Hopp til innhold
Kronikk

Kjøpesenteret er som gjedda i sivet

På flottaste tomt i Ørsta står kanskje det styggaste bygget, kjøpesenteret AMFI.

Oversiktsbilde over Ørsta med fjell i bakgrunnen

«På flottaste tomt i Ørsta står kanskje det styggaste bygget. Til og med næraste grannehuset er mykje penare. Det hyser kloakkreinseanlegget i Ørsta», skriv forfattaren

Foto: Mats Hjelmeland

Då er domen forkynt, til og med i bokform. Einmannsjuryen har tråla fedrelandet og funne ut at av snart førti kjøpesenter, har Ørsta berre karra til seg eitt poeng. Dei mest heldige har fått seks poeng.

No treng ein ikkje gråte av den grunn, der er alltid litt trøyst i sams ulykke. Korkje Gran, Sandvika eller Førde har noko meir å skryte av enn Ørsta som for ein del år sidan, likte å kalle seg «Den kvite byen». Årsaka var at alle dei mange møbelfabrikkane, og andre verksemder, langs fjøra inn mot sentrum – og i sentrum – var kvitmåla, tillike med mange hus i same område. Den tids økonomiske maktelite sette sitt positive preg på Ørsta sentrum, både med mange og kjærkomne arbeidsplassar, men også gjennom eins fasadepreg, fargemessig sett.

Dei som stod føre prosjektet lukta pengar allereie før golva var ferdig lagde.

Så det var ikkje anna å vente enn at då det skitgrå og nesten svartgrå byggmonsteret reiste seg av grunnane der ærverdige Grepa & Mjelva Fabrikkar låg, som i si tid forsynte familiar med barnevogner, ein og annan Olabil og elektriske komfyrar, reagerte sentrumsørstingane på fargevalet, storleiken og fasaden på det som skulle bli kjøpesenteret i Ørsta.

Karusellen i gang

Dei som stod føre prosjektet lukta pengar allereie før golva var ferdig lagde. Den sunnmørske kræmarånda budde i heilt andre rom enn ein tom oljelampe, og butikk etter butikk tinga seg plass på innsida av dei store, lange, høge og lite innbydande veggane.

Lokkematen var populære «gutebutikkar», spesialbutikkar for kle og husinventar. Gode gamle coop-gjengen tinga seg fleirfaldige kvadratmeters tumleplass og avvikla sin tidlegare butikk. For større omsetnad lokka, samvær med andre kræmarar kasta lys over framtida, og røynslene frå andre bygder og byar gav klare forventningar: Der butikkane er, der vil folk samle seg. Det var berre å kaste seg på karusellen og leggje ut passande åter!

Det var berre å kaste seg på karusellen og leggje ut passande åter!

Novel, det mangla ikkje på engasjement blant folket. Lokalavisa serverte eine lesarinnlegget etter det andre, for og imot, og journalistane laga reportasjar som skrytte opp heile prosjektet.

Det fall ei og anna tåre

Men i dimme hjørne i den tidlegare handlegata i sentrum, stod kanskje ein butikkeigar og let ei og anna tåre falle. I alle høve dei som ikkje ville, eller kunne, eller våga kaste seg på AMFI-toget. Reiselengda var ikkje særleg lang, målt i meter, men dørstokkmetrane var i lengste laget.

Nei, sa fleire av fotfolket. På denne flottaste tomta i sentrum vil vi ikkje ha eit monster av eit kjøpesenter. Men her som mange stader elles; pengemakta sat med sterkaste korta. Dei heiter forteneste, arbeidsplassar, andlet utover.

I fleire grannekommunar stod andre med store kjøpesentermagar og ivra etter å bygge. Stort, prangande. Lite estetisk gjennomtenkt. Næraste grannen, Volda, hadde ikkje kjøpesenter, men mange kjekke og varierte butikkar i sentrumsgatene. Kommunane Ulstein, Ulsteinvik og Herøy trengde sårt til kundar frå alle hjørne til både butikkar og hotell og planlagt badeland og kulturhus.

Og det er ingen tvil: Kjøpesenteret i Ørsta skulle kome først, vere størst og såleis drage til seg kundemassane frå alle grannebygdene, om dei så måtte køyre fleire mil for å skaffe seg ein dress som var hundre kroner rimelegare der enn i butikkane heime.

Formidabel omsetning

Det har gått deira veg, så langt. Omsetninga har vore formidabel. Ørsta ligg på toppen mellom kjøpesentera på Søre Sunnmøre, og etter ei utviding for eit par år sidan, står no endå fleire butikkar og kjeder og vil inn. Dermed arbeider ein no for utviding.

Dei mange mindre og langt meir koselege butikkane er nesten borte.

Likevel, det smakar ikkje like godt for alle. Handlegata, Vikegata, har vore mykje eit delvis tomt skal i lang tid. Mange har vore – og er – så imot kjøpesenterideen at dei nekta seg sjølv å handle på AMFI. Dei mange mindre og langt meir koselege butikkane er nesten borte. AMFI er den store gjedda som ligg i sivet og sluker alle dei små fiskane som sym forbi. Ikkje fordi gjedda er stor og stygg, men fordi det berre er slik.

Og dei som driv denne butikk-giganten finn stendig på nye tiltak for å drage endå meir folk til butikkaoset. Små konsertar med populære artistar, lokale heltar og litt meir tilreisande, som vert stabla opp på det ein neppe kan kalle ei scene og lokkar fram spreidd applaus til eit skiftande stort publikum, medan andre dreg korta varme i terminalane rundt om. Så her kan vi kanskje verkeleg snakke om å blande børs og katedral.

Uråd å snu tida

Men det vil ikkje vere rett å berre drage fram det negative. Kjøpesenteret hyser mykje bra, og folk kjem hit. Her kan dei handle og kike og vere tørre og varme om vestavinden rasar aldri så mykje utandørs med vassrett regn og bitande sno. Her er børsen i full aktivitet kvar enda dag. Same trufaste klientellet drikk sin kaffi og drøser med grannen, sjølv om han på heimebane er næraste på to bein.

Her er børsen i full aktivitet kvar enda dag.

Men «gamle Ørsta» er ikkje den same lenger. Tomme butikkvindauge, nedlagde butikkar, stappfulle parkeringsplassar, oppjaga kundar med overlesste handlevogner. Var det slik vi ville ha det? Å snu tida, på mange måtar, er nesten uråd. Men i «gatene» innandørs hender det, heldigvis, at nokre stansar opp og slår av ein prat med kjenningar. Ikkje alt er heilsvart.

Så nær som sjølve bygningen. På flottaste tomt i Ørsta står kanskje det styggaste bygget. Til og med næraste grannehuset er mykje penare. Det hyser kloakkreinseanlegget i Ørsta.

FØLG DEBATTEN: Facebook OG Twitter