Hopp til innhold
Kronikk

Kva er det norske?

Asle Toje åtvarer mot forfallet til den norske identiteten. Men kva er det han vil forsvare? Den viktigaste basisen for det norske må vere politiske verdiar som ikkje treng å koblast til bestemte religionar, DNA og matrettar, skriv filosof Silje Aambø Langvatn.

Barnetog

Å feire 17.mai i bunad betyr ikkje at vi er framandfiendtlege. Men det symbolske nivået aleine kan ikkje bære den norske identiteten, skriv filosof Silje Aambø Langvatn.

Foto: Syversen, Johnny / SCANPIX

Asle Toje åtvarer måndag i kronikken «Finnes Thomas Hylland Eriksen?» mot tendensen til antinasjonalisme og fragmentering av den norske identiteten. Men kva er det Toje ønsker å forsvare?

Først omtalar han det som «det nasjonale, kollektive ‘vi’ som gjør oss til nordmenn.» Seinare i kronikken viser han til Thiesse sin definisjon av nasjonal identitet som :«et sett av symboler, et felles språk og mentalitet, kulturmomenter, distinkte geografiske trekk samt emblemer som nasjonaldrakter, nasjonalretter og nasjonalsymboler.» Dette er i følge Toje trua av globalisering, masseinvandring og Thomas Hylland Eriksen.

Kva er det viktig at nye landsmenn sluttar seg til?

Toje sin konklusjon er at «den mest åpenbare løsningen for Norge å svare på de utfordringene globalisering og masseinnvandring fører med seg, er ikke å bytte det kulturelle fellesskapet med en fragmentert, kosmopolitisk abstraksjon, men å bygge videre på vår nasjonale identitet på en måte som gjør det mulig for nye nordmenn å slutte seg til dem.» Eg er langt på veg einig.

Kva er det viktig at nye landsmenn sluttar seg til? Er det avgjerande at dei et svineribbe til jul?

Silje Aambø Langvatn

Men kva former for nasjonal identitet vil det vere mulig for nye landsmenn å slutte seg til? Dersom den norske identiteten bygger på vårt homogene DNA og felles opphav er det sjølvsagt ikkje mulig å slutte seg til den.

Ein kan ikkje endre sitt opphav, derimot er det mulig å konvertere. Men er konvertering eit rimeleg krav i eit liberalt demokrati? Kva er det eigentlig viktig at nye landsmenn sluttar seg til? Er det avgjerande at dei et svineribbe til jul? At dei deler ein nasjonal mentalitet som seier at «det er typisk norsk å vere god»? At dei er protestantiske kristne?

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Må bygge på Grunnlovas politiske idéar

Toje vil bygge den nasjonale fellesskapen på felles kultur, og seier at han vil vekk frå ideen om «å bygge fellesskapet om visse felles verdier og oppfatninger.»

Slik eg ser det er det viktigaste at nye og gamle landsmenn respekterer dei politiske verdiane som grunnlova vår bygger på; demokratisk medbestemmelse og liberale rettar for alle borgarar. Vi må også kunne kommunisere godt på eit felles språk. Dessutan har vi i Norge sterke solidariske tradisjonar.

Det finst politiske verdiar som definerer mykje av det som er verdifullt ved Norge. Det er slike verdiar vi må diskutere når vi diskuterer kva vi vil vere som nordmenn.

«Norske» politiske verdiar bør etter mitt syn inkludere solidarisk bistand, universelle helse- og trygdeordningar og rimelig like muligheiter til utdanning. Borgarar må sjå verdien i å betale skatt og ikkje snyte på fellesskapet. Vi må unngå så store økonomiske og sosiale skilnader at det undergrev reell muligheitslikheit. Vi bør prøve å få borgarar til å sjå den demokratiske verdien i at private pengar ikkje får for mykje spelerom i valkampar. Gode nasjonale nyheiter, opplysningsprogram og aviser som når ut på tvers av politiske og sosiale skiljeliner. Kva anna? Å ta vare på tradisjonelle næringar, busetnad og kulturlandsskap i den grad det er mulig. Langsiktig og bærekraftig nærings- og miljøpolitikk. Spare til framtidige generasjonar, til oljen ein dag tek slutt.

Har vi undervurdert dei nasjonale symbola?

Vi kan krangle om kva som skal inn og ut av denne lista. Poenget er at det finst visse politiske verdiar, prinsipp og institusjonar som definerer mykje av det som vi ser som verdifullt ved Norge. Det er slike verdiar vi må diskutere når vi diskuterer kva vi vil vere som nordmenn.

Det kan vere nyttig og viktig å få folk til å samle seg om nasjonale symbol. Vi må gjerne bruke nasjonalsongen, flagget, bunadar, og ja – til nød også kongehuset.

Silje Aambø Langvatn, filosof

toppen av slike politiske verdiar og prinsipp, trur eg det kan vere nyttig og viktig å prøve å få folk til å samle seg om visse nasjonale symbol. Vi må gjerne bruke nasjonalsongen, flagget, bunadar, og ja til nød også kongehuset.

Det kan godt vere eit nasjonal oppgåve å legge til rette for tradisjonelle norske syslar som å gå på ski og å gå på fjellet. Vi bør lære eit minimum om norsk litteratur, kunst, historie og matkultur på skulen, og legge til rette for nasjonale feiringar, landslag osb. Også eg trur at slik nasjonal symbolikk er viktig og at vi ei tid har undervurdert kor viktig det er.

Å feire 17.mai i bunad betyr ikkje at vi er framandfiendtlege. Men det symbolske nivået aleine kan ikkje bære den norske identiteten. Dette aleine blir berre blankøyd og hjertesvulmande nasjonalisme, berre estetikk og patos dersom dei politiske og sosiale verdiane som vi gjerne assosierer med desse symbola og symbolske handlingane ikkje fyl med. At slik nasjonalisme kan mobilisere er det ikkje tvil om, men vi veit også kor farleg den kan vere.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Treng ikkje å koplast til religion, DNA eller matrettar

Å feire 17.mai i bunad betyr ikkje at vi er framandfiendtlege.

Silje Aambø Langvatn, filosof

Hylland Eriksen er Toje sitt eksempel på antinasjonalisering. Men Hylland Eriksen sin kosmopolitiske multikulturalisme er ikkje det einaste alternativet ti Toje sitt forslag om å bygge fellesskapet på tjukk kultur.

Sjølv meiner eg at ein må ha ei sterkare insistering på dei politiske verdiane som vårt nasjonale politiske system bygger på, enn det dei fleste kosmopolittar og multikulturalistar meiner. Vi bør lære nye og gamle landsmenn om desse systema og verdiane, og forvente at dei aksepterer dei. Men dette er politiske verdiar som ikkje treng å koplast til spesifikke religionar, DNA og matrettar.

Toje vil ha ein avgrensa stat, meir markedsliberalisme og bygge det nasjonale fellesskapet rundt kulturspesifikke symbol. Det minner meg litt om norsketta amerikanar som elskar lapskaus, vikingar og bunadar, men som avskyr den norske velferdsstaten og det universelle helsevesenet. Bortsett frå at Toje som ekte nordmann er tilhengar av velferdsstaten. Eg meiner velferdsstaten og brei skattevilje er ein viktigare basis for norsk nasjonalt samhald og solidaritet enn å synge “Du som metter liten fugl” før lapskausmiddagen.

Det symbolske nivået aleine kan ikkje bære den norske identiteten. Åleine blir det berre blankøyd, hjertesvulmande nasjonalisme.

Silje Aambø Langvatn, filosof

Å revitalisere kristendommen si stilling og norske kultursymbol skaper ikkje i seg sjølv skattevilje og oppslutnad om velferdsstaten. Dersom vi ikkje aktivt bygger opp om dei politiske verdiane og prinsippa som ligg til grunn for desse institusjonane så klarar vi å undergrave dei på eigenhand. Utan hjelp frå innvandrarar og kosmopolitiske multikulturalistar.