Hopp til innhold
Kronikk

Når kongehuset meiner at vi ikkje strekk til

Kronprinsparet flytter barna sine til private skular. Det er deira rett. Men som lærar kjenner eg at dette stikk litt djupare.

Ingrid Alexandra Sverre Magnus

I august byrjar prinsesse Ingrid Alexandra i 5. klasse ved Oslo Internasjonale skole på Bekkestua, medan prins Sverre Magnus blir 4.-klassing ved Montesorriskolen i Oslo. Her syskena i aksjon under ein fotballkamp på Skaugum i forrige veke.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Eg har forsøkt å tenke at det må vere greitt at kronprinsparet som foreldre sjølve vel kor barna deira går på skule. Men det får eg ikkje til – eg får det verkeleg ikkje til. For som lærar kjenner eg at dette stikk litt djupare for oss enn det enkelte av politikarane våre verkar å ville vedstå.

For den skulegangen vi dagleg arbeider med å legge til rette for folk flest i dette landet, den er visst ikkje lenger god nok for dei som skal leie og samle dette folket. Det skulle berre mangle at det vekker litt kjensler og får oss til å stille nokre spørsmål ved det vi driv med. For all del: Vi stiller daglege spørsmål om det vi driv med, og det gjer samfunnet rundt oss òg. Men vi er vande med at spørsmåla dreier seg om korleis vi kan lage ein betre skule for alle, ikkje for dei få.

LES OGSÅ: Kronprinsbarne bytter frå offentlig til privat skole

Å ha valet, og å ta valet

Det er særleg to ting ved denne saka som gjer at eg reagerer på valet til kronprinsparet: Det eine er det dette valet faktisk betyr, nemleg at vi har eit kongehus som openbart vurderer den norske offentlege skulen som utilstrekkeleg. Det andre er at vi har ein leiar av kirke-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF), Trond Giske, som meiner at dette er uproblematisk, og lettvint avfeiar det med at «dette er deres [kronprinsparets] beslutning som foreldre». Det same meiner visst kunnskapsministeren og statsministeren.

Vi har eit kongehus som openbart vurderer den norske offentlege skulen som utilstrekkeleg.

Ane Krogsæter Aarre

Ein kan meine at det er eit fint prinsipp at foreldre står fritt til å velje kor dei vil sende barna sine på skule. Men når foreldra tilfeldigvis er kronprins og kronprinsesse i Noreg, da er det nokre fleire prinsipp som òg bør gjelde.

Sjølvsagt skal omsynet til barna vege tyngst. Vi veit kanskje ikkje kva den eigentlege årsaka er til at kronprinsparet har gjort det valet dei har gjort. Ikkje treng vi spekulere i det heller. Som foreldre har kronprinsparet på lik linje med andre høve til å ta barna ut av den offentlege skulen. Det er ikkje det at dei har valet, men det at dei har gjort det, som er tankevekkande.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ikkje god nok for alle – eller berre kronprinsbarna

På eitt vis er denne saka ganske enkel: Anten er det slik at dei offentlege skulane ikkje klarer å møte behova som barna våre har. Det problemet vert i tilfelle ikkje løyst av at kronprinsparet nyttar skattepengar på tilbod laga for betre menns barn. Eller så er det slik at vi har ein god offentleg skule, men eit kronprinspar som meiner at det vi i fellesskap har kome fram til skal vere godt nok for alle andre barn i dette landet, ikkje er godt nok for deira. Begge deler vil eg meine rammer fellesskulen, og såleis noko som burde vekke interesse hos noverande så vel som tidlegare kunnskapsministrar.

Viss engelsktilbodet i skulen vår ikkje er godt nok for kongelege er det heller ikkje godt nok for oss andre.

Ane Krogsæter Aarre

Det er særleg valet av ein heilprivat internasjonal skule som har vakt ein del harme. Eg trur vi alle kjem til å trenge betre engelskkompetanse framover, og kan ikkje sjå at dette er eit særskild kongeleg behov. I dag har truleg storparten av dei som skal leie landet vår ein gong i framtida sin siste skuledag før sommarferien i ein av landets offentlege skular. Viss engelsktilbodet i skulen vår ikkje er godt nok for kongelege er det heller ikkje godt nok for oss andre. Viss dette er eit problem vert det i tilfelle ikkje løyst ved at politikarane våre slår fast at alle foreldre jo står fritt til å velje andre skular. Det er det vi vanlegvis ville omtalt som ei ansvarsfråskriving, fordi vi veit at mange foreldre reelt sett ikkje har dette valet.

Ikkje er så farleg?

Alle foreldre har draumar og mål for barna sine. Eg har valt læraryrket fordi eg ønskjer at vi skal nå flest mogleg av desse. Difor vert eg opprørt når kronprinsparet vel vekk fellesskulen, og eg vert opprørt når dei fremste skulepolitikarane våre gir uttrykk for at det ikkje er så farleg.

Eg vert opprørt når kronprinsparet vel vekk fellesskulen, og eg vert opprørt når dei fremste skulepolitikarane våre gir uttrykk for at det ikkje er så farleg.

Ane Krogsæter Aarre

Det er eit merkverdig dårleg signal kronprinsparet no vel å sende til folket. Særleg sidan valet truleg ikkje kan forsvarast når ein ser konsekvensane det har. For sjølv om det sjølvsagt finst tilfelle der elevar kan ha behov for å byte skule, klarer eg ikkje å forstå kva behov kronprinsparet meiner berre kan bli møtt i ein privatskule. At kronprinsparet sitt val svekker fellesskulen, meiner eg det er lite tvil om. At det samstundes svekker kongehuset, er ei anna sak. Eg vil hevde at for ein norsk kongefamilie vil engelskkompetanse aldri kunne vege opp for manglande kjennskap til den norske fellesskulen og manglande forståing for innhaldet i den.

Når dei som skal vere eit samlande symbol for nasjonen vår, vel å melde barna sine ut av den viktigaste fellesskapsarenaen vi har, er det vel verd ein diskusjon. Som lærar hadde eg håpa at våre folkevalde som har ansvar for utviklinga i skulen, torde å ta slike diskusjonar.