Denne replikken er eit svar på kronikken «Hold kultureliten unna barna». Sjå også Vera Michaelsens replikk «Dommedag for kulturtilbud».
Av alle dei meir eller mindre gjennomtenkte framlegga i boka «Kultur for kulturens skyld» er framlegget om å leggje ned Den kulturelle skulesekken det aller mest elitistiske.
Ikkje alle barn og unge får tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet gjennom foreldra sine. Vi ønsker å gje alle barn og unge kjennskap til ei verd nokre av dei ikkje har tilgang til på fritida. Det gjer vi mellom anna gjennom Den kulturelle skulesekken.
Den er ei viktig kulturpolitisk ordning som sikrar at profesjonell kunst og kultur når ut til alle barn og unge, uavhengig av økonomisk, sosial eller kulturell bakgrunn. Den kulturelle skulesekken er truleg eit av dei mest inkluderande tiltaka vi har på kulturfeltet, og ei ordning eg absolutt ikkje ønskjer å fjerne.
FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.
Skulesekken har forskjellig i seg i kvart fylke
Kunst og kultur kan være ein viktig del av livet. Gjennom den blir vi utfordra, og den gir opplevingar som er med på å utvikle personlegdom og livskvalitet. Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Alle desse aspekta er relevante, ikkje minst for barn og unge som veks opp i Noreg i dag.
I løpet av skuleåret 2011–2012 blei det gjennomført over 58.000 skulesekkarrangement i grunnskule og videregåande skule. Talet på deltakarer til arrangementa var opp mot 3,3 millionar barn og unge.
Kronikkforfattarane meiner at Den kulturelle skulesekken er ei sentralisert ordning. Det er ikkje tilfelle. Fylka og kommunane har høve til å utarbeide sine eigne kulturelle skulesekkar i samsvar med lokale og regionale tilhøve, og utan for sterk statleg styring.
Det finst ikkje berre ein kulturell skulesekk
Kulturdepartementet fordeler spelemiddel til fylkeskommunane som i sin tur fordeler nokre av pengane vidare til kommunane. Innhaldet i Den kulturelle skulesekken blir på denne måten skapt i kvart fylke og kvar kommune.
I praksis kan vi difor seie at det ikkje finst berre ein kulturell skulesekk, men 19 fylkessekkar, 429 kommunesekkar, ein Svalbardsekk og mange tusen skulesekkar i dei enkelte skulane.
Organiseringa av Den kulturelle skulesekken sørgjer for stor grad av lokalt medansvar og fridom. Utan finansiering frå Staten, ville det vore vanskeleg for mange kommunar og fylke å gje skuleelevar eit tilsvarande kulturtilbod.
Ekstraordinære kunstarlege opplevingar
Den kulturelle skulesekken er likevel berre eitt av fleire kulturpolitiske tiltak retta mot barn og unge. Kulturskulen og Ungdommens kulturmønstring er andre viktige ordningar, der barn og unge får opplæring og høve til å utøva kunst og kultur.
På skulen får elevane først og fremst kjennskap til kunst og kultur gjennom dei estetiske faga. Her lærer elevane å uttrykkje seg kreativt i ulike kunstsjangrar. Både dei estetiske faga i skulen og ulike kulturelle fritidsaktivitetar, inneber stor grad av eigenaktivitet.
Den kulturelle skulesekken er, og skal vere, noko anna. Den kulturelle skulesekken skal gje elevane ekstraordinære kunstnarlege opplevingar og møte med profesjonelle kunstnarar, og dette er ein verdi i seg sjølv. Skulesekken skal med andre ord vere eit tillegg, og ikkje ein erstatning, til andre kulturpolitiske tiltak for barn og unge.
FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.
Ei av dei mest vellukka satsingane i Kulturløftet
Eg vil óg leggje til at Den kulturelle skulesekken utgjer kun ein liten del av tida barn og unge bruker på kunst og kultur. I løpet av ei veke brukar elevane fleire timar på estetiske fag i skulen, i tillegg til tida dei brukar på frivillige kulturaktivitetar. Til samanlikning får kvar elev i grunnskulen gjennomsnittleg oppleve 4,5 skulesekkarrangement i året.
Kvaliteten på kultur blir ikkje forringa av at fleire tar del. Gjennom Den kulturelle skulesekken får barn og unge eit profesjonelt kulturtilbod.
Det bidrar og til at dei blir kanskje i neste omgang får med seg foreldra sine, eller dei blir sjølve publikum på kulturarrangement på fritida. På den måten er Den kulturelle skulesekken med på å skaffe kulturlivet eit nytt publikum.
Den kulturelle skulesekken er ei av dei mest vellukka satsingane i Kulturløftet. Dersom ein er oppteken av kultur for kulturens skuld er nedlegging av Den kulturelle skulesekken eit særs dårleg framlegg.