Hopp til innhold
Kronikk

Kolonimakta Noreg og slavane

Snart skal me feira grunnlova og landet vårt. Då må me våga å kikka på dei mørke sidene ved historia vår.

Christianborg

Det danske slavefortet Christiansborg på Gullkysten i Guinea. I dag er det beliggende i Ghanas hovedstad Accra, og benyttes som regjeringsbygg.

Foto: Wikipedia

«Fravær av kolonihistorie (...) som kunne skape tvil om vårt politiske engasjement».

Slik presenterer tidlegare utanriksminister Jonas Gahr Støre landet vårt: som ein fredsnasjon utan kolonihistorie. Desse orda er fine, dei viser at det er noko eige med Noreg, me er litt snillare, litt reinare i kantane enn dei europeiske stormaktene som vart bygd på utbytting av menneske og naturressursar i fjerne himmelstrok.

LES OGSÅ: Krever slaveri-erstatning fra Norge

Orda er også praktiske; Støre brukar dei for å reklamera for Noreg som ein fredsmeklar. Me er landet utan arvesynd, så me kan mekla i konfliktar over heile verda, frå Colombia til Sri Lanka. Men orda stemmer ikkje med det som faktisk er historia vår. I den atlantiske slavehandelen dukkar nordmenn opp som kolonistar, torturistar, byråkratar og eventyrarar.

«Vi hadde et fort i Afrika. Det ligger dernede ennu».

Desse orda brukte Thorkild Hansen då han introduserte trilogien om Danmark si fortid som slavenasjon. Då den kom ut på slutten av 1960-talet skapte den ein viktig debatt om den koloniale fortida til Danmark. I Noreg har me dessverre sleppe unna denne vanskelege debatten. Historia vår starta ikkje med dei myteomspunne møta på Eidsvoll i 1814.

Nordmennene var også gode administratorar, minst ni nordmenn fekk tittelen guvernør ved dei dansk-norske slaveforta på Gullkysten.

Maria Lavik

Før 1814 var me ein del av eininga Danmark-Noreg, ein liten knott samanlikna med stormakter som England, Holland og Portugal. Men, me hadde dei same ambisjonane om å okkupera land og kjøpa menneske som slavar for å skapa økonomisk vekst. 1660-talet markerte starten på Danmark-Noreg sitt engasjement i slaveøkonomien. Fleire dansk-norske slavefort vart bygd langs Gullkysten i Afrika og tre øyer i det vestindiske hav vart okkupert eller kjøpt frå andre europeiske land. Øyene var veleigna til plantasjedrift og som marknadsplassar for slavehandel.

Rundt 85.000 afrikanarar vart transporterte på dansk-norske skip over Atlanterhavet til Vestindia.

«Kolonisert kolonimakt».

Slik omtalar Kjartan Fløgstad landet vårt si merkverdige rolle i slaveøkonomien. For Noreg var på denne tida underlagt ein dansk eineveldig konge, samstundes som nordmenn underkasta og kua andre folkeslag. Kolonitida med Danmark blir av nokre historikarar stempla som «400-årsnatta». Dette er misvisande, då Noreg hadde stor grad av sjølvstyre og drog økonomisk nytte av å vera ein del av ei større politisk eining. Me hadde sjømennene, investorane og administratorane som trengtes då det danske imperiet skulle breia om seg. Den dansk-norske marinen hadde ei klar overvekt av nordmenn, og marinen kjempa for staten sine imperialistiske ambisjonar. Nordmennene var også gode administratorar, minst ni nordmenn fekk tittelen guvernør ved dei dansk-norske slaveforta på Gullkysten.

To slavar vart radbrekka: dei vart lagde på eit hjul der lemmane deira vart knuste, dei låg der til dei døydde.

Maria Lavik

Fleire norske nasjonalikon har vore involvert i slaveøkonomien. Peter Wessel, betre kjend som sjøhelten Tordenskjold, mønstra på eit dansk-norsk slaveskip som 15-åring. Den store bergenske kjøpmannen Jørgen Thormøhlen sende ut slaveskip frå kaien i Bergen og kjøpte rettane til å driva handel med koloniane i det vestindiske hav. Ludvig Holberg plasserte pengane sine i det danske handelskompaniet som hadde einerett på slavehandelen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook og Twitter

«Lyst til friehed, som er så uadskillelig fra den menneskelige natur, har altid født og vil nødvendigvis altid føde rebbelioner af sig».

Desse opplyste orda skreiv Engebret Hesselberg i 1759. Juristen frå Ringerike var ein av nordmennene som var involvert i slaveøkonomien. Han arbeidde på St. Croix, ei øy i Vestindia eigd av Danmark-Noreg, ei øy veleigna for sukkerplantasjar. Øya var folkesett av europeiske slaveherrar og slavar som hadde overlevd den gruvfulle overfarten frå vestkysten av Afrika til Vestindia. Slavane på plantasjane produserte råsukker som vart sendt til raffineria i Trondheim, Bergen og Halden. Som byfogd hadde Hesselberg i oppdrag å halda ro og orden på øya som husa over 10 000 slavar. Men Hesselberg var også humanist: han hadde studert teologi og juss i København og hadde teke til seg dei nye progressive tankane frå opplysningstida. Han skriv at slavane har eit naturleg medfødt ønskje om fridom.

To slavar vart radbrekka: dei vart lagde på eit hjul der lemmane deira vart knuste, dei låg der til dei døydde.

Maria Lavik

Desse orda vart skrive kort tid etter han hadde dømt 13 slavar til ein grufull død. To av dei vart sette til å døy i eit jernbur. To slavar vart radbrekka: dei vart lagde på eit hjul der lemmane deira vart knuste, dei låg der til dei døydde. Hesselberg noterte seg samvitsfullt kor lenge dei levde og sende informasjonen tilbake til København. Hesselberg mistenkte at slavane hadde planlagt opprør, og meinte at ei streng straff var nødvendig for å skremma andre slavar frå å fantasera om fridom. Straffene var ikkje hardare enn det som var vanleg på den tida, dei var faktisk ganske så gjennomsnittlege. Hesselberg var ein gjennomsnittsnordmann, han opplevde dei velkjende kvalane som oppstår når dei gode og opplyste ideala møter ønsket om økonomisk vinning.

«Noreg er eit lite land i verda».

Når me skal hylla oss sjølve, vår nasjon og grunnlov i det komande året bør me ha med oss orda til tidlegare statsminister Lars Korvald. Ikkje for å gjera grunnlovsjubileet til ei øving i kollektiv sjølvpisking, men for å skapa ei tid for å reflektera over kva Noreg har vore, og kva veg me vil gå vidare. Me treng ikkje presentera ei blendakvit historie for å vera stolte av landet vårt, og me treng ikkje servera politiske løgner for å styrka vår internasjonale kredibilitet. Me er eit lite land i verda, som har hatt mange av dei same draumane, feilskjæra og ambisjonane som andre land.

Maria Lavik leverte i september masteroppgåva «Small players in the big game – Norwegians and the slave trade».