NRK Meny
Kronikk

Kunsten å heite Ronny

Eg har fleire gonger fått høyre at eg neppe har vore mors beste barn. Det er når eg fortel kva eg heiter.

Nomino Ronny

«Folk som heiter Ronny går oftare konkurs, er rampete og får dårlege karakterar. Kvifor er det slik?» spør Ronny Bertelsen. Bilete er henta frå TV-serien Nomino.

Foto: NRK

Trur du meg dersom eg seier at namnet verkar inn på kva karakter du får på ein eksamensoppgåve?

Tenk deg at du skal ut på ein blind date og må velja mellom to jenter. Du får berre vita namna på dei. Den eine heiter Olga og den andre Alexandra.

Truleg svara du nei på det første spørsmålet og Alexandra på det andre. Så trur du verkeleg det er slik at namnet ikkje skjemmer? Det er sjølvsagt sludder og vås. Til spørsmålet om namnet verkar inn på karakterane, må du lesa litt til før du får det ganske nedslåande svaret på det.

For aller først vil eg fortelja at det stort sett har gått strålande å heita Ronny. Men det er likevel dei som har trekt på smilebandet når dei har fått vita at bror min heiter Raymond. Tru det eller ei, men vi har klart oss bra begge to. Min bror jobbar i politiet og fakkar ein del av ronnyane, og eg blei journalist og skriv om ronnyane som blir dømte.

Ronny-ane på konkurs-toppen

For du ville ganske sikkert vore skeptisk til å kjøpa bruktbil av Kurt-Roger? Og dersom du var utlånskonsulent ville du dobbelt- og trippelsjekka dersom kunden heitte Ronny og skulle starta ei bedrift. For er det slik at desse Ronny-ane har det med å gå konkurs? Og stemmer det at Ronny-ane er overrepresenterte i fengsla samanlikna med andre namn?

I nesten ti prosent av konkursane var namnet på sjefen Ronny.

Ronny Bertelsen

Det var etter eit søk på namnet mitt eg hos E24 fann ei oversikt Proff Forvalt har laga over kva namn som går mest konkurs her i landet. I nesten ti prosent av konkursane var namnet på sjefen Ronny. Meir enn ein gong har eg fått høyra at eg neppe kan ha vore mors beste barn når eg fortel folk kva eg heiter. Og eg som berre har to fartsbøter og ein parade på ungdomsskulen i mitt synderegister.

Å, ja, tenkjer somme kanskje no. Ronny-ane var altså rampane på skulen? Myten om akkurat det vart stadfesta av Celtic-trenar Ronny Deila. Han hevda at han ikkje kjende til ein einaste sjef med namnet Ronny som hadde gått konkurs, men derimot at skulerampen heiter Ronny.

Men eg kan forsikra at det er berre denne paraden eg har på samvitet, og det var eit uhell at snøballen trefte ein lærar.

FØLG DEBATTEN: NRKDebatt på Facebook

Alexander mot Ronny

Men så var det desse karakterane. Dei to dåverande mastergradsstudentane Iselin Farstad og Silje Kvalbein sjekka akkurat dette. Altså sjekka i kor stor grad vi lar oss påverka av ein ytre faktor som namn når vi skal gje karakterar på ei skuleoppgåve.

Dei to sjekka karakterane til såkalla høgstatus- og lågstatusnamn. Og brukte for- og etternamn i ulike kombinasjonar. Og sjølvsagt gutenamn opp mot jentenamn og typiske innvandrarnamn, for å nemna det vesentlegaste.

Det er neppe så hemmeleg at namnet som fekk desidert lågast poengsum var … Ja, akkurat, Ronny.

Ronny Bertelsen, journalist

Namna dei landa på at dei ville bruka var Alexander og Alexandra Greve Bjelland som høgstatusnamna og Ronny og Jenny Olsen som lågstatusnamna. Desse fire namna blei så brukte til å signera deler av ei eksamensoppgåve frå vidaregåande skule. Nøyaktig same oppgåve blei signert med dei ulike namna, og i alt 400 personar blei bedne om å gje oppgåva poeng på ein skala frå 1-15, der 15 er best.

SE OGSÅ: Nomino på NRK Nett-TV

Kven trur du fekk best poengsum? Alexandra Greve Bjelland fekk desidert best poengsum, og jentene fekk i snitt betre poengsum enn gutane. Det er neppe så hemmeleg at namnet som fekk desidert lågast poengsum var … Ja, akkurat, Ronny.

Positivt overraska over Ahrmed

Dei brukte også namnet Ahrmed Abd al-Mubdi i ei av oppgåvene, og korleis kom så dette namnet ut? Ahrmed Abd al-Mubdi fekk endå betre poengsum enn Alexander Greve Bjelland. Dette forklarer dei med at ein blir så positivt overraska at poengsummen blir oppjustert berre på grunn av den positive overraskinga.

På same måte sjekka dei også om det hadde noko å tyda dersom dei som skulle setja poengsummen også tok omsyn til det dersom dei visste at oppgåveskrivaren hadde dysleksi. Ronny Olsen med dysleksi fekk høgare poengsum enn Ronny Olsen utan dysleksi.

Det tragiske er at dei med «feil» namn feilaktig ikkje har fått nok poeng til å koma inn på ønskjestudiet sitt.

Ronny Bertelsen, journalist

Media må ta litt av skulda

Kvifor er det slik? Litt av skulda meiner dei to kvinnene at media må ta fordi dei stadfester inngrodde haldningar til namn. Og forsking viser også at menn ofte får eit negativt fokus i media, medan det motsette gjeld for kvinner.

Døme på dette er at ein artikkel som fortel at kvinner sjeldnare går konkurs når dei har starta eit selskap, eller at gutar gjer det dårlegare på skulen enn jenter, vil påverka lesarane og stadfesta haldningar. Namnet Ronny går att i media på ein negativ måte, og det blir gjerne assosiert med kriminalitet.

Det tragiske med at det er slik er at dei med «feil» namn feilaktig ikkje har fått nok poeng til å koma inn på ønskjestudiet sitt, medan det nok er somme som ufortent har fått nok poeng til å koma inn på draumestudiet.

Ikkje bere negativt

Men er no alt med Ronny-namnet negativt? Nei, for eg fann ut endå litt meir etter å ha googla namnet mitt:

At namnet kjem frå England er ikkje så spennande informasjon. Litt meir interessant er at nesten 6.000 i landet heiter Ronny, og namnet var på sitt mest populære i 1975. Men mest spennande er det kva namnet tyder. Ikkje mindre enn ein kongeleg rådgjevar. Det kan vi med dette belasta namnet godt leva med …

Nomino episode 7 om Ronny blir sendt på NRK1 torsdag 15. oktober klokka 2025.