skal ikkje selje alt, vi reduserer berre eigarskapen på børsen med tre prosent og vi skal i alle fall ikkje selje til utlendingar, er nokre døme.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Utanfrå ser det slik ut

Det heile såg sikkert temmeleg enkelt ut der oppe frå regjeringskontora. Nokre aksjar og eigendelar skiftar eigar, så har vi i det minste gjort det, og ingen kan skulde oss for at det ikkje er god blå-blå politikk. For oss utanfor regjeringskontora ser det litt annleis ut. Vi ser det til dømes omlag slik:

Kvifor reagerer vi så sterkt på at regjeringa vil selje eit tog dei alle fleste av oss klarar seg godt utan?

Siri Helle

Vi kjøper oss opp i det vi er glade i, og det vi ikkje treng lenger, det kvittar vi oss med. Vi sel det vi ikkje bryr oss om og som ikkje er viktig for oss. Difor vert vi litt lei oss når staten sel, det verkar som om dei ikkje bryr seg om det, heller. Ja, for vi er jo litt enkle – litt dumt kanskje, men slik er det no – vi veit ikkje alltid kva vi vil ha før vi held på å miste det.

SE OGSÅ: Om «Nei til salg av Norge» i Aktuelt

Det vi derimot veit, er omlag kor lenge politikarlovnader har det med å vare. Som når Gunnar Gundersen i Høgre seier det er uaktuelt å selje Statskog til utanlandske investorar, men berre vil selje til lokale småskogeigarar slik at dei kan bli større og meir robuste, så kan det godt vere han meiner det heilt oppriktig. I dag.

Men kva når den vesle skogbrukaren som fekk kjøpe ein del av Statskog døyr, sonen ikkje har lyst å ta over skogdrifta, og sel det som då har blitt ein ganske stor og attraktiv skogseigedom til høgstbydande? Skal Høgre og Frp då gå inn og avgrense kven privatpersonar får lov å selje til?

LES OGSÅ: Gode grunner til å selge

Kva er skogen vår verd?

Nettopp denne skogen har eg, sånn heilt personleg, aller størst vanskar for å forstå at staten vil kvitte seg med. Ingen veit heilt kva Noreg skal gjere i framtida. Ingen veit kva skogen kjem til å vere verd, eller kva vi kjem til å ville bruke han til. Men det må då vere ganske gode odds for at begge deler er ganske så mykje.

Er å selje statsskogen no som å selje oljefelta på syttitalet? Den som ventar, får sjå.

Siri Helle

Alt vi kan lage av olje, kan vi lage av trevirke. Drivstoff, plastposar, matboksar (til og med utan å gjere treet om til bioplast fyrst!), vaniljesmak, klede, sukker og protein til dyrefôr – alt dette bur inne i trestokken. Er å selje statsskogen no som å selje oljefelta på syttitalet? Den som ventar, får sjå.

At Statoil skal få eit særleg statleg eigarvern gjennom ein trong for det Monica Mæland kallar «langsiktig forvaltning», er heller ikkje heilt godt å skjøne. Om det er noko som treng langsiktig forvaltning er det då verkeleg ein skog som det tek frå 60 til 80 år frå ein sår til ein haustar, om ein då skal hauste han, eller ta vare på verdien han har der han står. Det er vel fyrst og fremst eit døme på at regjeringa framleis har på seg både øyreklokker, skylappar og tidsmaskinbriller som gjer at dei klarar å stengje ute alle tankar om at det kjem ei tid etter oljen.

Rom for store diskusjonar

Noko av det vi samlar oss kring, vi som ikkje heng med på nyårssalet dei har sett i stand, er at vi ser at det dei sel i stor grad er verksemdene som produserer dei ekte verdiane, dei ekte arbeidsplassane. I skogen, i oppdrettsanlegga, langs vegar som vert bygde og haldne ved like. Sjølv om vi høyrer om og steller oss til og jobbar i kunnskapssamfunnet og tertiærnæringane, er det framleis fisken og skogen vi samlar oss rundt. Igjen: vi er enkle slik.

Vi bryr oss om Statskog og Mesta og Telenor fordi dei ikkje er berre selskap. Skog er skitur og fugleliv og fyr på peisen, vegar er kommunikasjon og lokalpolitikk, telefoni og småflyplassar er tryggleik og fellesskap. Slik har diskusjonen kring den siste eigarskapsmeldinga gjeve oss eit ganske unikt høve til å samle oss kring felles verdiar, og diskutere litt store spørsmål kring kva for eit Noreg vi vil ha i framtida. Det kan bli ein spanande diskusjon.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Ikkje bra for tiltrua

Det burde vere eit gode at vi samlar oss kring staten som eigar av selskapa vi bryr oss om. Det burde vere eit teikn på tillit.

No er det meir blitt eit bilete på at vi ikkje trur på dykk, regjeringa vår. Kanskje har de gode grunnar for å selje selskapa våre. Enn så lenge gjer de ein temmeleg dårleg jobb i å selje oss dei grunnane. Heller ikkje det lovar så bra for tiltrua til den vidare salsprosessen.