NRK Meny
Kommentar

Kven trur vi at vi er?

Er det riktig at det beste i det norske er truga – utanfrå?

Eyvind og Jan Hellstrøm

I denne vekas episode av «Hvem tror du at du er?» får TV-kokk og tidlegare Bagatelle-innehavar Eyvind Hellstrøm og broren Jan hjelp til å finne ut meir om farens familie. Det er ei historie om både sosial og geografisk mobilitet.

Foto: NRK

Kva er det å vera norsk, var blant spørsmåla NRKs Debatten stilte denne veka.

Vel, kanskje ligg noko av svaret i NRK-serien «Hvem trur du at du er?».

Fattigdom

I denne vekas episode streifa Eyvind Hellstrøms oldeforeldre landet rundt frå gruve til gruve med åtte ungar på slep. Det er berre drygt hundre år sidan.

Oldefar hans jobba 12-timars helseskadelege skift – 6 dagar i veka – i eit forsøk på å halde liv i så mange som mogeleg.

Det å vere norsk er først og fremst i dramatisk endring, og har vore det lenge.

Knut Magnus Berge

Eitt av barna, Hellstrøms farmor, fekk sjølv etter kvart åtte barn, blei forlaten av barnefaren og enda opp som aleinemor i ein gråbeingard i Oslo. På eitt rom. Utan arbeid.

Etter krigen klarar faren å skrape saman 5000 kroner til ei OBOS-leilegheit på Lambertseter i Oslo. Vi er no på femtitalet – det er den stoltaste dagen i farens liv.

Ein generasjon seinare er Eivind stjernekokk og innehavar av Bagatelle med to stjerner i Michelin-guiden.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Klassereisa

Det same såg vi veka før, i første avsnitt av serien.

Linn Skåbers oldemor forlet fem barn på Finnskogen. Ho klarar ikkje å skaffe dei mat på bordet etter at ektemannen døyr.

Dei fem barna blir overlatne fattigomsorga. Oldemora får to barn til i Oslo i yttarste fattigdom. Den eine er Linn Skåbers morfar.

Via ein generasjon i drabantby på austkanten i Oslo kjem vi til Linn, feira skodespelar og TV-stjerne på rosa moped.

Velstand

Det er dei færraste som blir stjernekokkar eller feira skodespelarar. Men Hellstrøms og Skåbers historier har ein djup klangbotn i dei fleste av oss.

Vi var (og er) bønder og fiskarar, og vi tar del i ei vanvitig reise. Frå armods-Norge til velstands-Norge.

Knut Magnus Berge

Vi var (og er) bønder og fiskarar, og vi tar del i ei vanvitig reise. Frå armods-Norge til velstands-Norge.

Denne typen utvikling har dei fleste europeiske land gått gjennom, men vår er meir ekstrem. Vi var fattigare enn dei fleste, og vi er blitt rikare.

Litt som i eventyret om Askeladden.

Rike og relevante

For det beste i det norske er eventyret som spenner frå fattig utkant til mønsterstat (om ein ser på FNs levekårsstatistikk).

Velstanden er bygd på likeverd og solidaritet. Med rettar følger plikter, forskjellane er små og skattemoralen høg. Nordmenn les fleire aviser, fleire bøker og reiser meir enn dei fleste andre.

Og vi held oss – som dei fleste andre land – med jamlege debattar om kultur og identitet. Kva er det å vera dansk, tysk, fransk ... eller norsk? Kven trur vi at vi er?

I dag har vi olje og gass å tilby som omverda er avhengig av. Vi investerer milliardane våre i verdas finansmarknader og er storleverandør av bistand.

Samtidig som vi er blitt rike, er vi blitt relevante. Vi er ikkje med i G20 – gruppa av verdas tjue største økonomiar – men det er ikkje langt ifrå. Norge er i dag blant dei tretti. Til å vere så små, er vi blitt ganske store.

Frå gråbeingard til kaffibar

Sjølvsagt har det norske noko å gjere med brunost, pinnekjøt og hardingfele.

Men det å vere norsk er først og fremst i dramatisk endring, og har vore det lenge.

Ta Grünerløkka i Oslo indre aust. Her ligg gråbeingarden der Eivind Hellstrøms farmor aleine livnærte åtte ungar, og her ligg fabrikklokala frå Oscar Braatens forteljingar.

Men her ligg også leilegheita til Linn Skåber. Det er mellom gamle fabrikklokale langs Akerselva ho susar rundt på sin rosa moped (i eit av dei finn ho Oslo nye mathall etter kontinental modell).

Sjølvsentrert Askeladd

Å diskutere innvandring og problem knytt til det er heilt legitimt. Og ser ein på reisa vi er med på, er det ikkje å undrast at instinktet er å verne om det som er oppnådd.

Men er det utanfrå trusselen mot det beste i det norske er å finne? Eller er andre utviklingstrekk vel så alarmerande?

Espen Askeladd er for lengst ute av peisen, og har i dag like gode moglegheiter i livet som Per og Pål. Han er i ferd med å nedlegge kongsdottera, og dessutan har han funne gull ...

Men er han i ferd med å bli seg sjølv nok – kven trur han at han er?