Hopp til innhold

Kunsten å grønvaske

Eg har vore i Berlin og besøkt årets høgdepunkt for norsk og internasjonal matadel. I eit berg av grønpussa turistbrosjyrar og lokale gourmetostar, manglar berre ein ting: den nakne sanninga.

Norsk mat på Grüne Woche

«Matmessa Die Grüne Woche er eit show. Den kler opp landbruksindustrien i sjokolade frå Tirol, sparkar ut kyllingindustrien og spelar opp til dans med turistane», skriv kronikkforfattaren. Her ser du bilete frå ein norsk stand frå eit tidlegare år.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Anne Viken er fast spaltist i radioprogrammet Ytring på P2. HØYR programmet.

Grüne Woche er ei gigantisk internasjonal utstilling av mat- og landbruk som fekk underteikna omtrent til å gå i bakken alt i døra. Messa gjekk av stabelen i Berlin denne veka i eit hav av alpeskjørt, raudvin, honning og rogn. Norske vaflar og smaksprøvar frå nisjeost hagla. Til slutt var eg kokt og køyrt, og sette meg i ein vinbar for å smake meg gjennom heile Italia. Så bar det av stad til mottaking på den norske ambassaden der Innovasjon Norge, nisjeprodusentar og gorumetkultur var samla for å ete fingermat, nettverke og sjekke damer. Dette var dag ein.

Innovasjon Norge, nisjeprodusentar og gorumetkultur var samla for å ete fingermat, nettverke og sjekke damer.

Anne Viken

Storskalaindustrien gøymt bort

På dag to hasta eg av stad for å sjå der det storskala industrilandbruket stod, litt dukknakka med nokre skarve plakatar, på den iskalde gata. Oppmøtet var dårleg. Ingen ambassade serverte vin. Store grisebønder med la-MRSA, megafarmar for mjølk og kylling, det som ikkje kan visast fram på Grüne Woche, stod på gata. Men det er slike farmar som produserer det mange av landa som deltek på Grüne Woche krev og har framelska, til dumpingprisar, og billigprodukt for Lidl.

Kvalmande kontrast

Kontrasten til musikken, skålinga og feiringa av gourmet på messa er enorm, og det var her eg begynte å bli kvalm. Kontrasten mellom messa og la-MRSA, mellom det dei ulike landa vil vedkjenne seg: gourmet, og det dei politisk har avla fram: landbruksindustri. Men messa er eit show. Den kler opp landbruksindustrien i sjokolade frå Tirol, sparkar ut kyllingindustrien og spelar opp til dans med turistane.

Det er ikkje honning tilsett krydder som kjenneteiknar storparten av Europa, det er Lidl og pizza så dårleg at du treng psykolog for å få den i deg.

Anne Viken

Landbruksministrar samlar seg sist laurdag bak lukka dører for å diskutere korleis dei, som alle saman alt er best, kan bli enda betre. Så klapsa dei kvarandre truleg på skuldrene. Kanskje drakk dei vodka frå Mongolia, messas minste stand. Slik er det ofte med nettverk. Det er mykje klapsing, men store ord er tidvis større enn grisefarmane dei ikkje snakkar om når økoeliten frå Europa tar ambassadane.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook.

Ikkje lette å kjenne att

Men det er ikkje honning tilsett krydder som kjenneteiknar storparten av Europa, det er Lidl og pizza så dårleg at du treng psykolog for å få den i deg. Ikkje alle har råd til gourmet. Dei har råd til industri, mens industrien har knapt råd til å halde seg sjølv i live. Dei rasar utfor i ei sky av nebbklipte høns og industrikylling. Jo meir ein tenker på det, jo verre blir Grüne Woche i all sin forherligelse av alt det desse landa ikkje kan stå fram med. Norge flaggar med sitt fremste industriprodukt, masseproduserte Jarlsberg oppfunnen av ei garva budeie, lykkeleg gift og med støl, men seier ingenting om at ein i Norge kan halde kyr på 4,5 kvadratmeter per ku i betongluftegardar heile sommaren. Ein kan ikkje servere First Price-kylling til ein tysk turist. Ein serverer samedrakt og gaflar i dei tørrfisk. Vi fortel om ost ikkje ein gong Google-maps kan hjelpe deg å finne. Vi er ikkje lette å kjenne att.

Fjell og gourmet vs. industri

Eg er ikkje naiv. Messa er ei turistmesse retta mot turistar, eg kan marknadsføring og messa er ein viktig arena for nettverksbygging, men det er også ein kvalm ironi her. For kven veit om industrien som står på gata er der neste år. Kanskje er dei oppkjøpt av dei enda større selskapa som kjøper opp stadig meir av Europas areal, under full velsigning frå ministrane som i Berlin rusar seg på nisjeost frå Litauen. Og kven veit om nisjeprodusentane på messa overlever.

Messa er eit show. Den sparkar ut industrien og spelar opp til dans med turistane.

Anne Viken

Med fjell og gourmet skal turistane lokkast. Med industri skal innbyggarane matast og landet byggast. Den minister og regjering som vågar stoppe landbruksindustrien, har enno ikkje sett dagens lys. Det er derimot ingen av dei som kan utebli frå Den Grøne Veka i Berlin.

HØYR Ytring på radio – kvar søndag kl. 11.03 på P2 eller i nettradio når du vil.