Hopp til innhold
Kronikk

Kva oppgåver skal vi løyse, Sanner?

Å teikne opp nytt kommunekart utan å vite kva kommunane skal ha ansvar for, er som å handle inn til fest og etterpå få vite kor mange som kjem.

Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner ynskjer at kommunar rundt om i landet skal finne seg samarbeidspartnarar. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner Sanner først må svare på kva oppgåver kommunane skal ha ansvar for.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Høgre/Frp-regjeringa har fyrt av startskotet for ein storstilt kommunereform, den fyrste i Noreg sidan 1964. Det er bra, og på høg tid.

Måten reforma blir starta opp på, er litt meir pussig. Kommunar over heile landet blir no bedt om å ta «den gode nabopraten» med kommunane rundt for å kome fram til det kommunalminister Jan Tore Sanner kallar «gode lokale løysingar» for samanslåing.

Nye oppgåver?

Eit samla Kommune-Noreg stiller då eit passande spørsmål. Det er kjekt å møtes for å prate, men når Regjeringa ber oss finne ut korleis eit nytt kommunekart skal sjå ut: Kva oppgåver er det då dei nye kommunane skal løyse? Er det same oppgåver som i dag? Færre? Fleire? Skal vi rigge oss til å kunne ta imot nye oppgåver som skal flyttast ned frå stat og fylke?

Det vil ikkje Jan Tore Sanner svare på. Regjeringa vil at Kommune-Noreg først skal bli einige om struktur, og så skal vi etterpå få vite kva oppgåver den strukturen vi då har kome fram til, burde ha vore eigna til å løyse.

Skal vi rigge oss til å kunne ta imot nye oppgåver som skal flyttast ned frå stat og fylke? Det vil ikkje Jan Tore Sanner svare på.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Dette er etter mitt syn på grensa til det useriøse. Det er litt som å bli sendt på butikken for å handle inn til fest, for først etterpå å få lov å vite kor mange som er bedt.

Teikne eit nytt kart

Kor store kommunar vi skal ha og kva oppgåver dei nye kommunane skal ha, høyrer uløyseleg saman. Eg meiner Kommune-Noreg no sjølve må gjere det Sanner ikkje vil: Teikne eit kommunekart som kan gi kommunane meir makt, fleire oppgåver og desentralisering av mynde frå staten i framtida. Så må vi krevje denne desentraliseringa av makt som ein del av reforma.

Vi kan sjølvsagt også velje det motsette: Vegre oss for å endre på dagens kart, sitje stille i båten og sjå på at dagens småkommunar gradvis blir tømt for oppgåver. Då vil vi få klapp på skuldra frå ein del for å ha berga kommunemodellen frå Einar Gerhardsen si tid nokre år til.

LES: Alle nyheiter om kommunereforma

Mindre lokalt sjølvstyre

Diverre vil det i praksis føre til gradvis mindre lokalt sjølvstyre og meir makt til ein sentralisert stat. Det hjelper lite å styre sjølv dersom dei lokale einingane blir for små til å ha særleg mykje å styre med.

Det hjelper lite å styre sjølv dersom dei lokale einingane blir for små til å ha særleg mykje å styre med.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Så for å sparke i gang debatten: Eg vil teikne opp tre moglege scenario for framtidas Kommune-Noreg, med 70 kommunale og statlege oppgåver plassert i dei tre scenaria. Det gjer eg for å syne kor enorme skilnader det er på kva oppgåver det er mogleg å løyse i framtidas kommunar, avhengig av kva kommunemodell ein landar på.

SJÅ BJØRLO SITT FORSLAG HER: Større kommunar – større reform

Småkommunar

Scenario 1 er ei lita justering av kommunekartet, slik at det framleis finst kommunar med 2-5.000 innbyggjarar rundt om i landet. I dette scenarioet er talet på kommunar cirka 300, mot 428 i dag.

Mange ser ut til å legge til grunn at eit relativt uendra kommunekart også medfører at oppgåvene til kommunane blir uendra i framtida. Det trur eg er ei grov feilslutning. Slike småkommunar vil i framtida i hovudsak berre kunne tilby basistenester: Drift av barnehage, grunnskule, heimetenester og sjukeheim.

LES: 199 kommunar i gang med å greie ut om samanslåing

Alle andre oppgåver vil i eit slikt scenario bli overført til interkommunale ordningar, eksternt tenestekjøp frå private eller ei stadig meir omfattande statleg forvalting. Dette er ingen framtidsretta modell for dei som vil ha eit sterkt sjølvstyre med «lokal motmakt» til ein sentralisert stat.

Kommunereform light

I scenario 2 er talet på kommunar i landet halvert: Frå 428 til cirka 200 kommunar, der mange har mellom 8-15.000 innbyggjarar.

Eit slikt kart vil gjere det mogleg å løyse fleire oppgåver innanfor kommunens grenser. I tillegg til basistenestene vil slike kommunar kunne handtere ein del kultur- og næringsoppgåver, byggesak og eigedomsforvalting, brann og beredskap med meir.

Staten sit framleis med bukta og begge endane i styringa av norske lokalsamfunn.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Men heller ikkje ein slik kommunemodell gjer det råd å unngå ei vesentleg overflytting av makt og oppgåver til interkommunale organ. På viktige områder som barnevern, store deler av dei kommunale helsetenestene, strategisk næringsutvikling og miljø-/arealforvalting vil ikkje desse kommunane kunne løyse oppgåvene sjølve nokre år fram i tid, ettersom krav til kompetanse, fagleg breidde og teknologisk utvikling skyt fart.

Ein slik kommunestruktur vil like lite som dagens småkommunar gjere det mogleg å flytte oppgåver til kommunane frå fylke og stat. Staten sit framleis med bukta og begge endane i styringa av norske lokalsamfunn.

Storkommunane

I Scenario 3 er talet på kommunar redusert frå 428 til cirka 100. Dei nye kommunane utgjer reelle bu- og arbeidsmarknadsregionar med 20-30.000 innbyggjarar (storbyane sjølvsagt større).

Vi kan ikkje som lokalpolitikarar sitje med hendene i fanget og vente på at Jan Tore Sanner skal gi oss fasiten på kva oppgåver vi skal drive med.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Her er kommunane store nok til å handtere så godt som alle oppgåver dei har ansvar for i dag. Dei vil dessutan kunne ta ansvar for nokre oppgåver som fylkeskommune og stat handterer i dag, til dømes helseoppgåver, kultur, samfunnsplanlegging, samferdsle, næring, NAV og mykje anna. I tillegg vil desse kommunane bli langt meir likeverdige samarbeidspartnarar med krattskogen av statlege regionale etatar som uansett vil vere der.

Mange vil nok vere usamde i mine vurderingar av kva oppgåver som kan løysast kvar, slik eg går gjennom det punkt for punkt for 70 oppgåver i denne bloggen. Det er heilt greitt. Men la oss no ta debatten og bli samde om kva konkrete oppgåver i fylke og stat som kan flyttast over til kommunane i framtida.

Vi kan ikkje som lokalpolitikarar sitje med hendene i fanget og vente på at Jan Tore Sanner skal gi oss fasiten på kva oppgåver vi skal drive med.