Hopp til innhold
Kronikk

Klemming og handhelsing er nymotens greier

I barndommen min var klemmen berre til å seia god natt. Det var først da eg kom til byen at eg lærte å klemma, både karar og kvinner.

Høie avverger håndhilsing mellom Solberg og Stoltenberg.

Handtrykket er så innarbeidd i norsk kultur i dag at det vart eit vondt brot å slutte å helse med handa, skriv kronikkforfattaren. Bent Høie fekk avverga at Erna Solberg og Camilla Stoltenberg brukte handtrykket da Norge stengte ned 12.mars.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Da eg var liten gut lærte foreldra mine meg å takke for maten med å gje dei handa og seia takk. Kvar kveld da eg skulle legge meg, gav eg mor og far ein klem. Var det familie eller nære vener av dei hos oss, gjekk eg runden og klemte alle. Nå lever vi i ei tid der vi verken skal klemme eller ta andre i handa.

Vi opplever dette som sterke brot med innarbeidd skikk. Kulturminister Abid Raja seier han saknar «det norske handtrykket», når helsedirektør Bjørn Guldvog foreslår at vi må vurdere alternativ til handtrykket i framtida. Andre vonar den omfattande klemminga er over ein gong for alle. Dei vil ikkje attende.

Bygdeskikk

Da samfunnsforskaren Eilert Sundt vandra omkring og studerte liv og levnad midt på 1800-talet, var det mye som overraska han. Verken bønder eller husfolk helste kvarandre med handtrykk!

Ein bymann som var ukjend med landsens skikk, kunne tenkje at bøndene ikkje var høflege i det heile, skreiv Sundt. I staden fann Sundt ut at det var stor skilnad mellom by og land når det kom til korleis ein synte seg høflege, og han konkluderte: «Høflighed skal i de gammaldags Bygder ikke vises med legemlige Gebærder eller udvortes Tegn, men med Ord».

Å helse i handa vart knytt til religion.

«God dag» eller «signe arbeidet» var brukelege frasar. Det kunne vera skilnad etter kva tid på dagen det var, om det var ein granne som kom inn i stova eller om jamningar møtte kvarandre etter bygdevegen.

Endringsskikk

Den enkle forklaringa på at å helse med handa er innarbeidd skikk i Norge i dag, er ei borgarleggjering av samfunnet gjennom 1800-talet. Handhelsing breidde om seg til alle sosiale lag og stader. Noen plassar før, andre seinare. Det spennande med Sundt si undersøking av helseskikkane, er at han dokumenterte endringa nett som ho skjedde.

Og midt inne i ei endring finst oftast detaljar som blir borte med tida. I 1850-åra i Trøndelag var det ikkje byborgarane som påverka ålmenta. Å helse i handa vart knytt til religion.

Det fanst eitt unnatak frå regelen om handtrykk, skreiv Sundt: «en bestemt Afvigelse herfra forekommer blant Haugianerne». Dei helsar kvarandre med handslag og held kvarandre lenge, skriv han.

Eg vaks opp i eit bygdesamfunn der handhelsing framleis var knytt til noe høgtideleg, noe litt framandt. Dei fleste møta var mellom folk som kjende kvarandre godt, og da var ikkje handa framme, anten det var kort eller lang tid mellom kvart møte. La meg legge til at eg er 47 år.

Som ung student i byen, skulle plutseleg alle klemme, både karar og kvinner.

Da var det noe anna med handtrykk og takk. Både i Eilert Sundts og mi tid har det å rette fram handa for å takke vori viktig. Men omkring 1850 var det altså einaste gongen ein bonde trykte annan manns hand. Sundt er sikker: «Haandtag bruges egentlig kun ved Taksigelse og til Stadfæstelse paa et Løfte».

Intim skikk

Ikkje eingong mellom ektefolk fann Sundt uttrykk for kroppskontakt gjennom hender. «Der kan nok være Ømhed og Hengivenhed i Hjerte-Dybet», skreiv han, men ikkje «legemlige Gebærder» eller ytre teikn. Dette er langt frå den utbreidde klemminga vi kjende så godt her til lands før koronatida.

Noen skuldar på Petter Nome frå fjernsynsprogrammet «Rondo» i 1991. Han klemte alle, og har fått skryt for å ha dempa homofobi fordi han klemte andre menn. Til skilnad frå det kjønnsnøytrale handtrykket, er klemming absolutt kjønna.

Rondo sesong 2

Petter Nome og "de syngende servitører" i Rondo. F.v. Maja Neraas, Laila Nordhaug, Yvonne Algrøy, Petter Nome, Birgitte Øygarden Andresen, Morten Eriksen og Åge Sten Nilsen.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Eg har mi klemmeutvikling frå ungdomslagsrørsla i Oslo. Der oppdaga den unge mannen ein totalt framand klemmekultur. Den kjønns- og aldersoverskridande nattaklemminga frå barndommen vaks eg av meg på bygda.

Klemmeskikk

Nå, som ung student i byen, skulle plutseleg alle klemme, både karar og kvinner. Oftast heile omfamningar. Eg var litt forvirra den fyrste tida, men kom ganske raskt inn i det.

Så var det og skilnader innanfor subkulturen. Eg fekk velmeinande rettleiing frå ei eldre vestlandskvinne, da eg ville ta omkring henne og gi henne ein klem. «Her må hånden med», var hennar kjappe kommentar for å unngå å drukne i eit famntak.

Eg tenkjer ofte på henne med takk, og nyttar sjølv trikset med å rekke fram handa fyrst, for så å sjå om det blir med handslaget eller det kjem ein klem attpå. Nokre gongar kjem klemmaren i ubalanse lell, om den eine vil og den andre ikkje.

Klem

Frå kultur- og kirkeminister Trond Giske sin 40-årsdag i 2006 der han gjorde eit mislukka forsøk på å ta ein klem av Jens Stoltenberg.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Arbeidarpartikarane Trond Giske og Jens Stoltenberg blir hugsa for det. Karklemmar kan elles vera utan kontakt kjake mot kjake. «Det hendte vi tok omkring kvarandre», var far min (88) sitt svar på spørsmålet om han hadde klemt andre karar i sin generasjon. Inntil 12. mars i år, da.

Skikk og uskikk

Handtrykket er så innarbeidd i norsk kultur i dag at det vart eit vondt brot å slutte å helse med handa. Skikken er kroppsleggjort så han også er heilt automatisert, og vi minnast med smil korleis helseminister Bent Høie avverga at statsminister Erna Solberg helste folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg med handa.

Det er hyggeleg og inkluderande å hente alternative helsemåtar frå kulturelle grupperingar som lenge har helst med handa på hjartet eller med å halde handflatene mot kvarandre framfor bringa.

Og så har eg voner om at vi snart kan få att handtrykket – og klemmen for dei som vil.

Det er kreativt og morosamt at noen har funne opp nye helsemåtar, som å trykke innsida av foten mot kvarandre. Armbogehelsing blir meir komisk, tykkjer eg. Før det vart helsemåte, kjende eg berre til armbogestøyt som vonde uhell. Da tar eg heller fram eit djupt bukk.

Og så har eg voner om at vi snart kan få att handtrykket – og klemmen for dei som vil. Kroppskontakt har med seg eit finmaska nett av vare kjensler. Men i dette, som i så mangt: det gjeld å forstå skikken dit ein kjem.

Det visste Eilert Sundt da han møtte trønderane som ikkje helste med handa, og det veit vi frå eigne kulturskiftingar så vel som andre kulturmøte i dag.