NRK Meny
Kronikk

Kjem det snart eit nytt kunstnaropprør?

Kunstnarar er gløymde i den raudgrøne regjeringa sin kulturpolitikk, og spelar andrefiolin i kulturlivet.

Kulturminister Anniken Huitfeldt på scenen under åpningsforestillingen av Kilden

Ja, vi treng våre nye kulturbygg, dyktige kulturadministratorar og solide kulturinstitusjonar. Men skal Noreg utvikla seg som kulturnasjon må vi satsa på kunstnarane, skriv Ragnar Bjerkreim. Bilete viser førre kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) under opninga av kulturhuset Kilden i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar saman med andre kunstnargrupper, er ikkje prioriterte i kulturpolitikken. Dette inntrykket kan ein få ved å lesa Kulturutredningen 2014. Som styreleiar i NOPA (Norsk Forening for komponistar og tekstforfattarar), vil eg hevda at det er få eller ingen rikspolitikarar som brenn for våre kår.

Dei tre siste kulturministrane har ikkje prioritert vår gruppe. Det er ingen parti som set kunstnarane eller kulturlivet høgt opp korkje når det er val eller når det ikkje er val. Kunstnarpolitikk skaffar ikkje stemmer og er heller ikkje «hot» i media. Alle parti frir til dei store veljargruppene som til dømes lærarar og helsearbeidarar. Skal Noreg utvikla seg som kulturnasjon må vi satsa på kunstnarane.

Det er ingen parti som set kunstnarane eller kulturlivet høgt opp korkje når det er val eller når det ikkje er val.

Ragnar Bjerkreim, styreleiar Norsk forening for komponister og tekstforfattere

Kåra må bli betre

Regjeringa skal ha ros for kulturløftet. Ja, vi treng våre nye kulturbygg, dyktige kulturadministratorar og solide kulturinstitusjonar. Vi helsar også endringane i åndsverklova velkomne, sjølv om det tok si tid. I 2009 var piratkopiering og piratdeling ei sak i valkampen. «Dele – ikkje stele»-aksjonen samla over 2300 underskrifter frå alle delar av kulturlivet. 37 organisasjonar stod bak ei oppmoding til partia før stortingsvalet i 2009 om å klargjera sine standpunkt om tiltak mot ulovleg fildeling. Resultatet vart endring i åndsverklova frå 1. juli i år.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Landet vårt må også løfte forholda for oss som skapar litteraturen, bileta, foto, musikken, songteksten, teaterstykket og filmen.

Kulturbygga treng frilansarar, og frilansarane treng kulturinstitusjonane. Skal seta i konsert og kulturhus, kyrkjer, kino og opera bli fylte trengst høg kvalitet i alle delar av kulturlivet. Derfor må kåra for dei profesjonelle kunstnarane bli betre. Det finst kunst med høg kvalitet som ikkje ber seg økonomisk, og det fint kunst som ber seg utan ekstern støtte. Vi treng begge delar.

Debatten om diktargasje i Stortinget på 1880-talet der Ibsen og Bjørnson deltok speglar av dette. Korleis vi løner kunstnarane har vore ein debatt i over 150 år. Mantra i debatten har vore at berre dei kunstnarane som klarer seg utanom offentleg støtte er gode nok. God kunst vert til av lidande fattige kunstnarar er også ein fordom.

Korleis skal unge kunstnarar klara å etablera seg slik at dei kan skapa gode verk og samstundes få inntekter?

Ragnar Bjerkreim, styreleiar norsk forening for komponister og tekstforfattere

Blir kunstnarar trass usikker inntekt

Kulturutredningen 2014 er blodfattig på dette punktet. Utgreiinga tek enda ein gong til orde for ei utgreiing om korleis kunstnarane bedra sine sosiale rettar.

Vert det utdanna for mange kunstnarar? Musikarar, filmarbeidarar og skodespelarar får si utdanning både ved offentlege og private høgskular. I tillegg kjem dei som har teke kunstutdanninga si i utlandet. Korleis skal unge kunstnarar klara å etablera seg slik at dei kan skapa gode verk og samstundes få inntekter? Undersøkingar viser at mange blir kunstnarar trass i usikker inntekt. Motivasjonen er ofte sterkare enn realitetane. Nokre bur heime, andre har ektefelle eller sambuar med god inntekt. Er det ein slik kulturpolitikk vi vil ha?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Eg er usamd med utsegna i Kulturutredningen 2014 om at færre kunstnarar skal få meir i stipend. Skal aktiviteten og kvaliteten i kulturlivet sikrast bør fleire ta imot større stipend frå det offentlege. Stipendordninga må innrettast slik at dei kan nå kunstnarar i alle fasar av karrieren si, til dømes etablering og etterutdanning.

Opphavsretten er eit fundament for økonomisk verdiskaping i kulturnæringa. Åndsverklova er med på å sikra kunstnarane og kulturprodusentane sine inntekter, og er såleis vår viktigaste kulturlov. Ei sterk åndsverklov slik vi har i Noreg, legg grunnlag for at nye verk kan skapast og publiserast. Tono, Gramo, Kopinor, Bono og Norwaco legg til rette for brei tilgang til kultur for publikum samstundes som kunstnarane og produsentane sine interesser vert tekne vare på.

Mantra i debatten har vore at bare dei kunstnarane som klarer seg utanom offentleg støtte er gode nok. God kunst vert til av lidande fattige kunstnarar er også ein fordom.

Ragnar Bjerkreim, styreleder Norsk forening for komponister og tekstforfattere

Berekraftige rammevilkår

Frilanskunstnarane må få betre sosiale ordningar. Fødselspermisjon, sjukeløn, skatt, trygd og pensjon må leggjast til rette slik at rettane til kunstnarane kan nærma seg nivået til lønsmottakarane. Skal vi ha eit blømande kulturliv, må frilanskunstnarane få berekraftige rammevilkår. Betre sosiale ordningar er grunnleggjande også med tanke på mangfald og kjønnsbalanse i kulturlivet.

Det har vore fokus på dei aukande pensjonskostnadane i dei store kulturinstitusjonane. Det er grunn til uro over korleis det skal gå med pensjonsutbetalingane til kulturarbeidarar som arbeidar frilans. Oppteningstida til pensjon for lønnsmottakarar har vorte forlenga. Som låglønsgruppe blir vi hengande etter også på dette området. Fleire departement må involverast i desse reformene, som Arbeidsdepartementet og Finansdepartementet.

Eg representerer ei kunstnargruppe som skriv låtar, spelar inn musikk og reiser på turné. Det er vi som lager teksten og musikken. Born, ungdom, vaksne og eldre, syng og lyttar til musikk i sorg, kvardag, glede og fest. Teksten, musikken og kunsten bind oss saman.