Hopp til innhold

Kva politi vil me ha om 3-5 år?

Det vert gjort mykje godt politiarbeid kvar dag. Men samfunnet forventar meir, skriv forbundsleiar Arne Johannessen.

Arne Johannessen, forbundsleder i politiet

Ein må starta med å utvikla organisasjons- og leiarkulturen frå toppen av, skriv Arne Johannessen, leiar i Politiets fellesforbund.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Kronikkvignett Ytring

Det har vore mange Stortingsmeldingar og politiske føringar om kva politi me skal ha i Noreg. Det har vore ein brei politisk forankring om at ein skal ha eit sterkt nærpoliti som bygger på generalisten som hovedmodell.

Politiet skal ha eit sivilt preg med mange forvaltningsoppgåver og sivilrettslege oppgåver i tillegg til førebyggjande arbeid, etterforsking og vakt- og beredskap. Dette har det vore brei politisk støtte til.

Det er viktig at norsk politi erkjenner kva slags utfordringar me står overfor.

Arne Johannessen, leder i Politiets fellesforbund

Etter 22/7-tragedien har debatten om politiet handla mest om terrorberedskap, helikopter, «skyting pågår» og responstid. Denne delen av politiet sitt arbeid har hatt lite politisk interesse i mange år.

Utfordringar framover

22. juli-kommisjonen peiker på i sin rapport på heilt grunnleggjande evner som har svikta hos politiet:

  • Evnen til beredskap er i svært stor grad et spørsmål om å utnytte kapasiteten og kompetansen i det ordinære politikorpset, og styre disse.
  • Evnen til å erkjenne risiko og ta lærdom av øvelser har vært for liten
  • Evnen til å gjennomføre det man har bestemt seg for, og til å bruke planene man har utviklet, har vært svak
  • Evnen til å koordinere og samhandle har vært mangelfull
  • Potensialet i info- og kommunikasjonsstrategi har ikke vært godt nok utnyttet
  • Ledelsens evne og vilje til å klargjøre ansvar, etablere mål og treffe tiltak for å oppnå resultater kan være utilstrekkelig
  • Det er stilt få krav til beredskap, og vi ser liten sammenheng mellom mål, ressurser og aktivitet

Det er viktig at norsk politi erkjenner kva slags utfordringar me står overfor. Disse sju punktene er svært sentrale og må leggjast til grunn når ein no skal sjå på utviklinga av politiet.

Politiet skal reformerast og utviklast

Det er ingen enkle svar og mange dilemma som skal vurderast. Det viktigaste er å balansera behovet for sentralisering og spesialisering i høve til å vidareutvikla nærpolitiet og kvardagsberedskapen.

Det vert gjort mykje godt politiarbeid kvar dag, men samfunnet forventar meir.

Kva er det viktigaste for å utvikla politiet?

Handlar det berre om pengar, vert eg ofte spurt om. Svaret er NEI, men det handlar også om pengar.

Ein må starta med å utvikla organisasjons- og leiarkulturen frå toppen av. Tydleg rolledeling mellom justisministar og politidirektør. Mindre politisk detaljstyring.
Tydlege mål og rammer for politidirektøren. Tydeleg styringsdialog mellom politidirektør og politimeistarane, klare prioriteringar og forventningar om resultat.

Ein må starta med å utvikla organisasjons- og leiarkulturen frå toppen av.

Arne Johannessen, leder i Politiets fellesforbund

Ein må utvikla ein kultur som prioriterar erfaringslæring. Ein må læra av øvelsar og aksjonar. Fagleg ekspertise må lyttast meir til. Ein må få meir politifagleg kompetanse og erfaring i toppleiinga lokalt og sentralt.

Det må vera større takhøgde for å retta kritikk oppover i systemet. Politiet må verta meir audmjuke i høve til kritikk og læring frå miljø utafor eigen etat. Politiet er gode på planlegging, men ikkje lika gode på gjennomføring. Alle leiarnivå må ansvarleggjerast på gjennomføring av vedtekne strategiar og planar.

Større vekt på kunnskap

Det må leggast mykje større vekt på kunnskapsbasert politiarbeid. Analyse på kva som er kriminalitetsbildet, miljø, individ og behov for tiltak. Det må satsast mykje meir på å velga dei rette leiarane og sørgja for at leiarrolla vert høgare prioritert.

Politiet må verta betre på samhandling mellom ulike distrikt og innad i politiet, men ikkje minst mellom politi og andre offentlege etatar og privat næringsliv. Det førebyggjande perspektivet må løftast øverst på dagsorden. Den viktigaste jobben er å hindra kriminalitet og terror.

Kva skal til?

Kva skal til av metodar, kunnskap, organisering og samhandling for å avsløra meir i forkant?

Synleg politi og patruljering er viktig i det førebyggjande arbeidet, men også for å skapa dialog og nærleik mellom publikum og politi.

Det må satsast mykje meir på å velga dei rette leiarane og sørgja for at leiarrolla vert høgare prioritert.

Arne Johannessen, leder i Politiets fellesforbund

Etterforsking som fag må styrkast. Ein treng kraftig satsing både på teknisk og taktisk etterforsking. Svært mykje kriminalitet vert aldri etterforska.

Kvardagsberedskapen må styrkast. Responstid må innførast, men ikkje før politibemanning er betydeleg betre. Ein må på alle nivå erkjenna at politiet er ein beredskapsorganisasjon. Politifaglege vurderingar og analysar må få større gjennomslag.

Må løfta i flokk

Skal me lukkast med å utvikla politiet i denne retninga må politikarane erkjenna at alle må løfta i flokk. Kriminaliteten kostar det norske samfunnet kvart år over 100 milliard (analyse frå justisdepartementet).

Politikarane må styrka:

  • bemanninga i samsvar med utgreiinga Politi 2020: 2800 nye politistillingar og 1000 sivile innan år 2020.
  • IKT-infrastruktur og nye system må straks på plass. Det må fullfinansierast utanom ordinære budsjett.
  • alle politioperative må ha tilgang til alle politioperative system ut i bilar og patruljer.
  • nødnett må byggast ut i heile landet.
  • alle politioperative må auka den årlege operative treninga frå 40 timar til 100 timar pr år.
  • Bygga nasjonalt politioperativt kompetansesenter.
  • Satsa meir på kompetanseutvikling
  • Utdanna som i dag 720 nye politi kvart år og sørgja for at alle får fast jobb.

Noreg fortenar å ha verdas beste politi. Skal ein nå det målet må alle tilsatte i lag med leiinga ta sin del av ansvaret, og så må politikarane sørga for at rammevilkåra vert betydeleg betre.

Kva politi vil du ha? Sei di mening i kommentarfeltet.