Hopp til innhold
Replikk

Kunsten og Nord-Korea

Historikar Bård Larsen angrip Morten Traaviks reise til Nord-Korea, men nyttar ikkje høvet til å reflektere over spørsmåla prosjektet stiller, skriv historikar Vidar Fagerheim Kalsås.

KOREA-NORTH/ File photo shows a national meeting held to celebrate the 40th anniversary of North Korean leader Kim Jong-il's start of work at the central committee of the Worker's Party of Korea in Pyongyang

Bård Larsen uttalar seg litt vel trygt om psyken til nordkoreanarane, skriv historikar Vidar Fagerheim Kalsås.

Foto: KOREA NEWS SERVICE / Reuters

Dette er eit svar til kronikken «En uunngåelig satire» av historikar Bård Larsen, som stod på trykk 11.09.12.

I «En uunngåelig satire» skildrar historikar i Civita, Bård Larsen, kunstprosjektet til Morten Traavik i Nord-Korea som umoralsk og anklagar kunstnaren for å vera medløpar for regimet. Det er synd at Larsen ikkje nyttar høvet til å reflektere over nokre av dei spørsmåla som prosjektet stiller.

Kulturelle inntrykk

Mi hovudinnvending mot Larsen er korleis han tolkar prosjektet i den nordkoreanske konteksten: «Man skal være ganske naiv for å tro at nordkoreanere får sine stereotypier utfordret gjennom Traaviks prosjekter. Det lille de tror de lærer er at det faktisk finnes kunstnere og musikere fra vest som elsker Kim Jong-Un.»

Det er imponerande kor trygt Larsen kan uttale seg om nordkoreanarar sin psyke.

Vidar Fagerheim Kalsås, historiker

Det er imponerande kor trygt Larsen kan uttale seg om nordkoreanarar sin psyke, på tross av dei språklege, kulturelle og ideologiske utfordringane det inneberer. Det er mulig Larsen har rett, men det kan vel også vera mulig at konserten Traavik gjennomførte, gav nokre kulturelle inntrykk som nordkoreanarane ellers ikkje ville fått?

Utfordrar Traavik statsideologien?

Er det ikkje også mulig at prosjektet, sjølv innan for dei grensene det blei utført, utfordra enkelte sider ved den statlege ideologien? Som Larsen sjølv peika på i ein artikkel i bladet Humanist i 2006, skildrar den nordkoreanske statspropagandaen omtrent heile verda som trugande fiendar mot landet. Korleis lar dette seg forene med den norske nasjonalismen som Traavik viser fram i sitt prosjekt? Utfordrar ikkje dette noko ved den statlige ideologien i Nord-Korea?

Er det ikkje også mulig at prosjektet, sjølv innan for dei grensene det blei utført, utfordra den statlege ideologien?

Vidar Fagerheim Kalsås, historiker

Traavik formidla ikkje noko grunnleggjande systemkritikk for sitt publikum i Nord-Korea, det hadde han sjølvsagt aldri fått lov til, men kanskje fekk han eit lite publikum til å sjå at det eksisterer ei verd utover den som blir skildra i statspropagandaen, kanskje ikkje. Det er tross alt ikkje eit enkelt spørsmål å få svar på.

Eit spørsmål ein derimot kanskje kan få svar på, er kva tilnærming Larsen sjølv ønskjer overfor Nord-Korea? «Når man ser folk drukne, så stiller man seg ikke opp og maler et bilde av dem», skriv Larsen. Vi skal altså helst ikkje male bilete av dei druknande nordkoreanarane, men hjelper det å skrive artiklar om dei?