NRK Meny
Kronikk

Kva skal vi leva av i framtida?

Med politisk makt ville eg ha arbeidd intenst for at den stolte sjøfartsnasjonen Noreg også skal bli ein stolt sjømatnasjon.

Til Ytring: Inger Marie Sperre

Den norske matproduksjonen kjem for det alt vesentlegaste frå havet. Då kan næringa skape enda fleire årsverk enn dei nærare 50.000 den gjer i dag, skriv Inger Marie Sperre.

Foto: Terje Reite / NRK

"Vor ære og vor magt har hvide seil os brakt"

Denne strofa frå Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt "Norsk Sjømandssang" vart skriven i 1868. Snart 150 år seinare er det denne visdomen eg ville tatt utgangspunkt i dersom eg var ordførar.

Frå havet har vi henta mat, og frå havet har vi henta kunnskap.

Inger Marie Sperre, advokat

Frå havet har vi henta mat, og frå havet har vi henta kunnskap. Fiskarar og den norske sjømann har lagt grunnlaget for moderne fangstmetodar, båtbyggjarkunst og teknologi som har gjort oss verdsleiande på forvaltning av ressursane i havet. Med politisk makt ville eg ha arbeidd intenst for at den stolte sjøfartsnasjonen Noreg også skal bli ein stolt sjømatnasjon.

Ein fantastisk sjanse

Den norske matproduksjonen kjem for det alt vesentlegaste frå havet. Dei ufattelege 37 millionar fiskemåltida sjømatnasjonen Noreg sel dagleg kan bli enda fleire om vi kan selje sjømaten vår i meir foredla form, og om vi i større grad nyttar heile ressursen. Då kan næringa skape enda fleire årsverk enn dei nærare 50.000 den gjer i dag.

Verda treng meir mat, og Norge sit på enorme ressursar i havet.

Inger Marie Sperre, advokat

Politikarane kan ikkje gjere mykje med oljeprisen, men dei kan ruste dei norske vekstnæringane for å dekkje opp for tapte petroleumsinntekter. Verda treng meir mat, og Noreg sit på enorme ressursar i havet. Vi har ein fantastisk sjanse til å bruke desse ressursane på ein måte som gir den aukande verdsbefolkninga mest mogleg mat.

Klar melding til rikspolitikarane

Om vi skal klare å halde oppe produksjon av sjømat i Noreg, må vi sørgje for at dei produkta vi lagar ikkje vert møtt med krav om høg tollsats, eller andre handelshindringar, når vi skal selje vara. Vi vil ikkje klare å halde oppe produksjon i Noreg dersom varer frå Island, eller eit lågkostland, kan importerast til EU utan, eller med langt lågare, tollsatsar.

Noreg manglar handelsavtaler med fleire av landa som representera dei største marknadane, som USA, Kina, Japan og Brasil.

Inger Marie Sperre, advokat

Handelspolitikk er meir enn berre tollsatsar. Noreg manglar handelsavtaler med fleire av landa som representerer dei største marknadane, som USA, Kina, Japan og Brasil. For oss som vil byggje industriverksemd i landet vårt uroar det, og det kan verte eit avgjerande argument for kvar fabrikkane som skal produsere maten skal byggjast.

Regjeringa har i stortingsmelding om globalisering og handel (Meld. St. 29, 2014 – 2015) sørgjeleg nok gitt signal om at ein berre i avgrensa grad tek desse utfordringane på alvor. Det er ikkje råd å finne klare politiske signal i Stortingsmeldinga som viser at regjeringa er villig til å gjere prioriteringane som er nødvendig for at matproduksjonen frå havet skal få same vilkår i handelen som Noreg har for andre industriprodukt, eller som andre sjømatproduserande nasjonar har.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Som ordførar må ein bruke innverknaden til å fortelje rikspolitikarane at dette er heilt avgjerande, om vi skal klare å halde oppe den velferda vi forventa. Eg ville arbeidd med temaet i regionale forum og i media, og eg ville arbeid for å få med meg fleire ordførarar og politikarar. Slik ville vi få temaet på dagsorden, og forhåpentlegvis starte ei positiv endring.

Luksusfella – kva skal vi leva av i framtida?

Det vil vere heilt avgjerande for framleis velferd at ungdommen forstår verdien av arbeid. Det er viktig for haldningane og verdigrunnlaget til ungdommane, og det vil slik bli avgjerande for framleis velferd i kommunane.

Den viktigaste oppgåva politikarane har er å leggje til rette for næringsverksemd og aktivitetar som byggjer opp om denne målsetjinga. Slik kan både unge og gamle få betre føresetnader for eit godt liv, i eit godt land.

Det vil vere heilt avgjerande for fortsatt velferd at ungdommen forstår verdien av arbeid.

Inger Marie Sperre, advokat

Dette er ei stor oppgåve, og skal ein nå fram må grunnlaget leggjast i kommunen, der ungdommen veks opp og haldningar vert skapt.

Konkret kan ein i kommunane leggje til rette for meir samarbeid mellom skule og industri. Om ungdommen vert kjent med dei moglegheitene som ligg i sjømatnæringa, vil utdanning og seinare arbeid innan faget straks bli meir aktuelt. Enkle tiltak som hospitering frå ungdomsskulen, slik at næringa får vist fram kva vi står for, kan vere ein god start i arbeidet med å «framsnakke» næringa.

Fleire lærlingar og villigheit til å satse på ungdom som vil bere tradisjonane vidare er eit anna fokusområde for næringa, og for skuleverket.

Inger Marie Sperre, advokat

Næringa sjølv har sjølvsagt mykje av ansvaret for å arbeide fram ei haldningsendring. Ei slik endring kan ein bidra til gjennom arrangement i lokalmiljøet, matfestivalar og fokus på den sunne berekraftige maten vi produserer i alle samanhengar. Fleire lærlingar og villigskap til å satse på ungdom som vil bere tradisjonane vidare er eit anna fokusområde for næringa, og for skuleverket. Moglegheitene er mange for dei som ser potensialet og ønsker å bidra.

Innsats for å vise kor viktig sjømatnæringa er

Som ordførar må ein vere ambassadør for dei næringane som bygg kommunen, og som gir grunnlag for den kommunale velferda. Hadde eg vore ordførar i ein kommune der produksjon av sjømat er sentralt, ville eg ikkje latt ei anledning gå frå meg for å vise fram den stoltheit sjømatnæring ber i seg. Alle arrangement skulle vere prega av sjømat, og ingen skulle besøke vår kommune utan å bli merksam på all den sunne, næringsrike kosten som vi legg på tallerkenar over heile verda, kvar dag.

Hadde eg vore ordførar i ei kommune der produksjon av sjømat er sentralt ville eg ikkje latt ei anledning gå frå meg for å vise fram den stoltheita sjømatnæring ber i seg.

Inger Marie Sperre, advokat

Forvalta på rett måte er sjømaten vi tek ut av havet ein evigvarande ressurs. Med framsynte politikara, som ser verdien av å legge til rette for industriproduksjon, kan sjømatnæringa vere ein viktig berebjelke i Noreg si framtid, som matprodusent, som verdiskapar, og kanskje endå viktigare, som industri som skal gi ungdommen vår det verdigrunnlaget framtida treng.